Velledalen IL har høgaktuelle julegåver
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Des 2025
Nye varer både for herre og damer har kome inn – den perfekte julegåve til aktive personar.
Velledalen IL har no det meste av treningsklede på lager, etter eit nytt påfyll tysdag 9.desember. Alle kleda er av merke Trimtex. For kvinner kom det inn nye løpstrøyer/t-skjorter og ¾ tights. For herrar kom det inn eit nytt parti klubbjakker og løpstrøyer med både kort- og lange armar. Elles har vi dunjakker i dei fleste storleikar, klubb-huer, diverse shortsar og treningsbukser med lange bein.
Dei neste dagane vil Ann-Helen leggje ut nokre tilbodsvarer av gode treningskle vi har hatt i systemet ei stund, og som med fordel kan skifte eigar – til reduserte prisar.
Men våre beste tilbod til personar med klubbkjensle:
Svart dunjakke – den perfekte gåva på kalde dagar – og kulden kjem
Treningsjakke – stilfull jakke både til trening og fritid.
Kontakt: Ann-Helen Hole 418 59 830

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Christina prøvde backyard-konseptet på Hell
25.04.2026
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026