To VIL-jubilantar i starten av året
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Jan 2026
Roger Malvin passerte 60 år 3.januar, Johan S fyller 85 år i dag, 6.januar
Her kjem nokre ord om dei to jubilantane, og vi startar med den yngste:
ROGER MALVIN HOLE, 60 ÅR 3.JANUAR 2026:
Roger Malvin gjekk den harde skulen i eit miljø med mykje fysisk aktivitet mellom eldre gutar oppe i Holegarden. Notisbok var tidleg på plass i baklomma, der tider og rekordar på ulike løp han «måtte» underkaste seg stod notert. Kring 10 års alderen kom han inn i eit skimiljø i Velledalen IL, eit miljø han den dag i dag slit med å kome seg ut av. På denne tida representerte desse karane gutemiljøet i VIL-langrenn:
1965: Eivind Drabløs og Steinar Fet
1966: Svein Arne Nakken , Odd Jostein Drotninghaug og Roger Malvin Hole
1967: Sverre Gunnar Brunstad
1968: Anders Straumsheim
Fleire var med, men dei nemnde var grunnstammen, som mellom anna utgjorde to stafettlag til KM i 1981.
HELD KOKEN
Då det fyrste Konradløpet vart arrangert, var sjølvsagt Roger Malvin Hole på plass. Og han markerte seg med pall-plass – 3.plass på tida 18.31. Vinnar vart ein av læremeisterane hans frå barneåra oppe i Holegarden, Nils Terje Skylstad. Dei to neste åra greidde Roger med nød og neppe topp-10 plasseringar. I 2011 (som 45-åring) var han derimot i form, og hogg til med eit solid løp på 17.18, som er hans personlege rekord den dag i dag. Alt i alt har Roger delteke i 10 Konradløp. Det siste i 2025 som 59-åring gav tida 18.31. Og det er beint fram IMPONERANDE at han i 2025 som 59-åring berre sprang tre sekund seinare enn han gjorde i 2002 som 36-åring.
Roger er også ein av dei som har notert seg for fiaskoar i samband med Konradløpet. Eitt år han kjende forma var prima tok han fly heim for å delta, men då 1.mai-morgonen kom, presterte han å forsove seg. Slikt kan skje dei beste. Elles må vi nemne at Roger sin familierekord frå 2011, har han mist til sonen Oskar, som i 2016 pynta på den med sluttida 16.41. At han i 2025 vart slegen av dottera Oda Alette (17.51) skal han ikkje sjå mørkt på, men snarare vere stolt av.
OPP I KLASSE
Roger Malvin er påmeld fleire tøffe styrkeprøver det komande året. Vi nemner Birkebeinerløpet (21 km) på Lillehammer og BMW Oslo Maraton der han skal springe halvmaraton. Ikkje lenger i klasse M 55-59, der vi vanlegvis plar leite etter namnet hans, nei, no er det klasse M 60-64. Der deltek han med fødselsdag 3.januar som eldst av dei yngste i klassa, noko som kan borge for gode resultat.
Idrettsvener i Velledalen IL ynskjer Roger ein god debut-sesong i M 60-64 !

JOHAN S.GREBSTAD 85 ÅR 6.JANUAR 2026:
Johan S. Grebstad går i Velledalen og omland under kallenamnet Bolla. Han vert altså 85 år i dag, og han er faktisk jamgamal med far til den andre omtala jubilanten, Elling Ivar Hole (begge 1941-årgang). Dei som hugsa litt tilbake i tid vil minnest Bolla som ei solid forsvarsklippe på VRF. Han kunne spele både midtstoppar og sideback, og kunne heilt sikkert meistra godt ei defensiv midtbanerolle. Varemerke til Bolla på fotballbana var stup-headingar. Han gjorde minst EI slik i kvar kamp.
MEIR ENN VRF
Diverre var det mangelfull føring i Velledalen IL sine møtebøker på slutten av 1950-talet. Men frå 1958 står det: I bygdarennet som vart halde på Ikornnes deltok det nokre løparar frå dalen:
Jon C, Brunstad vart nummer 1 i klasse D
Johan S. Grebstad vann gutteklassa
Kaspar Fet nummer 1 i hopp klasse A
Edvard Hole nummer 1 i klasse B hopp
Lars Kornberg nummer 2 i klasse B hopp
Lars Kornberg nummer to i kombinert
Kåre Fet nummer to i hopp for gutar
Frå årsmøtet 26.oktober 1958, ført i penn av Alf P. Brunstad står det:
Finansieringsnemnd: Edvard Hole, Karl B. Lade og Johan S. Grebstad – desse må prøve å få til tilstellingar så ein kan skaffe litt pengar i kassa.
Medlemstalet for Velledalen IL 1963/1964 var tolv, mellom desse Bolla og hausten 1963 (som 22-åring) vart han valt inn i Velledalen IL sitt hovudstyre for fyrste gong, saman med Olav P. Hole, Jon C. Brunstad, Arvid Henriksen og John Holmberg. Johan S. Grebstad vart kasserar i dette styret står det å lese i møteboka.
SÅ GJEKK DET SLAG I SLAG MED VIL OG VRF
Han fekk med seg storrennet i Brunstadbakken i 1965. Det er idrettsarrangementet i Velledalen som har samla størst publikum (1500 tilskodarar)
Arbeidet med grasbana på Dalemyra gjekk sakte framover, her var Bolla mannen med flest dugnadstimar.
Endeleg vart det opning sommaren 1971, med Johan S. som nestleiar i hovudstyret til Velledalen IL (Karl B. Lade leiar). Finalen vart eit sportsleg høgdepunkt med 1-0 siger over Hødd
Og han sat i banekomitéen då kampen som har samla flest tilskodarar på Dalemyra vart spela i 1973, VRF – Sykkylven 0-0 på nivå tre i norsk fotball (1000 tilskodarar). Einaste sesongen både VRF og Sykkylven spela samstundes på nivå tre i norsk fotball
Nettopp Dalemyra grasbane gjorde at Johan S og svogeren Per Hole Drabløs hadde tidtrøyte, truleg meir enn dei sette pris på, i fleire tiår.
Og Johan S sat i UK (uttakskomité) då VRF gjorde sitt siste opprykk til nivå 3 i 1978, med 1-0 borte mot Langevåg i avgjerande kamp.
HUMORISTISK KAR
Johan S. Grebstad er sjølvsagt æresmedlem i Velledalen IL og VRF. Og han greier seg bra også på det humoristiske planet. Den tida VRF var på sitt dårlegaste, hadde laget eit par unge spelarar med vegring for grusbaner. Dei greidde slett ikkje prestere på slike baner. Ein finevêr-sundag, etter det hadde regna ei heil veke var Bolla på plass i Valldal. Tru det eller ei, men dette var i andre halvdel av 1980-talet og VRF og Valldal spela i same divisjon, den nest lågaste som fanst på Sunnmøre. Grusbana i Valldal låg nymerka, her skulle det tydelegvis bli gruskamp. Bolla hadde ei synfaring på grasbana til Valldal, og tykte den var spelbar. Han fann tak i den lokale banemeisteren og fekk fortalt han fylgjande:
- Ha e haft nøke me dinnja banå å gjort, ha e pilarade vurdert om e sku tikje å vatna ho.
Eller som då eg parkerte bilen på grusbana på Dalemyra etter å ha vore på sjukehuset og sett eldste dotter mi bli fødd i 1990. Den fyrste eg møtte var Bolla. Med desse orda:
- Du må ver klar over en teng Atle, de e f… me ikkje damelag øss ska ha!
Johan S. Grebstad 85 år i dag – ein skikkeleg godgut!
Velledalen IL gratulerer!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
11.januar går 3.løp i Ålesund Vinterkarusell
08.01.2026
VIL-STATISTIKK 10 KM 2025
08.01.2026
VIL-STATISTIKK: HALVMARATON 2025
07.01.2026
VIL-statsikk 2025: MARATON (42 195 meter)
07.01.2026