Konkurranse-glad 60 åring!
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Feb 2026
Gjekk 40 km langt skirenn på Sjusjøen laurdag og sprang vinterkarusell i Ålesund sundag
Svein Arne Nakken passerte 60 år den 28.januar. Dei fleste byrjar spakne i slik alder. Men ikkje Svein. Sist fredag sette han kursen mot Lillehammer og 40 km langt skirenn på Sjusjøen dagen etter, saman med Stian Mork og Geir Verpeide. Svein leverte som vanleg godt, og vart nummer ti av 42 fullførande i klasse M 60-64. At Svein tok denne turen var ikkje spesielt overraskande. MEN; at han skulle vere på plass i Fremmerholen sundag føremiddag med startnummer på brystet viser at karen er ivrig. Rett nok var distansen ikkje lenger enn 5 km, men likevel. Fordi Svein hadde alt delteke i tre karusell-løp i sesongen 2025/2026, så premien for deltaking var alt i boks.
Full pott.
Det høyrer med til soga at Svein sprang inn til 3.plass på 5 km i klasse M 60-64, på tida 23.40. Eitt minutt og 33 sekund raskare enn under karusell-løpet i januar, som rett nok gjekk under dårlegare forhold. Og såleis står Svein Arne med full pott hittil i vinterkarusellen; fire løp av fire moglege. Fem VIL-utøvarar har det – her er namna:
Svein Arne Nakken M 60-64
Fridtjof Fredriksen M 60-64
Bjørn Arve Brune M 60 -64
Frode Mauren M 50-54
Frank Andersen M 35-39
Set veteranidrett på dagsorden.
Velledalen IL fyller 120 år i år. Vi kjenner på er verda ikkje er like trygg som den har vore – ein veit aldri kvar dronene og misila slår til. Men 60-åringane i laget vårt har også endra seg. For 50 år sidan var 60-åringane avskrivne med startnummer på brystet. Så reiste Konrad Brunstad til Amerika saman med Brua-Arne på 1980-talet. Han kom heim og viste i praksis at høg alder slett ikkje var noko hindring for fysisk trening – debuterte på 1990-talet i halvmaraton som 82-åring, og sprang sin siste i Ålesund som 88-åring. Olaf Øien bar tradisjonen vidare i åra etter, og i dag har Velledalen IL ein brei tropp som konkurrerer i godt moden alder.
Her er namna på Velledalen IL sine utøvarar i klasse 60 + (som var aktive i 2025/vil vere aktive i 2026):
Ivar Arne Flo
Olav Brunstad
Nils Terje Skylstad
Eldar Sindre Valkvæ
Ingrid Svensen
Anita Holmberg
Bjørn Arve Brune
Jan Helge Myhre
Roger Vanebo
Elisabeth Hetlevik
Fridtjof Fredriksen
Anita Mosby Nakken
Roger Malvin Hole
Svein Arne Nakken
NB! Denne lista er vi faktisk litt stolte av, og dette gjeld løparar som har konkurrert for Velledalen IL utanom eiga heimbygd (Vi hadde trass alt elleve utøvarar over 80 år berre i Konradløpet).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Furusjøen Rundt og Holmenkollmarsjen
13.02.2026
Siste løpet i vinterkarusellen på Hareid
12.02.2026