Ålesund vinterkarusell: Rapportert om strøkne forhold

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Feb 2026

 

Ved start 8.februar klokka 13.00 er det meldt opphaldsvêr med gløtt av sol, to plussgrader, og vind av styrke 1 m/s frå nordaust.

 

Med andre ord; strøkne forhold under fjerde løpet av Ålesund vinterkarusell denne sesongen. Frode Mauren har nyleg vore i løps-traséen – også han melder at:

  • Her vert forholda gode, og ein slepp tenkje på piggar under skoa.

 

Løpet har start i Fremmerholen sundag 8.februar klokka 13.00. Som vanleg med valfri distanse 5 eller 10 km. Fredag 6.februar klokka 11.00 hadde 26 utøvarar meldt seg på. Som vanleg er mange seint ute, slik at deltakinga vil stige vesentleg fram mot løpsstart. Einaste usikre er om kollisjon med morsdag vil spele inn, men neppe i stor grad sidan  starten er så vidt tidleg som 13.00.

 

Einaste påmelde frå Velledalen IL fredag klokka 11.00 var Sverre Kjerpeseth. Han spring 5 km. Men det vil kome fleire. For å bli premiert i karusellen må ein ha tre  - eller fleire – av i alt fem arrangerte løp. Hittil har sju VIL-utøvarar premien i boks. Det er:

Fridtjof Fredriksen

Eldar Sindre Valkvæ

Svein Arne Nakken

Bjørn Arve Brune

Frode Mauren

Alf Petter Bøe

Frank Andersen

 

Desse har to løp og kan sikre seg premien komande sundag:

Jone Schmidt Breivik

Malin Berge

Ludvig With

Pernille Linga

Stig Marius Vestnes

Jan Ketil Vinnes

 

Desse har eitt løp, og må delta i begge dei to siste løpa for å bli premierte:

Anita Holmberg

Andreas Nakken

Trond Bonesmo

Marita Bjørkelid Andreassen

Sverre Kjerpeseth

 

Maksimalt kan Velledalen IL få 18 utøvarar premierte under Ålesund Vinterkarusell 2025/2026.

Friidrettsleiar Alf Petter Bøe har tidlegare uttala at målet er over 50 startar og minst 10 premierte utøvarar.

Med to løp att ser begge måla ut til å gå i boks med grei margin.

 

PS. Vidare seier rykte at Anders Westrheim vil sesong-debutere denne helga. Det skjer ikkje i Ålesund, men i meir senytrale strok av kongeriket. Ein kar som etter Strava – uttale frå Njål Torillson Tyssing allereie skal vere glitrandegod form


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.