Furusjøen Rundt og Holmenkollmarsjen

Postet av Atle Jomar Hole den 13. Feb 2026

 Arkivfoto: Fridtjof nr.322

Velledalen IL ynskjer trioen Constantin, Fridtjof og Tom hell og lukke under renna i helga.

 

To store skirenn med VIL-deltaking vert arrangert laurdag 14.februar. Det gjeld Furusjøen Rundt i Gudbrandsdalen og Holmenkollmarsjen. Litt om dei ulike renna:

 

HOLMENKOLLMARSJEN:

Her finst det tre alternativ til distanse. Vår mann, Constantin Rust, er påmeld i hovudrennet på 52 kilometer. Men der finst kortare alternativ på 29 km (Halvmarsjen) og 17 km (Ungdomsmarsjen). 12 februar klokka 19.00 hadde rennet kring 1700 påmelde, så dette er ei stormønstring. Constantin er påmeld i klasse M 25-29.

 

FURUSJØEN RUNDT:

Eit populært renn som hadde 520 påmelde torsdag 12.februar klokka 19.00. Mellom desse Fridtjof Fredriksen i klasse M 60-64, og Tom Skar i klasse M 50-54. Begge påmelde i lengste alternativet på 45 km. Dei kortare alternativa under Furusjøen Rundt er på 20 km og 12 km. Vi nemner at M 60-64 hadde 22 påmelde torsdag kveld, M 50-54 hadde 36.

 

NB! Om fleire skal i aksjon enn dei vi er klar over, håper vi at resultat/evt foto vert sendt inn.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.