O-landsleiren 2026: Sesongens høgdepunkt 31/7 – 5/8

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Feb 2026

 

Sesongens høgdepunkt for orienterings-ungdom vert 31.juli til 5.august.

 

O-landsleiren for ungdom vert arrangert av Nydalens SK i perioden 31.juli -5.august. I denne perioden vert det også arrangert to såkalla «Hovedløp» pluss ein kretsstafett. Dette er å rekne som NM for ungdom, på same måte som Hovudlandsrennet på ski er det for dei to siste årsklassene før junioralder.

 

Programmet for dei store løpa er slik:

Laurdag 1.august: Hovudløpet lang

Sundag 2.august: Hovudløpet sprint

Onsdag 5. august: Kretsstafett.

 

Det er altså på O-landsleiren sin siste dag (5.august) at o-leiar i Velledalen IL, Pernille Ibsen Lervåg, har ein draum:

At Velledalen IL skal greie stille eit eige lag med to gutar og to jenter under kretsstafetten (NM-stafett for ungdom).

I så fall ei historisk hending, ei hending det passar utmerka godt å drage fram i eit år der Velledalen IL fyller 120 år.

 

Og vi nemner det til slutt:

Det var deltaking i denne leiren og desse løpa, som gav Mikkel Ibsen Lervåg ny giv som o-løpar i 2025!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.