Gledeleg mange på løpstrening
Postet av Atle Jomar Hole den 18. Apr 2026
Forholda var perfekte, frammøtet tosifra. Og faktisk nesten like mange kvinner som menn.
Aller mest gledeleg at laurdag 18.april 2026 møtte fleire enn normalt. Og ekstra kjekt at mange av dei nye var kvinner. Treningsøkta var ganske fleksibel, alt etter den einskilde utøvar sitt nivå. Hovuddelen for dei best trena var 10x3 minutt. Men der fanst også andre variantar både vedkomande talet på «drag» og lengde på «draga». Alt tyda på at alle hadde utbyte av den innsatsen som vart lagt ned.
Svært kjekt var det også å sjå Per Inge Bjørnestad tilbake i godt driv. Skal ein vurdere etter kvaliteten han viste på treninga i dag, kan det sjå ut som kortison-sprøyta var verdt prisen. Elles melde Frank Andersen om at «legg-kjenningen» hans truleg var på retur.
Ny trening på Ikornnes Idrettspark laurdag 25.april.
Same dag går Valderløpet for dei som vil prøve seg der.
Så er det MiniKonrad i Velledalen sundag 26.april.
Før Konradløpet slepper startskotet sitt 1.mai klokka 05.15.

OG HUGS: Koldabakken Grand Prix på Hole sundag 19.april klokka 16.00!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sentrumsløpet: Anders Westrheim på 17.plass
25.04.2026
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026