Siste løpet i vinterkarusellen på Hareid
Postet av Atle Jomar Hole den 12. Feb 2026

Avvikla 7.februar med 57 deltakarar – mellom dei Eldar Sindre Valkvæ
Vinterkarusellen på Hareid inneheld fire løp rundt Grimstadvatnet. Distansen er 7,7 km og ein må ha minst tre løp for å bli premiert. Løp fire i karusellen vart avvikla 7.februar med 57 deltakarar, 36 vaksne og 21 born. Einaste deltakar frå Velledalen IL var Eldar Sindre Valkvæ i klasse M 65-69. Det gjekk slik:
M 65-69, Grimstadvatnet Rundt laurdag 7.februar:
- Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 33.36
- Odd Elvanes, Hareid IL, 35.02
- Arnt Jarle Johansen, Dimna IL, 40.35
Beste herretid: Jan Endre Rise, Hareid IL, 27.43.
Beste kvinnetid: Silje Kulen, Ulsteinvik, 32.21.
Flott levert av Eldar Sindre! Om vi ikkje bommar heilt, er han åleine mellom VIL-utøvarane om å bli premiert i to vinterkarusellar denne sesongen, på Hareid og i Ålesund!
PS: Siste løpet i vinterkarusellen i Ålesund vert arrangert 8.mars, då med premieutdeling til alle med tre løp eller meir (av totalt fem).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Furusjøen Rundt og Holmenkollmarsjen
13.02.2026
Konkurranse-glad 60 åring!
11.02.2026