Konradløpet: Olaf Einar sin 60 års-rekord under press
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Apr 2026

Kan Bjørn Arve Brune nå Olaf Øien sine 60 års tider 1.mai 2026….?
Kva skulle vi gjort utan Lars Inge Sæther sin Konradløp-statistikk…?
OLAF EINAR ØIEN: Den viser at Olaf Einar Øien sprang Konradløpet på 17.09 som 60-åring, og 17.06 som 61-åring. Knallsterkt! Og enno betre vert det når vi slår fast at han gjorde desse tidene utan eit snev av karbon i skoa. Nils Terje Skylstad gjorde 17.10 som 58-åring i 2015, men makta ikkje heilt å matche Olaf som 60-åring. Også Nils var karbonfri.
BJØRN ARVE BRUNE: Han gjorde17.29 i Konradløpet som 59-åring i 2023. Og 1.april 2026 gjorde han 17.40 under PåskeKonrad som 62-åring. På ein maks dag under gode forhold kan Bjørn Arve kome nær Olaf Øien sine tider. Gjer Bjørn Arve kring 17.20 under årets Konradløp som 62-åring, kan vi seie det er på kring same nivå som Olaf. Unnateke på eitt viktig punkt; med karbonsko er Bjørn Arve betre utstyrt enn det Olaf var.
JAN KETIL VINNES: Ein mann vi er spente på, då han har gjort tida 15.10 som 57-åring. Kanskje den beste tida som nokon gong er levert i eit Konradløp, tek ein omsyn til alder. Dei som sit på omrekningstabellar får kome med ein uttale. Held Jan Ketil koken nokre år til, kan heilt klart 60 års tidene til Olaf stå for fall. Men han bør gå klart under, då også Jan Ketil er karbon-mann.
JARLE KONRAD FAUSA: Debuterte i løpet då han var i slutten av 60-åra. Kan slå i bordet med 22.44 som 76-åring og 26.53 som 83-åring. Tider som vekkjer oppsikt i løpsmiljøet. Jarle har sprunge alle løpa sine heilt og fullt i Konrad si ånd, med langt frå det beste innan sko- og «bekledning». Og sjølvsagt ikkje karbonsko. Jarle Konrad er påmeld til sitt 17. Konradløp 1.mai 2026 – i ein alder av 86. Det var Jarle som i si tid sa: - God fysisk form lettar alderdomen – ord ALLE bør merke seg.
KARI-ANNE TRYGGESTAD RYSTE: Kvinnfolka har ikkje i same grad som eldre menn slutta opp om Konradløpa med tanke på fart. Og eigentleg er det berre fint. Men 18.15 av ein 57-åring er sterk kost. Kanskje den største kvinneprestasjonen nokon gong (rekorden er på 16.44)…. Denne tida vart gjort i 2024 av Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
70-åring: Tusen, hjarteleg takk!
06.04.2026
Vårdilten i Ålesund onsdag 8.april
05.04.2026
3235 grasrotkroner i mars
01.04.2026
PåskeKonrad i ruskevêr samla 72 påmelde
01.04.2026
Endeleg ei gledesmelding frå Velledalen
01.04.2026