Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Des 2025

 

Eit arrangement som ikkje fekk lang levetid, men som kanskje kan takast opp att.

 

Det gjekk sju år frå det fyrste Konradløpet (2002) til det fyrste Konrad Extrem (2009) vart arrangert. I løp som starta i botnen av Hjorthol skogsveg med målgong på Koppen. Ikkje unaturleg sidan Koppen også var av Konrad Brunstad sine turmål på årstider utan snø.

 

Det andre Konrad Extem vart flytta til Brunstad. Frå grinda som startar turen opp til Brunstadsætra, med målgong ved hytta på Brunstadkølen. Grunnen til flyttinga var at arrangøren meinte det var knapt om plassen ved startstaden på Hjorthol i tilfelle løpet skulle veks. Begge løpa var relativt korte, men det ein kan kalle kvasse. Vinnaren Arve Rindal frå Eid IL brukte eksempelvis 17.minutt og 15 sekund frå Hjorthol til Koppen!

 

Det vart berre med desse to løpa. Men Velledalen IL har Konrad-Extrem medaljar liggande, og kan såleis når som helst arrangere eit nytt slikt løp. Ballen er med dette spela over til friidrettsgruppa – eller andre som brenn for saka!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.