Årsmøte i Velledalen IL 22.mars klokka 19.00

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Feb 2026

 

Staden er som vanleg Velledalen grendahus

 

Det nærmar seg årsmøte-tid. I går vart det bestemt at årsmøtet i Velledalen IL i 2026 vert arrangert i Velledalen grendahus 22.mars klokka 19.00 (møterommet). Altså på ein sundags-kveld, ei veke før palmesundag.

 

Vi minner gruppeleiarane om at det skal skrivast årsmeldingar i dei ulike gruppene. Desse skal leverast leiar Ove Skylstad seinast 12.mars, med mindre gruppeleiarane sjølve kopierer opp naudsynt tal (kring 20). På alle årsmøte er det ein post som heiter VAL, og i Velledalen IL sin valkomité finn ein fylgjande trio:

Svein Arne Nakken, leiar

Simon Skylstad Hole, medlem

Cecilie Naustenget, medlem


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.