PåskeKonrad i ruskevêr samla 72 påmelde
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Apr 2026
Constantin Moses Rust var 18 sekund bak Ebrahim Abdulaziz sin løyperekord.
Løyperekorden i Konradløpet er sett av Ebrahim Abdulaziz frå Eritrea. Det var Karl Egil Brunstad som to gonger hadde med seg karen som i dag representerer Strindheim IL. Fyrste gongen sat han i asylmottak på Nordmøre. Ebrahim vann begge gongane han deltok, med 13.30 som bestetid. At det er fort er ikkje vanskeleg å førestille seg.
I dag hadde 72 utøvarar meldt seg på. Til løp i regn og litt vind, men ganske godt med plussgrader. Vi tek ikkje med alle resultata, men dei er å finne på EQ-timing. Men vi regusterte sterke tider frå ganske så små born heilt ned i 10-12 års alder, og det er knallbra når seks personar i 60-åra spring under 21.08. Her er nokre tider å strekkje seg mot:
Topp-10 kvinner, PåskeKonrad, 1.april 2026:
- Ellen Marie Hole, 18.31, (23-34)
- Sandra Kammen, 18.49, (35-39)
- Julianne L. Blindheim, 19.53, (35-39)
- Pernille Ibsen Lervåg, 19.55, (45-49)
- Helene Rust, 20.02, (20-22)
- Elisabeth Hetlevik, 21.52 (60-64)
- Christina Linnea Holmberg, 22.01 (23-34)
- Grete Morseth, 22.21, (23-34)
- Janne Tomtum, 22.22, (45-49)
- Lene Ødegård, 23.09 (45-49)

Topp-10 menn, PåskeKonrad, 1.april 2026:
- Constantin Moses Rust, 13.48, (23-34)
- Andreas M Nakken, 16.06, (23-34)
- Vegard R. Tandstad 16.22, (35-39)
- Even Sjamel-Rasmussen, 16.41 (23-34)
- Kristoffer Nitter Joranger, 16.58 (23-34)
- Kjetil B. Settemsdal, 17.03 (45-49)
- Frode Mauren, 17.03 (50-54)
- Sivert Nakken, 17.08 (23-34)
- Jon-Michael Vanebo, 17.16 (35-39)
- Stian Hole 17.27 (50-54)

Takk til alle for flott innsats! Sundag 26.april er det klart for MiniKonrad på Dalemyra – med dei aller yngste i hovudrollene.
Og som vanleg vert Konradløpet sitt hovudløp arrangert 1.mai.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
70-åring: Tusen, hjarteleg takk!
06.04.2026
Vårdilten i Ålesund onsdag 8.april
05.04.2026
3235 grasrotkroner i mars
01.04.2026
Endeleg ei gledesmelding frå Velledalen
01.04.2026