Espen tilbake i Sykkylven – løftar løpsmiljøet

Postet av Atle Jomar Hole den 24. Apr 2026

 

Espen Utgård Sæther er tilbake i Sykkylven etter fleire år i Bergen.

 

For dei som ikkje veit det:

Espen Utgård Sæther var ein dyktig syklist, men han hoppa av trøene og gav seg i kast med landevegen til fots. Han vart raskt ein dyktig løpar, på alle distansar 5000 meter og lenger. Aller best er han på distansane halvmaraton og maraton. På begge desse distansane er Espen klubbrekord-haldar i Velledalen IL. Her er dei harde fakta:

2024: Heilmaraton på 2.27.03 i Berlin

2025: Halvmaraton på 1.09.16 i Malaga, Spania, 23.mars.

 

11.mai 2025 var han nære på å slette sin eigen klubbrekord på heilmaraton i København. Lenge såg det ut som han skulle klare det, men «motbør» mot slutten av løpet gjorde at klokka stogga på 2.28.06. Beste halvmaraton-tid i Noreg er 1.10.03 frå Drammen i 2024.

 

2026-sesongen er enno ung, men Espen har alt kome godt i gang, med 1.11.24 under eit halvmaraton i Berlin i mars månad.

 

Ved sida av studiar i Bergen jobba Espen på Løplabbet, Bergen. No har han fått seg jobb på Intersport Sykkylven, noko som utan tvil burde vere midt i blinken. Truleg er Espen Utgård Sæther den mannen i Sykkylven kommune som sit med mest kompetanse på fagfeltet sykkel/lange løp/løpssko.

 

Vidare er Espen heilt sikkert ein kar som kan løfte løpsmiljøet i bygda. Berre det at han viser seg på ein klubbtrening vil inspirere. Han er eit godt døme, og eit førebilete, på kva som er mogleg sjølv på stadar der miljøet korkje er stort eller breitt. Han har sjølv blitt inspirert i Bergen – no kan han inspirere andre i heimbygda!

 

Velledalen IL ynskjer Espen velkomen tilbake til Sykkylven!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.