Hilmar nummer to i Høyanger
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Apr 2026

Dette var Hilmar sin tredje start i såkalla Backyard-ultra, og det vart hans tredje 2.plass.
Løpet i Høyanger hadde fyrste start klokka 08.00 i dag, i ei løype på ca 6,4 km. Alle som kom i mål før timen fekk gjere ein ny start klokka 09.00. Slik gjekk løpet med ny start kvar heile time for alle som hadde gjennomført runden før. Halvegs låg Velledalen IL sin einaste deltakar, Hilmar Kråkenes, på 3.plass tre minutt og 20 sekund bak leiar-mannen Syver Rusten Dalen frå Lillehammer IF. Vidare var Hilmar 1.08 bak andremann, Knut Osland Øygard.
Siste runde hadde start klokka 17.00. Før siste runde låg Hilmar som nummer to. Lillehammer IF sin leiar-mann måtte gi seg og dermed var det Knut Øygard frå IL Høyang, som såg ut til å gå mot ein populær heimesiger. Han heldt unna for Hilmar på sisterunden, og legg merke til kor stor strekk det vart mellom herreløparane på slutten.
RESULTAT HERRAR, HØYANGER BACKYARD-ULTRA:
- Knut Osland Øygard, IL Høyang, 4.33.08
- Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 4.27.13
- Idar Knutsen, Høyanger, 5.04.48
- Robert Norevik, Norevik, 5.24.33
- Christian Isaksen, Oppegård, 6.17.50
RESULTAT KVINNER; HØYANGER BACKYARD-ULTRA:
- Ida Løseth, Høyanger, 5.20.26
- Heidi Brekke, Hylkje, 5.22.55
- Helen Martinsen, Fyllingsdalen, 5.26.05
Som vi ser langt jamnare i kvinneklassa. Kvinnevinnaren låg som nummer tre halv-vegs, men avgjorde på slutten til sin fordel
Total distanse under Backyard-løpet i Høyanger var kring 64 km. I fjor haust skaffa Hilmar seg erfaring gjennom slike løp på Åndalsnes og i Volda, begge i overkant av 80 km. Det spesielle er at Hilmar vart nummer to i begge løpa hausten 2025, og heldt fram med ny 2.plass i Høyanger våren 2026. Men at dette er ei løps-type som passar Hilmar godt, herskar det liten tvil om.
Ein framifrå flott prestasjon, Hilmar!
På Strava skriv Hilmar: Høyanger Bakgårdsultra, 10 av 10 rundar.
- 2.plass samanlagt og 2.plass på siste runde. God dag på jobben. 3000 kroner i premiepengar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026