Reidar Bremerthun: Meir enn ein skulelærar!
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. sep 2026

Reidar Bremerthun nr to f.v.
Han kom hit som lærar, men sette størst spor etter seg i dalens idrettsliv dei knappe seks åra han var her.
SKULELIV PÅ 60-TALET
Eg starta som elev på Velledalen skule med relativt friskt mot i august 1963. I fyrste klasse på heilt ny skule med åtte jenter og åtte gutar. Alle innfødde velledalingar. Ved utgangen av 1.klasse sommaren 1964 kunne ALLE lese. Ivar Bjørke var lærar. Ingen hadde diagnosar. Skuletida var måndag, onsdag og fredag frå 08.30-14.10. Ingen hadde gått i barnehage. Alle hadde vaksne (les mødre) som venta på oss då vi kom heim.
På det meste i mine seks år ved skulen var vi 83 elevar. Alle med tilhald i Velledalen. Desse vart handtert av fire lærarar. Dette var den tida det var rimeleg å drive skule.
JOHAN NESET OG IVAR BJØRKE
Det smertar sjølvsagt ein eldre mann å høyre, at i dag kan over 30 prosent av norske gutar ikkje lese etter ni år på skulebenken. Johan Neset og Ivar Bjørke, som var krumtappane i mitt skuleliv på Dalemyra (august 1963 – juni 1969), hadde heller ikkje likt dette. Dei andre lærarane i tida mi på Dalemyra kan ein seie «kom og gjekk». Heller kortsiktige engasjement.
Då eg byrja i 6.klasse, vart det «annonsert» at det skulle kome ein ny lærar. Ein ung mann, som skulle ta kroppsøvingsfaget ved skulen til nye høgder. Det vart vi i alle fall lova. Og det heldt stikk, då han endeleg kom, i oktober 1968. Neset og Bjørke sin litt militær-inspirerte linje-gymnastikk, vart skifta ut med nakkesprett på kasse, volleyball, stafettar og meir nymotens syslar. Rett nok hadde Johan Neset vore på kurs og dreiv intenst med Jenka-dans i sine siste kroppsøvings-år. Det liva opp, i alle fall ein smule, mellom jentene. Gutane var litt meir lunka. Dans…? Men vi fullførte.
VART LAGKAMERATAR
Eg gjekk altså i 6.klasse då Reidar kom til Velledalen. Han installerte seg fyrst i Ramstad-huset om lag på grensa mellom Lade og Drotninghaug, før han sommaren 1969 flytta til ny «lærarbustad» på Hjorthol. På denne tida køyrde han ikkje bil, men nytta buss når han skulle flytte seg over lengre distansar.
Buss tok vi også våren/sommaren 1969 då Reidar Bremerthun var «lagleiar» for Ole Josten Fet og Atle Hole som hadde kvalifisert seg for skule- trekampfinale på Aksla stadion. Tok rutegåande buss frå Velledalen til Volsdalen, gjekk derifrå til fots til Aksla stadion, gjorde unna sprinten, tre ballkast og like mange lengdehopp, før vi som fotgjengarar enda opp i litt meir sentrale strok av byen, før vi tok rutegåande buss heim. Alt i regnvêr. Ein dag læraren vår burde hatt dobbel lønn for. Noko han neppe fekk. Og ingen av oss tre på bytur, hadde på dette tidspunkt, peiling på at vi få år seinare skulle verte lagkameratar på VRF sitt A-lag. Ole Jostein og Reidar spela saman frå 1972, året etter var vi alle tre på same lag.
GODE VRF-ÅR
Reidar byrja altså trene fotball med VRF sitt A-lag etter han kom hit. Klubben hadde ein «down» i 1969, men hordalendingen fekk med seg tre av VRF sine aller beste år, nemleg i 1970, 1971 og 1972. KM-vinnar i 4 divisjon Sunnmøre i 1970, med siger 5-3 over Sunndal i avgjerande opprykkskamp på Sykkylven stadion. Vidare 3.plass i 3.divisjon (fylkesserie) både i 1971 og 1972. Vidare fekk han med seg baneopninga på Dalemyra i 1971, der VRF vann opningsturneringa med 1-0 siger over Hødd i finalen. Reidar Bremerthun fekk ofte ros i pressa som plasserings-sterk, offervilleg, og kompromisslaus midtstoppar. Ein typisk lagspelar. Førebilete for oss som var unge gutar og drøymde om ei framtid på VRF.
HADDE VORE VON I MINDRE.
Men VRF har alltid vore ein klubb som har vore kjende for å drive spelarane sine hardt. Heldig var den som BERRE var A-spelar. VRF-årsmeldinga for 1973 fortel fylgjande: Då finn ein at Reidar var langt meir. Han var oppmann og trenar for VRF sitt smågutelag, han var utsending til kretstinget og han sat i marknadsnemnda. Same år sat han i hovudstyret til Velledalen IL og han var formann i friidretts-gruppa. 29 år gamal, familiemann med kone og born. Finst her slike i dag…..?
Synd å seie, men Reidar fekk ein særdeles tøff skule å gå etter han flytta til Velledalen. Frå fyrste stund «jakta» av Velledalen IL og VRF. Heilt i grenseland til rovdrift, særleg sidan det burde vere naturleg at hovud-satsingsområdet hans – og laga – burde vore at han sjølv presterte godt i aktiv idrett….? Alt på det fyrste årsmøtet etter han kom til bygda, fekk han plass i Velledalen IL sitt hovudstyret. Ein plass han hadde heile tida han var her. Ekstra ille vart det i 1973, nærare bestemt 9.desember. Reidar Bremerthun var sjølv ordstyrar på dette årsmøte, og let seg velje både til formann og kasserer. Han hadde fire andre med seg i Hovudstyret, men det enda med at han i styret sitt konstituerings-møte, også tok sekretær-rolla. Altså ein trippel!
AVSKIL SOMMAREN 1974.
Kanskje visste han det alt på årsmøtet i 1973. At han skulle forlate Velledalen sommaren 1974. Men få – eller ingen – andre visste det. Årsmøtet i Velledalen IL vart halde ekstra tidleg dette året. Alt 29.september. Faktisk same dag som denne teksten er skriven, berre 52 år seinare.
Frå årsmøtet 29.september 1974 skriv Ole Petter Berge i møteboka:
- Samanlikna med tidlegare årsmøte var frammøtet omtrent som ein kunne vente. I alt 24 røysteføre. I tillegg til dette talet var om lag 30 yngre medlemar til stade.
Seinare i møteboka har Ole Petter Berge skrive, frå same årsmøtet, under «endringar i hovudstyret»:
- Reidar Bremerthun, som ved førre årsmøte vart vald til formann, kasserar og skrivar, flytta for 2-3 månadar sidan til Os, og dåverande nestformann, Hallstein Ånes tok over formanns-stillinga for resten av perioden. Kaspar Fet kom ved same høvet inn som ny styremedlem.
Dermed var han fri. Fri dei tyngslene velledalingane la på skulelæraren sin sine skuldre i form av verv. Han bar mykje for desse to laga dei knappe seks åra han var her. Måtte historia om Reidar Bremerthun i Velledalen verte til lærdom for seinare slekter. Alt tyda på at han kosa seg her. Stort kontaktnett og gode vener. Men det hadde vore nok med halvparten. Han var interessert og kompetent, og vart «straffa» for det.
I dag held eg kontakta med Reidar Bremerthun gjennom «Norsk Tidend». Medlemsblad for Noregs Mållag. Det kjem fire gonger i året. Der blar eg opp på sidene «Målgåva». I alle nummer finn eg namnet hans under gjevarar frå Hordaland.
Så smiler eg til meg sjølv og tenkjer:
- Du held koken, Reidar, og står på dine prinsipp. Eg likar å sjå det – i kvart nummer!
Ein god mann – meir enn ein A4-skulelærar!

Reidar Bremerthun nr tre f.h.
Atle Jomar Hole
Oppsummering av idrettshelga – kven var i aksjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. sep 2026

Imponerande breidde med utøvarar frå fem til 83 år.
Her kjem ei oversikt over kven som var i aksjon for Velledalen IL laurdag 26. og sundag 27.september.
Gjer vel å meld frå om vi har gløymt nokon – det er eit utal konkurransar i inn- og utland.
Heilmaraton, Warszawa, Polen:
Sverre Gunnar Brunstad
Parkrun Fornebu, Oslo:
Magnus Njålson Tyssing
Njål Torillson Tyssing
Hyrox, double mix, Oslo:
Anette Heimli Jokstad
Nattland Backyard Ultra, Bergen:
Hermann Furland
Rauma Backyard Ultra, Åndalsnes:
Malin Berge
Sverre Kjerpeset
”Verdensmester-samling og O-løp, Emblem:
Anette Tenden Schjelderup
Sara Orre
Iben Olin Lervåg
Sigurd Ringdal Linga
Ola Drotninghaug
Mikkel Ibsen Lervåg
Per Magne Drotninghaug
Matias Hodne Hanisch
Pernille Ibsen Lervåg
Sørestrandmila, Straumgjerde:
3 KM:
Olaf Einar Øien – eldste deltakarar (83)
Oline Inger Tandstad Hole – yngste deltakarar (5)
Eldar Sindre Valkvæ
Fridtjof Fredriksen
Nina Larsen Brune
Svein Arne Nakken
Asgeir Tandstad
Henning Tandstad
Frode Mauren
Ingrid Svensen
Stian Hole
5 KM:
Torje Hole Bjørneset
Ulrik Rokseth Nordstrand
Ole Robert Strømme
Ludvig With
Kjetil Bjarte Settemsdal
Emil Vikås
Frank Andersen
Ole Martin Korsnes
10 KM:
Alf Petter Bøe
Bjørn Arve Brune
Trond Bonesmo
Vegard Riksheim Tandstad
Jan Ketil Vinnes
Stian Vikås
Per Inge Bjørnestad
Andreas Nakken
I alt 43 stk - eit imponerande fellesskap!
Vi registerer at o-gruppa er flinke på jente-rekruttering, det øvrige løpsmiljøet i VIL kunne vore betre.
Difor tek nettsida med ei litt artig sak om eit potensielt, kvinneleg medlem.
Under den fyrste Sørestrandmila som vart arrangert var Julie Brochmann mellom deltakarane. Ho sprang 3 km på 16.48. Så stod ho over dei to neste løpa, hausten 25 og våren 26, men var tilbake hausten 26, den 26.september. Ho held fast på distansen 3 km, og kryssa mållina nok ein gong på 16.48.
Det er vel dette ein i løpsmiljøet kallar stabilitet!
Rapport fra treningssamling
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. sep 2026

Da var årets 6. og siste o-samling gjennomført, og det føles nesten litt vemodig. På denne siste samlingen deltok Mikkel, Sigurd, Ola, Iben, Anette, Sara, Per Magne og Pernille.
Vi hadde to treninger lørdag; den første oppe i terrenget på Emblemsfjellet og den neste i terrenget rundt Emblem skole hvor vi bodde. På første trening var det kompasskurs som var hovedfokus. Vi jogget først til et startpunkt i lag, hvoretter vi hadde et kart med tre ulike treninger, så her gikk det et par timer i skogen. Øvelsene var lagt opp slik at alle fikk utbytte uansett nivå.
Etter en god lunsj på emblem skole var det oppvarming med en øvelse med o-tegn, hvor etter vi hadde en terrengstafett hvor man virkelig fikk testet ferdighetene sine i å komme opp og ned brette parti og skrenter. Alle var bra skitne på hender og rumper etter den treningen.
På kvelden var det taco, gymsal-aktivitet, forberedelse til morgendagens løp samt mørke-sisten.

Søndag deltok vi på Fjellgeita som er et litt annerledes o-løp med fellesstart og bare tre ulike løyper; 11, 6 og 4 kilometer. Det er ikke gaflinger (alle som løper samme løype skal til samme poster) og ikke ulike løyper for menn, kvinner og ungdom. Det vil si at det er gode muligheter for å samarbeide eller ‘henge’ på noen som er bedre o-teknisk enn deg selv om du er i god form. På 11 kilometeren var VIL representert av Mathias som kom inn til en flott 2.plass!
På 6 kilometeren hadde Mikkel teten gjennom hele løpet i et felt bestående av Ola, en ungdom fra Sogndal og en av Emblems beste dameløpere; Emma. Henning Teigene kjempet gjennom hele løpet med å få kontakt med teten og klarte på slutten at nesten være med i gruppa.

På 4 kilometer var det Iben og Pernille som hadde teten gjennom hele løpet, med to spreke gutter rett bak oss. Å bli slått av to ungdomsskole-gutter var helt uaktuelt for Iben; så vi klarte å holde et høyt tempo i tungt myrterreng i over 40 minutter, og Iben klarte å ikke bli slått av gutta i oppløpet, noe Pernille ikke klarte. Etter målgang ble det uansett klart at Pernille på forunderlig vis ikke hadde stemplet på post 6, høyst sannsynlig fordi fokus var mest på disse tre spreke ungdommene.
Anette og Sara er ganske ferske i denne idretten og gikk derfor løypa Geitekillingen. Pernille ble med frem til post fire men vurderte da at jentene ville klare å finne frem til de siste fire postene på egen hånd, noe som de også klarte med glans.
Sigurd måtte stå over løpet søndag pga. hamstringsproblemer etter mørkesisten kvelden før.
På 11 kilometer orienterte Matias Hodne Hanisch inn til fin 3 plass i sterkt selskap. ( nr 3 frå v. på bilde under

Alt i alt en fantastisk fin samling, og nesten litt vemodig at sesongen er nesten slutt. Vanligvis avrunder VIL o-sesongen med Fjellgeita, men i år er gjengen gira på Emblem sin sprint-cup som avvikles 3 tirsdager etter høstferien.
Neste år startes o-sesongen trolig med ungdomssamling i Sykkylven med sprintløp på Aure. Vi holder på å få oppdatert dette kartet og gleder oss til å få trent litt på sprint-distansen neste år.
Pernille
Barnetrim startar opp att
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. sep 2026
Tysdag 6.oktober startar barnetrimmen opp att for haustsesongen.
Orientering: Resultat frå O-løpet «Fjellgeita»
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

Fine plasseringar til Velledalen IL sine utøvarar
RESULTAT O-LØPET «FJELLGEITA», ARRANGERT SUNDAG 27.SEPTEMBER:
KLASSE RÅTASS, 2100 meter, 13 startande:
- Einar Ødegård, Sogndal IL, 34.52
- Sara Orre, Velledalen IL, 41.25
- Anette Tenden Schjelderup, Velledalen IL, 41.27
- Jakob Bjørgul Lundanes, Emblem IL, 54.59
- Live Margrethe Foss-Dahlberg, Emblem IL, 55.00
- Sunniva Godø Gjerdahl, Emblem IL, 55.23
KLASSE DAMER, 4400 meter, 4 startande:
- Iben Olin Lervåg, Velledalen IL, 45.49
- Kjersti Godø Gjerdahl, Emblem IL, 52.56
- Silje Mordal MOI, 59.49
Pernille Ibsen Lervåg – ikkje godkjent
HERRAR 6 KM (6700 meter, 19 startande)
- Henrik Lunde-Ness, Sogndal IL, 56.19
- Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 56.32
- Ola Drotninghaug, Velledalen IL, 56.40
- Henning Osnes Teigene, Emblem IL,56.58
- Nils Ødegård, Sogndal IL, 1.02.17
- Tobias Lunde-Ness, Sogndal IL, 1.02.21
- Harald Godø Gjerdahl, Emblem IL, 1.02.26
- Espen Lunde-Ness, Sogndal IL, 1.02.29
HERRAR 11 KM, 10 700 meter, 10 startande:
- John Kaspar Svergja, Isfjorden IL, 1,29,06
- Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 1.33.56
- Matias Hodne Hanisch, Velledalen IL, 1.39.52
- Hallvard Ellingsen Tyldum, Emblem IL, 1.46.15
- Markus Glad Rongstad, Emblem IL, 1.51,04
Sverre Gunnar Brunstad: 2.54.51 på maraton i Polen
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026
arkivfoto
Med det sette 59-åringen ny bestetid for Velledalen IL på distansen for 2026.
Vi har ikkje fått dei sterke tidene vi plar ha hatt siste åra på maraton-distansen i 2026. Dette skuldast i all hovudsak skadar på Espen Utgård Sæther og Njål Torillson Tyssing. Men vi fekk eit svært gledeleg resultat i dag, sundag 27.september, då Sverre Gunnar Brunstad sprang distansen på 2.54.51. Dette er åtte minutt og femti sekund raskare enn han gjorde under NM i Tromsø i sommar, og det er den raskaste tida av ein Velledalen IL-utøvar hittil i 2026.
«Brunstad-ekspressen passert halvmaraton i Warszawa på 1.26.00, etter eit svært solid og veldisponert løp. Han vart nummer 235 av kring 13 700 startande og nummer 13 i klasse M 50, der 59-åringen er eldste årsklasse. Neste sesong er Sverre Gunnar yngst i klasse M 60. Beste nordmann i løpet vart Ørjan Hannisdal på 2.42.51 i klasse M 40, medan Stephen Kibor vart totalvinnar på 2.09.19
Her i landet vil Sverre Gunnar få ei særs fin plassering på distansen maraton under Kondis sin veteran-statistikk klasse M 55-59.
VIL-nettsida gratulerer med ein framifrå fin prestasjon.
Slikt vert lagt merke til 2
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

Sterke løp av Ulrik og Emil på 5 km i Straumgjerde
To unge gutar i Velledalen IL sin tropp leverte prestasjonar på godt nivå i går. Namna er Ulrik Rokseth Nordstrand i klasse M 11-12 og Emil Vikås i M 13-14:
ULRIK ROKSETH NORDSTRAND:
5 km er ein tøff distanse for ein gut i klasse M 11-12. Men Ulrik hadde gjort det før. Under Sørestrandmila i mai. Den gongen stogga klokka 25.05. I går stod det 26.september på kalendaren. Ulrik la i veg med frisk mot. Ved kryssing av mållina fekk ungguten notert tida 23.35 av EQ-timing. Nøyaktig eitt minutt og 30 sekund framgang på knappe fire mnd. Dette er oppsiktvekkjande flott levert av Ulrik, og burde vere ein stimuli til å halde fram med denne fine hobbyen.
EMIL VIKÅS:
Emil er eit kjempetalent innan løp. Han deltek ikkje spesielt ofte, men 20.06 på 5 km er sterkt. Overført til Konradløp-tid (4,4 km), ville han truleg kome inn på 17.40-talet, som er svært sterkt levert av ein utøvar i klasse M 13-14. I Straumgjerde i går held han nær same fart som faren, Stian, heldt på sin 10 km (39.41). Dei to burde såleis vere ypperlege trenings-partnarar det komande året. Men Stian må nok «sjalte ned» og auke turtalet – i dobbel forstand – om han ikkje skal verte akterutsegla.

Nettsida håper vi ser meir til både Ulrik og Stian under den komande vinterkarusellen i Ålesund. Velledalen IL dekkjer all startkontingent til utøvarar på deira alder.
Slikt vert lagt merke til 1
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026
Torje viste at trening betalar seg i form av resultat.
I vår rekna vi Torje Hole Bjørneseth som mosjonist, med nokre joggeturar «dann og vann». I slutten av mai 2026 kasta han seg likevel med på Sørestrandmila, 5 km. Resultatet vart 26.11. Akseptabelt for ein mann over 50 år som ikkje trenar regelmessig.
Etter dette har han stadig oftare vorte observert etter grusvegen i Holemarka med joggesko på beina. Med andre ord; doseringa trening har auka. Han har gått frå mosjonist, til å ligge på grensa til super-mosjonist. Tida sidan debuten i Sørestrandmila våren 2026, til startskotet i slutten av september var ikkje lang. Knappe fire månadar for å vere nøyaktig. I går kryssa Torje mållina på 24.27. Eitt minutt og 44 sekund framgang på 5 km i løpet av nokre små månadar. Heilt på grensa til det sensasjonelle. Og eit klart prov på at trening betalar seg. Vi håper Torje kastar seg med på eit par løp under den komande vinterkarusellen i Fremmerholen. Her er meir å hente!
Kjempepers av Anette under Hyrox Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

arkivfoto
Kom inn på 58.29 i double mix saman med Johannes.
I sambuar Nikolai Handle Jensen sitt skadefråver, har Anette Heimli Jokstad hatt Nikolai sin bror, Johannes, som partnar under «double mix» konkurransane i Hyrox denne sesongen. Under Hyrox Oslo no i helga gjekk dette svært så bra.
Anette skriv på STRAVA:
- Endelig satt den, etter fire tidligere løp innenfor 25 sekund forskjell, kom kjempepersen i dag
Tida vart svært så fine 58.29
Hilmar reserve til lag-VM Backyard Ultra
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026
arkivfoto
Fin påskjønning for sterke resultat for Hilmar Bjørkheim.
17. oktober vert lag-VM i Backyard Ultra arrangert i Muruvik, i Malvik kommune i Trøndelag. Starten går klokka 14.00, og her vil dei halde det gåande lenge. På det norske laget (Team Norway) er det plukka ut 11 menn og fire kvinner, basert på tidlegare resultat. Hilmar Bjørkheim, Velledalen IL, er reserve, basert på sterke resultat gjennom sesongen i år. Hilmar har blitt nummer 1 (Herdla Backyard) og 2 (Hagemanns Backyard) i dei to største løpa han har delteke i.
På STRAVA skriv Hilmar om stoda:
- Som stolt reserve for laget, held eg oppe god trening, i tilfelle det skulle bli forfall.
«Parkrun» er fin test-arena for unge og eldre
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

Denne helga var Velledalen IL representerte ved Fornebu Parkrun
Hittil har «parkrun» mest vore ei bysak. Det er ganske så mange av dei i Oslo, heller få – eller ingen – i Sykkylven. Men kan hende det burde vore arrangert slike. Eit særs rimeleg alternativ og ein fin «form-testar». Denne helga hadde Njål Torillson Tyssing med seg to blad Magnus til eit slikt løp på Fornebu.
På STRAVA les vi:
- Fantastisk innsats av gutta med same namn. Ny personleg bestetid!
Vi føyer til at Magnus Njålson Taubøll denne gongen brukte 25.40 på fem kilometer. Den gamle persen lydde etter Velledalen IL sin statistikk på 26.29
Så her er det framgang!
Backyard Ultra har blitt sterk Velledalen IL-grein
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026
Arkivfoto
Sverre vann på heimebane. Malin og Hermann imponerte. Alle fullførte 80,4 km.
Dei fleste Backyard Ultra-løp går over 12 rundar i ei løype på 6,7 km med start kvar heile time. Det går med andre ord eit halvt døgn, med total løpslengde på 80,4 km for dei som greier gjennomføre heile distansen. Ein kan stå av når ein vil, eller ein MÅ stå av om ein ikkje greier ein runde under timen.
I denne uthaldsprøva har Hilmar Bjørkheim (før Kråkenes) stått fram som Velledalens IL sin beste utøvar, med ei rekkje toppresultat, og det er ikkje for inkje han har blitt plukka ut som reserve til Noregs VM-lag i greina. Noko som sjølvsagt er stort.
Men laurdag 26.september var det ikkje Hilmar som var i aksjon for Velledalen IL i greina, men trioen Sverre Kjerpeset, Hermann Furland og Malin Berge.
HERMANN FURLAND:
Hermann har løfta seg stort denne sesongen. Aller mest imponerte han under Stranda Fjord Trail Festival sitt lengste løp (95 km), mykje av det i ulendt terreng. Dei ferraste tudde Hermann ville greie gjennomføre dette, då dei såg namnet hans på deltakarlista. Men Hermann gjennomførte den tøffe prøva til kring ein 20.plass. Elles i sesongen har han levert sterke prestasjonar både på heil- og halvmaraton. Både for seg sjølv og som hjelpemann («ledsaker») for andre.
I helga deltok Hermann i Nattland Backyard Ultra (Bergen). Nettsida har ikkje funne resultatlista, men vi har funne på Strava at Hermann fullførte alle rundar – altså 80,4 km. Ein ny glitrande prestasjon, ein vi håper skal gi den unge mannen fornya inspirasjon fram mot neste sesong. Det er nok av kraftprøver å sjå fram mot!
MALIN BERGE:
Har nyleg vore leggskada. Difor var det før løpet litt usikkert korleis dette ville gå. I 2025 vart ho nest beste kvinne på tida 8.26.35. Ei tid ho pressa ned med 10 minutt i går, men nettsida veit ikkje om løypene i 2025 og 2026 var identiske. Vi veit heller ikkje plasseringa til Malin, då nettsida heller ikkje har funne resultat frå Rauma Backyard Ultra.
Men på STRAVA skriv i alle fall Malin fylgjande:
- Ny personleg bestetid på distansen, 8.16.20 og utan kjenning eller låkt i leggen – berre det ein solid siger. Tusen takk til deg, Thomas Holmen, for sparring ca 90 prosent av løypa – og godt selskap! Utan deg kunne det gått veldig mykje annleis.
Strava seier elles at Malin svei av 4892 kaloriar på «turen».
SVERRE KJERPESET:
2026-sesongen har vore som ein draum for Sverre. Med nye bestetider på det meste. Velledalen IL hadde litt å forsvare på Åndalsnes, sidan Hilmar vart nummer to her i fjor. Sverre sjølv vart nummer ti, med tida 8.30.18. Målet var å tukte den med grei margin. Og det greidde VIL-utøvaren med størst skonummer av samtlege, så lett som berre det.
På STRAVA skriv han:
- Endeleg satt den! Og på heimebane da gitt! Siger i dagens Rauma Backyard Ultra. Denne er eg veldig stolt av. Bevegelsestid 7.03.49. Tusen takk til alle som heia i løypa og på Setnesmoen. Og tusen takk til løparkollega og meget god venn i Velledalen IL, Malin Berge, for mykje latter og glede mellom slaga. Sjølvsagt fullførte ho også alle 12 rundane.
Nettsida bøyer seg djupt for Sverre: Frå 150 kg for ti år sidan, til vinnar av Rauma Backyard Ultra i går. Er viljen sterk nok, er det meste mogleg. Ei imponerande «reise», Sverre!
Treningssamling på Emblem
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. sep 2026

Bilde fra første trening idag som foregikk fra Skibua på Emblemsfjellet med Olav Lundanes som trener.
Etter lunsj var det ut på terrengstafett to og to i lag. Alle lag bestod av en jente og en gutt, og vi ledere var også med. Kjempe gøy! Ola Drotninghaug og Olea Fristad fra Askvoll vant.
Kjekt at så mange ungdom stiller på samling. Samling er veldig gøy! Mikkel og Sigurd har vært på fem samlinger i år, og O-lederen selv har faktisk vært på hele 6 (Mikkel og Sigurd var ikke med til Trondheim i juni; der var det Iben og Anette). Vi håper på mange kjekke samlinger også i 2027, og neste år er 2015-jentene gamle nok til å være med på alle; så da er vi potensielt en ganske stor VIL-gjeng 
Pernille
Sola kasta atter ein gong glans over Sørestrandmila
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. sep 2026
Sola kasta atter ein gong glans over Sørestrandmila: Friidrettsgruppa med nytt suksessarrangement i Straumgjerde
89 deltakarar på ein dag med fleire konkurrerande løpmønstringar i nærområdet er noko arrangørane sei seg godt fornøgde med. Og som vanleg var “persebjella” flittig brukt i målområdet av utøvarane, eit resultat av at løypa er flat og superrask.
Sola skein, himmelklår og rein, utan nedbør, men nokre vindkast som reiv i målsegl og sekretariatteltet. Men Susan og Frode, som er primus motorar bak opplegget, saman med resten av friidrettsgruppa og gode hjelparar rei bokstavleg talt stormen av og kan slå i bordet med eit solid gjennomført arrangement. Og ikkje minst; kakene, læskedrikken og kaffien smakte godt blant slitne kroppar under ei raus premieutdeling i etterkant av løpet.
Oddvar Rønneberg (91) og Olaf Øien (83) var eldste deltakarane og Oline Inger Tandstad Hole (5) og Selma Støylen Hole (7) var yngste deltakarane, alle på 3 km. Ekstra gledeleg at det var seks deltakarar under 11 år!
Ikkje unaturleg var Velledalen IL største klubb med 24 deltakarar som hadde skrive klubben bak namnet sitt.
Resultatlister:
3 KM
1 Kristian Bratland Blindheim, Stordal IL/Bedriftsidretten M&R - 10:56 (Raskaste herre)
2 Frode Mauren, Velledalen IL - 11:03
3 Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL - 11:30
4 Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL - 12:30
5 Svein Arne Nakken, Velledalen IL - 14:23
6 Anne-Sofie Brandtzæg, Alesund - 15:54 (Raskaste kvinne)
7 Asgeir Tandstad, Velledalen IL - 16:26
8 Ole Kristian Støverstein, Stranda - 16:28
9 Julie Brochmann, Straumgjerde - 16:48
10 Linea Kristin Klokk Brunstad, Straumgjerde - 17:08
11 Ingrid Gunilla Sandvik, Straumgjerde - 20:46
12 Nina Larsen Brune, Velledalen IL - 20:50
13 Ingrid Svensen, Velledalen IL - 21:21
14 Oddvar Rønneberg, Puls 40 - 28:31
15 Henning Tandstad, Velledalen IL - 44:21
16 Olav Øien - 46:45
Mathilde Kvalsvik Dolmen, Sif/Hessa IL - Fullført
Oline Inger Tandstad Hole, Velledalen IL - Fullført
Selma Støylen Hole, Sykkylven - Fullført
Stian Hole, Velledalen IL - Fullført
5 KM
1 Terje Wille Vestre, Alesund FIK - 16:40 (Raskaste herre)
2 Torstein Lianes, Stordal IL/Intersport Alesund - 16:49
3 Jørn Snorre Øvstedal, Ålesund FIK - 16:52
4 Kristoffer Nitter Joranger, Fagerlivegen Løpeklubb - 18:18
5 Sverre Aas Myhr, Trondheim - 18:23
6 Kjetil Bjarte Settemsdal, Velledalen IL - 18:40
7 Ole Martin Korsnes, Velledalen IL - 19:39
8 Nicolas Berg, Alesund - 19:51
9 Ole Robert Strømme, Velledalen IL - 20:02
10 Emil Vikás, Velledalen IL - 20:06
11 Ronny Johansen, Stranda - 20:56
12 Silje Regine Thue Sandblost, Volda - 21:06 (Raskaste kvinne)
13 Frank Andersen, Velledalen IL - 21:30
14 Joseph Kwarko-Kyei, Alesund - 22:34
15 Jens Ivar Brandtzæg, Alesund - 22:57
16 Geir Ståle Tennfjord, Alesund - 23:23
17 Ulrik R Nordstrand, Velledalen IL - 23:35
18 Marita Hagen Kvalsvik, Alesund - 23:37
19 Ludvig With, Velledalen IL - 23:47
20 Torje Hole Bjørneseth, Velledalen IL - 24:27
21 Silje Regine Holsen Brunstad, Sykkylven - 25:25
22 Alexander Støverstein, Stranda - 26:04
23 Emilie Brandtzæg, Alesund - 26:54
24 Margaret Midtbø Jønland, Alesund - 27:17
25 Marte Langlo, 6200 Runcrew - 28:10
26 Malin Tiller, Hundeidvik - 28:25
27 Heidi Myrseth Settemsdal, Sykkylven - 29:17
28 Irene Myrseth, Hundeidvik - 29:51
29 Eline Tafjord Nilsen, Sykkylven - 33:17
30 Oline Støylen Hole, Sykkylven - 33:17
31 Liv Marita Mahle, Laufen & Saufen - 34:52
32 Anette Skarbø Støverstein, Barlia Løpeklubb - 35:39
33 Børge Halrynjo Enge, Laufen & Saufen - 39:46
34 Benedicte Myklebust Enge, Langevåg IL - 39:46
Sara Støverstein Bergheim, Barlia Løpeklubb - Fullført
Eivind Mjeltevik Finnes, Alesund - Fullført
Sina M. Settemsdal, Sykkylven - Fullført
Ylva M. Settemsdal, Sykkylven - Fullført
10 KM
1 Ole André Lukkedal, Ørskog - 35:32 (Raskaste herre)
2 Marius Fuglehaug, Ørsta IL - 36:45
3 Jan Ketil Vinnes, Velledalen IL - 36:55
4 Vegard Riksheim Tandstad, Velledalen IL - 37:54
5 Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL - 38:23
6 Andreas Nakken, Velledalen IL - 38:26
7 Anders Austad, BFG Bergen Løpeklubb - 39:27
8 Stian Vikas, Velledalen IL - 39:41
9 Emmanuel Sairosi, Alesund FIK - 41:33
10 Erling Johan Wollen, Stranda IL - 41:37
11 Torbjørn Pilskog, Kondis Alesund - 43:24
12 Vibeke Aarseth, Tennfjord - 46:28 (Raskaste kvinne)
13 John Ivar Skogan, Alesund - 47:14
14 Roman Zurawek, Wrocław - 47:57
15 Vegard Eid, Langevåg IL - 48:14
16 Sverrir Olafsson, Alesund - 48:52
17 Trond Bonesmo, Velledalen IL - 48:56
18 Mari Gjørva, Geiranger IL - 54:42
19 Kristoffer Moldskred, Fosnavåg - 55:15
20 Peter Øie Bergheim, Barlia Løpeklubb - 1:03:30
Jonas Al-Tawil, Sykkylven - Fullført
Velledalen IL: Har passert 30 utøvarar i aksjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. sep 2026
Kanskje er det rekord, men Velledalen IL vil ha meir enn 30 utøvarar i aksjon komande helg!
Her kjem ei oversikt, per 25.september klokka 19.00:
HYROX OSLO:
Anette Heimli Jokstad
NATTLAND BACKYARD ULTRA (BERGEN):
Hermann Furland
RAUMA BACKYARD ULTRA (ÅNDALSNES):
Malin Berge og Sverre Kjerpeseth
O-LØPET «FJELLGEITA» (EMBLEM):
Iben Olin Lervåg
Sara Orre
Anette Tenden Schjelderup
Ola Drotninghaug
Sigurd Ringdal Linga
Mikkel Ibsen Lervåg
Pernille Ibsen Lervåg
Matias Hodne Hanisch
SØRESTRANDMILA (STRAUMGJERDE):
Eldar Sindre Valkvæ
Fridtjof Fredriksen
Nina Larsen Brune
Torje Hole Bjørneseth
Frode Mauren
Ulrik Rokseth Nordstrand
Ole Robert Strømme
Ludvig With
Kjetil Bjarte Settemsdal
Emil Vikås
Frank Andersen
Ole Martin Korsnes
Alf Petter Bøe
Trond Bonesmo
Vegard Riksheim Tandstad
Jan Ketil Vinnes
Stian Vikås
Bjørn Arve Brune
Svært gledeleg denne helga er at åtte av dei 30 påmelde er under 16 år!
Truleg vert vi enno fleire under heimearrangementet Sørestrandmila. Fredag 25.september klokka 19.00 hadde dette arrangementet 53 påmelde.
Elles minner vi om korleis det gjekk for Malin og Sverre under Rauma Backyard Ultra i 2025:
Sverre vart nummer ti av 47 herrar på tida 8.30.18 – etter 12 rundar
Malin vart nummer to av 23 kvinner på tida 8.26.35 – etter 12 rundar
Nettsida ynskjer masse lukke til for alle som skal i aksjon for Velledalen IL komande helg – somme som utøvarar, andre som arrangørar!
Komande helg skal mange VIL-utøvarar i aksjon
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. sep 2026

Det vert konkurrert i Backyard Ultra, flate landevegsløp og orientering.
Litt om kven som skal i aksjon og kvar dei skal i aksjon. Denne lista er slik stoda var onsdag morgon, 23.september klokka 09.00. Og faktisk er det litt imponerande, sidan det kjem til å bli mange fleire namn før startskota smell 26. og 27.september.
NATTLAND BACKYARD ULTRA (BERGEN):
Hermann Furland
RAUMA BACKYARD ULTRA (ÅNDALSNES):
Malin Berge
Sverre Kjerpeseth
O-SAMLING OG LØPET ”FJELLGEITA” (EMBLEM):
Iben Olin Lervåg
Sara Orre
Anette Tenden Schjelderup
Ola Drotninghaug
Sigurd Ringdal Linga
Mikkel Ibsen Lervåg
Pernille Ibsen Lervåg
SØRESTRANDMILA:
3 KM:
Eldar Sindre Valkvæ
Fridtjof Fredriksen
5 KM:
Torje Hole Bjørneseth
Frode Mauren
Ulrik Rokseth Nordstrand
Ole Robert Strømme
Ludvig With
Kjetil Bjarte Settemsdal
10 km:
Alf Petter Bøe
Bjørn Arve Brune
Trond Bonesmo
Vegard Riksheim Tandstad
Jan Ketil Vinnes
Det vert heilt sikkert fleire, spesielt på Sørestandmila. Vidare er det ingen sensasjon om det vert VIL-deltaking under Torvikbukt Rundt – kanskje Møre og Romsdal sitt best arrangerte løp – og «Storhornet Opp» på Godøy. I tillegg til at det fort gjort kan bli konkurrert i meir sentrale strok av landet. I skrivande stund er talet påmelde VIL-deltakarar for komande helg 23.
MixMasters Internasjonal vann «Mesternes Mester»
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. sep 2026

Med to og ein halv VIL-medlem på laget
«Mesternes Mester» er stort på Stranda. Dei som vinn der, får både stor pokal og heider og ære det komande året, i alle fall.
Årets vinnar heitte «MixMasters Internasjonal». Og det ligg eigentleg i namnet, at deltakarane kom frå ulike nasjonar. To frå Polen, to frå Noreg, éin frå Tyskland og éin frå Thailand. Deltakarane kom frå bygdene Stranda, Sykkylven og Valldal – sett saman av Olga Decyk – står det å lese i Nyss.
Og Olga, jau, ho er god Velledalen IL-medlem. Det same er Øystein Bakke, som vi vil tru slett ikkje sparte seg for dette laget. Og Mateusz Balon har i alle høve vore VIL-medlem, med bakgrunn som habil o-løpar og landevegsløpar. Dei tre siste på laget heiter Vivian Bertelsen Drege (Noreg), Vijitra Søreide (Thailand) og Markus Haberberger (Tyskland).
Velledalen IL gratulerer «MixMasters Internasjonal» med den store triumfen, og ei særleg helsing til Olga Decyk, som stod for miksinga.
Åremålsdagane rullar og går. Både for Per og Pål – og Nils
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. sep 2026

20.september: Nils Terje Skylstad - 21.september: Per Henning Hole - 23.september: Pål Rune Fet.
Vi finn det rett å minne om at tre sentrale idrettskarar i Velledalen nettopp har hatt fødselsdag, eller skal ha. To av dei med halv-jubileum (75år og 65 år), medan den tredje har eitt år att til retteleg jubileum. Vi startar presentasjonen etter alderen, med den eldste fyrst:
PER HENNING HOLE – 75 ÅR, 21.SEPTEMBER:
Per Henning var ein ivrig gutehoppar i Velledalen IL i unge år. Som ofte reiste på renn til ulike bygder i høveleg avstand i helgene. Men hoppsporten vart ut-konkurrert av alpint då Per var i overgangen mellom tenåring/vaksen. Dermed vart fotballen vaksen-idretten hans. Kanskje best kjend for frisparkmålet sitt på Langevåg stadion 23.september 1978, som sende VRF ein siste gong opp på nivå 3 i norsk fotball i 1979. Ei brennheit frispark-kule frå 25 meter. Siste sesongen på nivå 3 enda med nedrykk, men Per vart toppscorar for VRF saman med Bjarne Alnes, begge med fire nettkjenningar i obligatoriske kampar (som vil seie at treningskampar ikkje var medrekna – Per hadde 12 treningskampmål i 1979).
Men kanskje var det eit møte med rival Sykkylven som vart Per sitt høgdepunkt på fotballbana. Hendinga fann stad eit par år før VRF sitt siste opprykk (ca 1976). Det stunda mot lokaloppgjer på Dalemyra. Per Hole var VRF sin farlegaste målscorar, og det vart sagt at Sykkylven nytta mykje tid den siste treningsveka på korleis VRF-spissen, Per Hole, skulle stoggast. Kampdagen kom. Det gjekk som det ofte gjorde på 70-talet (unnateke 1973). VRF vann. 4-0 til heimelaget var stygge siffer for Sykkylven…. Men det verste; Per Hole scora alle måla!
Etter fotballen var han ein periode «big-boss» i langrennsgruppa til Velledalen IL. Son hans, Frank, var ein habil løpar, i tillegg til ei lang rekkje andre tenåringar, som Ole Petter Lødøen, Ole Johnny Myrseth, Njål Tyssing og sikkert fleire andre. Det vart trena bra og dei oppnådde fine krets-resultat.
NILS TERJE SKYLSTAD – 69 ÅR, 20.SEPTEMBER
Neste gong vert det jubileum for Nils, som denne gongen «berre» vart 69. Nils har ei særs lang og allsidig karriere bak seg i Velledalen IL. Og også noko på VRF. Nils spela nemleg på smågute-laget til VRF som vann avdelinga si i smågute-serien i1970. I kampen om KM-tittelen møtte VRF dei to andre avdelingsvinnarane. Der vart det 0-0 mot AaFK på Slettegjerde, før det heile enda med tap 2-1 for Hødd på Høddvoll. Så nære var Nils KM-tittel i fotball tidleg i tenåra.
I studietida fekk Nils for alvor smaken på løp. Helst litt lange løp. Og han vart ein ivrig deltakarar, med fine resultat. Han var fast på dei fleste av Velledalen IL sine stafettlag om han var i bygda, mellom anna fem deltakingar i Holmenkollstafetten frå 1980-1984. Siste gongen vi var der, fekk vi nokre forfall slik at Nils måtte springe to etappar. Det kosta han ikkje stort, men enno verre; buss-sjåfør Atle Grodås måtte også springe. Då skjøna Velledalen IL at deira tid i Holmenkollstafetten var forbi – i alle fall for ein periode. Nils har hatt fleire styreverv opp gjennom åra, men kanskje den aller største innsatsen har han lagt ned i trimgruppa, der han svært lenge var leiar. Vidare var han i ei årrekkje Velledalen IL sin beste motbakkeløpar, og har delteke på stort sett alle slike av lokal karakter. Som 69-åring er det ei glede at Nils framleis skjøttar viktige gjeremål for Velledalen IL. Innsatsen hans vedkomande laget sine 15 trimpostar er unik. Han ser til at alt er på stell på alle postar, han summerer poeng og fører lister over samla besøk på kvar post, og flest trimpoeng på kvar post og flest trimpoeng samanlagt. Han gjer jobben pliktoppfyllande kvart einaste år, utan store fakter!
PÅL RUNE FET – 65 ÅR, 23.SEPTEMBER
Eit litt pussig samantreff. Men den dagen Per Hole sette frisparket på Langevåg stadion i nota (23.september 1978) vart VRF sin høgreback i kampen 17 år. Namnet hans var Pål Rune Fet, og han spela som ein erfaren ringrev. Pål vart altså KM-vinnar i fotball 1978, på nivå 4, saman med Per Henning Hole. Og Pål Rune fekk ein ny KM-tittel i fotball i 1983, den gong på nivå 5.
Men det var i andre idrettar Pål Rune utmerka seg fyrst. I friidrett – sterk i trekamp og god i stafettar - og langrenn. Og såleis hadde han alt vunne individuelle langrenns-KM, FØR han spela seg inn på VRF sitt A-lag som 16-åring og vart KM-vinnar på 17 års dagen. I morgon har Pål dobbelt-jubileum; han vert 65 år, og det er 48 år sidan han vann sitt fyrste fotball-KM og like lenge sidan VRF (som i dag ikkje eksisterer sportsleg) for siste gong rykte opp til nivå tre (Sykkylven IL spelar i dag på nivå seks).
Pål var typen som var seriøs på den han gjekk inn for. Mellom anna var han mest uråd å runde på backen og få lagt inn eit godt innlegg. Det var ikkje for inkje han fekk tilnamnet «The Iron Man». Så må vi innom året 1985, då Pål fekk oppleve å bli KM-vinnar på 3 X 10 km stafett i Ørsta saman med Terje Aurdal og Atle Hole. Stafett-KM for senior har Velledalen IL vunne berre ein gong tidlegare (1952), og den gongen var det 4X10 km med laget: Jon C. Brunstad, Ole L. Hole, Paul Hole og Olav P. Hole.
Pål Rune vart rekna som ein finslepen teknikar på ski, og det same vart sonen Kenneth; som fylgde opp med å bli KM-vinnar i langrenn om lag midt i tenåra, med Pål Rune som ein framifrå servicemann, dyktig både med smurning, trening og som teknisk rådgjevar.

VRF sitt småguttelag som tapte 2-1 på Høddvoll i bakre rekkje, Hødd framme.
Namn på VRF-spelarane, frå v: Jon Otto Tandstad, Kjell Nilsen, Geir Tennøy, Magne Nygård, Bent Johannessen, Bjørn Vanebo, Atle Hole, Trond Strømme, Hans Olav Drabløs, Arnstein Johannessen, Bernhard Sandvik, Kristen Tandstad, Robert Kvam og Nils Terje Skylstad.
Atle Jomar
Orientering: Verdensmester-samling og løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. sep 2026

Komande laurdag og sundag er Emblem midtpunkt for o-løparane. Sju påmelde frå Velledalen IL.
Laurdag 26.sept og sundag 27.sept er det «Verdensmestersamling» og o-løpet «Fjellgeita», med Emblem IL som arrangør. Måndag 21.september klokka 09.00 hadde samlinga 29 påmelde. Og vi presiserer at dette var før tyngda av Emblem IL sine eigne var påmelde. Vi går ut frå at det er mangeårig verdsmeister, Olav Lundanes, som skal spele hovudrolla på trenar- og inspirasjonssida.
Frå Velledalen IL er desse påmelde:
Iben Olin Lervåg
Sara Orre
Anette Tenden Schjelderup
Ola Drotninghaug
Sigurd Ringdal Linga
Mikkel Ibsen Lervåg
Pernille Ibsen Lervåg
Samlinga vert avslutta med det årvisse o-løpet «Fjellgeita, sundag 27.september.
Velledalen IL har deltakarar på desse distansane:
Råtass: Sara Orre og Anette Tenden Schjelderup.
Damer 4 km: Iben Olin Lervåg.
Damer 6 km: Pernille Ibsen Lervåg.
Herrar 6 km: Ola Drotninghaug, Mikkel Ibsen Lervåg og Sigurd Ringdal Linga.
Klubbar med hittil påmelde løparar i ”Fjellgeita”:
Emblem IL
Førde IL
Sogndal IL
Askvoll IL
Eiker OL
Notodden OL
Lillehammer OK
Velledalen IL
Svært kjekt at Velledalen IL stiller ein såvidt stor tropp til den lokale sesong-avslutninga. Og ein skal vel ikkje heilt utelukke at den kan bli større.
Nyinnmelding i Velledalen IL: Vi har fått eigen psykolog
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026
Svein Atle Alfarnes innmeld i Velledalen IL.
Velledalen IL vert meir og meir sjølvhjelpte. Vi har lenge hatt klubb-meteorologar og klubb-legar. No har vi gjennom Alfarnes si innmelding også fått eigen psykolog. Svein Atle Alfarnes, med barndom frå Eidem i Sykkylven, har brei sportsleg røynsle. Han har tidlegare sysla både med ski og løp. Kanskje andre greiner også, for alt nettsida veit.
Dessutan talar det til hans fordel at han er syskjenborn med Hau-gutane på Hole, alle meir eller mindre sentrale i Velledalen IL.
Nettsida ynskjer Svein Atle Alfarnes hjarteleg velkomen som medlem i Velledalen IL
København halvmaraton: Sterkt av Constantin og Stian
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026
39 932 utøvarar starta. Av desse vart Constantin nr 181, Stian nummer 4110.
CONSTANTIN RUST, 1.07.46
Starta i klasse M 25-29. Her vart han nummer 24 av 3262 utøvarar, berre slegen av ein norsk utøvar, Bakr Ettayebi, IK Tjalve. Han sprang på 1.07.42, fire sekund raskare enn Constantin. For ordens skuld tek vi med at klasse M 25-29 vart vunnen av dansken Jens Emil Sloth Nielsen, på tida 1.04.06. Constantin var beste utøvar frå Møre og Romsdal i København halvmaraton. Nest best var ørstingen Sjur Evebø med 1.08.17. Constantin brukte denne gongen 32.21 frå 0-10 km, og 32.07 frå 10 -20 km. Og avslutta med ei km-tid på 3.03 på siste 1100 meter. Prestasjonen vart krona med ny klubbrekord for Velledalen IL.
STIAN HOLE, 1.28.18:
Stian var ikkje heilt nøgd med eigen innsats, og hadde håpa på 5 minutt betre tid, melde han på Strava. Men når ein er 50 år, og slår 35 822 av dei startande…. Då skal ein ikkje gå rundt å vere skuffa. For det var nettopp det Stian gjorde. Han vart nemleg nummer 4110 av 39 932 startande totalt. Og tek vi dette ned på klassenivå, ja, då vart Stian nummer 142 av 2163 i klasse M 50-54. Også det ein framifrå prestasjon. Greitt, Stian sprang raskare i Jølster enn København, men løpet i den danske hovudstaden var heilt sikkert nyttig lærdom likevel.
København: Stian satsa friskt – enda på 1.28.18
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026
Hans nest beste halvmaratontid i 2026.
Tidlegare i 2026 har Stian Hole gjort desse løpa på distansen:
1.28.25: Bergen i april
1.28.47: Vartdal i mai
1.25.48: Jølster i juli
I København vart det altså 1.28.18 etter ei frisk opning som bar bod om at ny personleg bestetid var målet. Men før Stian kom så langt vart flyet deira kansellert, slik at turen sørover tok langt lenger tid enn fyrst planlagt. Etter «oppvarming» med 5 km i København på laurdag, starta han friskt på halvmaraton.
0-5 km: Gjekk på 19.52 – 3.59 per km
5-10 km: 20.29 – 4.06 per km
10-15 km: 21.24 – 4.17 per km
15-20 km: 21.53 – 4.23 per km
20-Mål: 4.42 – 4.18 per km.
Om løpet skriv han sjølv på Strava:
WRRC Copenhagen 26: 21 km, tid: 1.28.18
- % minutt bak målet i dag. Følte meg fin første 7 km, men så vart det maks puls og forferdeleg… Siste 14 dagar med influensa kan ha påvirka dagens form. Oss får berre fortsette å trene.
Stian si plassering vart likevel fin. Både i klasse M 50-54 og totalt – noko vi kjem tilbake til.
Constantin Rust: 1.07.46 på halvmaraton i København
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026

Constantin reiste i dag kjerringa med ny klubbrekord etter det han kalla «fadesen» i Oslo førre helg.
Før løpet i København skreiv Constantin:
- På plass i København og føler meg høveleg klar til halvmaraton i morgon. Trur det rett og slett er første løpet i utlandet for meg nokon sinne. Får sjå om det er muleg å rette opp i fadesen frå førre helg. Håper eg har meir inne – særleg mot slutten av løpet.
Og det hadde han. Fyrste 5 km gjekk på 16.00. Vidare passerte han 10 km på 32.21, 15 km på 48.37 og mållina på 1.07.46. Ny klubbrekord på distansen for Velledalen IL. Espen Utgård Sæther hadde den førre på 1.09.16, medan Constantin sin tidlegare pers var 1.09,17.
Det høyrer med til soga at Therese Johaug sprang same distanse i København på 1.08.43, altså 57 sekund svakare enn Constantin. Vår mann vart nummer 24 i klasse M 25-29 i Danmark. Ein glitrande prestasjon, rett og slett!!
May Evy og Eldar deltok i Ålesund Backyard Ultra
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026

Andrew Sunde og Janne Elin Vatnaland best.
Ålesund Backyard Ultra hadde 110 påmelde. Tre av desse frå Velledalen IL, nemleg: Eldar Sindre Valkvæ, May Evy Nesheim og Hilmar Bjørkheim. Sistnemnde starta ikkje.
28 utøvarar – 15 menn og 13 kvinner – fullførte alle 10 rundane. Kvar runde på 6,7 km.
Dei tre beste:
- Andrew Sunde, Mauseidvåg, 5.01.59
- Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK, 5.07.07- beste kvinne
- Mate Kiran Ness, Ålesund, 5.10.28
Med Velledalen IL sine utøvarar gjekk det slik:
Hilmar Bjørkheim – DNS
May Evy Nesheim: gjennomførte åtter rundar (53,6 km) på 5.16.10.
Eldar Sindre Valkvæ: gjennomførte fem rundar (33,5 km) på 2.55.19
ANDRE:
Ragnfrid Aamodt, Funkfit Sykkylven, fem rundar på 3.26.09
Andreas Engeskar, Sykkylven, fem rundar på 3.33.05
Toughest finale: Sterk 2.plass til Anette
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. sep 2026
Fattige åtte sekund bak samanlagt-sigeren i Gøteborg.
Anette Jokstad er i form mot slutten av sesongen. Ho viste det under eit løp over 3000 meter på Bislett tidlegare i veka, og ho viste det igjen denne helga, under Toughest-finalen i Gøteborg
RESULTAT, ELITE KVINNER, TOUGHEST GØTEBORG:
- Tyra Petersen, Sports Club OCR, 54.45
- Anette H. Jokstad, Velledalen IL /Midgard, 54.53
- Gunhild Stølen, Biathlor, 57.16
- Karoline S. Conradi, Team Conradis, 1.06.56
- Sandra Ling, IKHP Huskværna, 1.11.41
- Anouk Garnier, Monumentale, 1.14.47
- Jessie Wermskog, Klubblaus
- Line Elise Ringkilen, Midgard, 1.32.01
STRAVA-KOMMENTAR, ANETTE HEIMLI JOKSTAD:
- Toughest tour-finale 2026, 2.plass:
- Finalen er en jaktstart hvor poeng fra årets fire løp gjøres om til sekunder. Jeg startet 195 sekunder/poeng bak Tyra som ledet an. Følte meg litt tung i beina – kanskje på grunn av vått gress og vind, for mange sa det samme. Tok likevel innpå lederen utover i løpet og trodde jeg hadde kontroll på luka bak. Kontroll bak hadde jeg visst ikke…., Gunhild dukket opp rett bak meg på monkeybar etter å ha tatt et jafs i mudland. Da måtte jeg kjempe hele veien inn for å holde en liten luke til Gunhild. Prøvde å unngå at vi skulle komme side om side inn mot siste hindrene (Gunhild er livsfarlig i duell).
- Inn mot rampa fikk jeg med meg at Tyra hadde bommet på rampa og det åpnet seg faktisk en liten mulighet for seier. Men i det jeg rundet inn foran rampa tok hun ny sats foran meg, og da klarte hun den. Jeg klarte den på første forsøk, og holdt med det luka bakover til Gunhild
- Alt i alt fornøyd med å nesten hente inn 3 minutt foran, samt holde unna bakover når Gunhild kom som en rakett på slutten.
- Tar med meg dagens beste dametid, og alle hyggelige ord fra venner, konkurrenter, publikum og arrangør.
- Toughest er fortsatt noe av det morsomste i OCR.
Som vi ser; ei skadefri, sterk og offensiv Anette i aksjon i Gøteborg!
Gratulerer med råsterk sportsleg prestasjon!

SMÅNYTT FRÅ LØPSFRONTEN
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. sep 2026

Relativt liten aktivitet på løpsfronten helga 19.og 20.sept. Men neste helg eksploderer det igjen.
Stian Hole spring i København
Denne helga vert ei ganske så stille helg på løpsfronten lokalt. Men det er halvmaraton i København, med ganske mange sunnmøringar i startfeltet. Mellom anna fylgjer VIL-Nettsida spent med på Stian Hole. Han spring halvmaraton der den 20. september. Rykte seier at han tek oppvarminga - ein 5 km saman med kona - i same by på laurdag den 19.sept. Stian har bestetid på 1.25.58 på halvmaraton frå Jølster i juli 2026. Om helse og temperatur spelar på lag, trur Nettsida at han trykkjer seg under 1.25.00 i den danske hovudstaden.
Vidare skal det vere Backyard Ultra Ålesund laurdag 19.september med start 10.00 ved Skarbøvik stadion. Arr SIF/Hessa og Bedriftsidretten Midt Norge. Eitt døgn før start står tre VIL-utøvarar på deltakarlista, nemleg May Evy Nesheim, Eldar Sindre Valkvæ og Hilmar Bjørkheim (Kråkenes). Av desse tre veit vi at Hilmar stiller ikkje. Ragnfrid Aamodt, Funkfit Sykkylven, er mellom dei påmelde.
Men helga etter, 26. og 27. september, vert det ein eksplosjon av lokale løp. Vi nemner:
Sørestrandmila – sju frå Velledalen IL påmelde hittil – vert nok mange fleire
Rauma Backyard Ultra – Sverre Kjerpeset påmeld frå VIL.
Torvikbukt Rundt
Vardeløpet til Von (Langevåg)
Storhornet Opp (Godøy)
Romsdal 5/10/halv
Nattland Backyard Ultra (Bergen) – Hermann Furland påmeld frå VIL (nær 400 påmelde).
MELDING OM SKIFTE AV ETTERNAMN:
Hilmar har sendt oss ei melding i høve skiftet av etternamn. Frå Kråkenes til Bjørkheim. Han skriv:
- Det nye namnet er Hilmar Bjørkheim. Eg har sett Kråkenes midlertidig i parentes, men vil ta det vekk om nokre dagar. Bjørkheim er mor mi sitt namn.
Vidare skriv Hilmar at kroppen kjennest bra etter Ultra Backyard-løpet i Bergen nyleg, der han vann. Han hadde mykje igjen, og at sisterunden i Bergen gjekk 10 minutt raskare enn dei 31 fyrste:
- Blir ingen løp i helga, sjølv om eg er påmeld Backyard på Hessa i Ålesund. Satsar på å bli med på Gloppen halvmaraton fyrste helg i oktober (er påmeld). Kanskje kjem eg meg under 1.18 der. Trur eg sjeldan har vore i betre fysisk form.
Nettsida håper fleire slår fylgje med Hilmar Bjørkheim til Gloppen.
MELDING FRÅ SVERRE KJERPESET
Sverre har sett nye personlege rekordar på det meste denne sesongen. No fortel han at han er klar for Rauma Backyard Ultra (26.sept):
- Nærmar seg med stormskritt eit nytt Backyard Ultra-løp (Rauma 26.sept). Kjenner på kroppen at eg har trena bra og er i god rute. Rekorden min på eit slikt løp skriv seg tilbake til 2024. Då hadde eg ei total løpstid på 7 timar og 40 minutt på 80 km. Eg har eigentleg tenkt å gå inn i dette løpet utan å melde noko, eller ha noko ynskje om tid/prestasjon. Sjølvsagt vil det vere kult å greie fullføre alle 80 km. Pluss at det vil vere ei svært god erfaring å ta med seg mot «Årets Mål» i 2027, Svelvik «last man standing». No har eg helga att, så er det meste av form-topping gjort. Etter det er det berre å lade opp mot laurdag 26.sept – særdeles spent og gira!
Altså ei veke att til Sverre sitt løp, men vi ynskjer hell og lukke når tida er koma!

OLE ROBERT STRØMME TILBAKE
Åtte dagar før startskotet vert løyst for Sørestrandmila haust, har det kome 19 namn på lista over påmeldingar. God spreiing og ganske mange ukjende namn – flott. Men ekstra gledeleg; der har kome eitt namn VIL-nettsida har sakna heile sesongen, nemleg Ole Robert Strømme i klasse M 35-39. Distanse 5 km.
Ein må vel ha lov å kalle dette eit come back, og for Henning Tandstad og hjelparane hans i friidrettsgruppa må det vere ein særs gledeleg gjenkomst. I 2025-sesongen feia Ole Robert gjennom 5 km, Sørestrandmila haust, på 16.45, og han gjorde halvmaraton på 1.20.18 i Jølster. 5 km tida til Ole Robert var den raskaste VIL-tida på landeveg i 2025 (Njål og Anders Westrheim raskare på bane), medan halvmaratontida (1.20.18) var fjerde beste VIL-tid i 2025.
Jan Ketil ute-gløymt i oversikt
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. sep 2026
Jan Ketil Vinnes har sterke 2026-tider i klasse M 55-59, både på 10 km og halvmaraton.
Vi hadde for eit par dagar sidan ei oversikt over kva sterke VIL-tider i 2026-sesongen hadde halde til om utøvaren var i Oslo, og leverte same tid der. Mange topp-10 prestasjonar vart dokumenterte. Men vi gløymde ei viktig brikke, nemleg Jan Ketil Vinnes.
Jan Ketil har sprunge halvmaraton på 1.23.00 i år, ei tid som hadde halde til 4.plass i klasse M 55-59 i Oslo.
10 km har Jan Ketil gjort unna på 37.11 i 2026, ei tid som også hadde gitt 4.plass på same distanse i Oslo (M 55-59).
I tillegg til 37.11 har Jan Ketil også notert 37.18 og 37.22 på 10 km denne sesongen. Stabilt sterk, med andre ord!
Tja: Gratulasjonar på etterskot - betre enn ingen!
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. sep 2026

Såleis hyllar vi i dag jubilantar som har passert 100 år og 80 år
100 ÅR: VELLEDALEN BEDEHUS.
Konradløpet er ganske så svake på toalett-kapasitet i start- og målområdet. Men siste åra har vi fått hjelp av Velledalen Bedehus på området. Dei har halde huset sitt ope for trengande i samband med Konradløpet, noko Velledalen IL er særs takksame for. Og sidan dei ikkje har teke seg betalt for denne viktige tenesta, håper vi mange VIL-sympatisørar kan donere nokre kroner som kombinert toalettleige/jubileumsgåve. Vippsnummeret er: 60263. Og hugs: «Mange bekkar små, gjer ei stor Å»
Velledalen IL gratulerer Velledalen Bedehus med vel overstått 100 års markering!
80 ÅR: GRETHE JORUNN RAMSTAD FET.
For litt sidan passerte Grethe Fet 80 år. Ei dame som har markert seg på fleire felt i Velledalen IL. Ho er den kvinna i Velledalen som har flest positive idrettsmerkeprøver. Ein stad mellom 50-60. Og det er mykje, når nettsida kan fortelje at dette var ein «syssel» ein vanlegvis starta opp med i 17-20 års alderen. Vidare har Grethe hausta mange premiar som trimpostvinnar opp gjennom åra, og det var ikkje akkurat små doseringar ho la bak seg, heller. Og så har ho gjennom åra baka eit utal kaker til store og små samkomer/arrangement i Velledalen IL (og fleire andre lag). Sitt fyrste verv i Velledalen IL fekk ho så langt tilbake som i 1978. I trimgruppa, saman med Åge Johnsen, Elling Hole og Atle Hole.
Velledalen IL gratulerer Grethe med overstått 80 års dag!
Kan nokon hjelpe til med bokbyte på trimpostane..?
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. sep 2026
Kontakt i så fall Nils Terje Skylstad
Det er kring 14 dagar att av trimpostsesongen som strekkjer seg frå 1.oktober 2025 til 1.oktober 2026. Det vil seie datoen 1.oktober er ikkje hundre prosent eksakt. Det fungerer nemleg slik at ny bok betyr ny sesong, anten skiftet finn stad 1. oktober, 2.oktober eller 30.september. Velledalen IL har per i dag 15 trimpostar.
Trimpostane sorterer under trimgruppa i Velledalen IL. Men det er Nils Terje Skylstad, frå ein posisjon på utsida av gruppa, som dei siste åra har drifta trimpostane. Alt frå tilsyn av postane, til summering av turar og poeng. Ganske omfattande i seg sjølv. Difor håper vi det finst menneske som vil hjelpe til med det komande bokbytet rundt omkring.
Jobben er enkel. Ein tek med den nye boka (som ein får av Nils) til posten (og legg den igjen der), og tek med den gamle tilbake, og leverer den til Nils.
Om nokon vil hjelpe til er vi takksame for det. Kontakt i så fall Nils:
Tlf 416 28 557
E-post: terj-sky@online.no
Bislett: Sesongens beste kvinne-3000 av Anette
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. sep 2026

Kom i mål til den flotte tida 11.13.6, sesongbeste for Velledalen IL på 3000 meter baneløp.
Løpet i kveld på Bislett vart arrangert av Sankthanshaugen Løpeklubb. Kring 200 utøvarar var påmelde. Anette Heimli Jokstad var einaste VIL-utøvar i akjson.
RESULTAT 3000 METER, BISLETT, 15.SEPTEMBER 2026:
KVINNER, UANSETT KLASSE:
- Maria Isabel Bipop Bang Jensen, Vidar, 10.16 (K elite)
- Linn Beate P. Onsrud, Oslo 10.19 (K 35-39)
- Mille Haneberg, Haslum, 10.33 (K 20-22)
- Sonia Nakamura Slettvåg, Vidar, 11.08 (K11-12)
- Anette H. Jokstad, Velledalen IL, 11.13 (K 35-39)
- Jenny Wissting, Svorkmo NOI, 11.23 (K 45-49)
- Hedda Skaar, Bergen, 11.54, (K 23-34)
- Karine Røstad, Oslo, 11.58, (K 40-44)
- Synøve Brox, Vidar, 12.13 (K 65-69)
- Mari Nyhaug, Hafslund Eidsiva BIL, 12.20 (K 23-34)
- Nina Rødsmoen, Sandnes IL, 12.23 (K 65-69)
- Lili Spitzer, Oslo, 12.26 (K 35-39)
I alt 32 fullførande kvinner.
Svært godt levert av Anette, som no tydelegvis er i glimrande løpsform! Tida hennar frå Bislett i kveld er beste kvinnetid for Velledalen IL på 3000 meter bane i året 2026.
Ulrik Rokseth Nordstrand: Innmeld i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. sep 2026
Den særs løpssterke ungguten, Ulrik Rokseth Nordstrand, er innmeld i Velledalen IL
Ulrik har alt fleire løp bak seg i 2026- sesongen. Under Sparebank 1 Vartdalsstranda Halvmaraton i mai, fullførte han med glans 10 km. Utan tidtaking, men som ein av mange som sprang under «Team Kristian Øye». Konradløpet 2026 gjorde han unna på tida 22.38, ei glimrande tid av ein utøvar som eigentleg sorterer under klasse M 11-12.
Ulrik deltok også under løp 1, Sørestrandmila, 2026. Her gjorde han 25.05 på fem km, ei tid som er enno 20-30 sekund sterkare enn 22.38 på Konradløpet. Om ikkje lenge (26.september) vert løp 2, Sørestrandmila, arrangert. Der håper vi sjølvsagt å ha Ulrik mellom deltakarane, og vi går ut frå at distansen vert tre eller fem kilometer.
Og seinare i haust, og gjennom vinteren, er det ny vinterkarusell i Ålesund (Fremmerholen) – glimrande treningsløp for unge og eldre.
Somme gjekk glipp av fine plasseringar i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. sep 2026

Det formeleg aular av gode løparar i sine respektive klasser i Velledalen IL no.
Som kjent fekk vi ei rad sterke plasseringar sist helg i Oslo. Vi nemner:
2.plass: Andreas Nakken halvmaraton klasse M 22-23
6.plass: Per Inge Bjørnestad halvmaraton klasse M 55-59
8.plass: Njål Torillson Tyssing halvmaraton klasse M 40-44
11.plass: Fridtjof Fredriksen halvmaraton klasse M 60-64
14.plass: Elisabeth Hetlevik halvmaraton klasse K 60-64
15.plass: Christina Holmberg Oslo-trippelen klasse K 23-34
16.plass: Frode Mauren 10 km klasse M 50-54
16.plass: Sivert Nakken halvmaraton M 22-23
18.plass: Roger Malvin Hole halvmaraton M 60-64
25.plass: Constantin Rust 10 km klasse M 23-34
31.plass: Marita B. Andreassen halvmaraton klasse K 50-54
38.plass: Svein Arne Nakken 10 km klasse M 60-64
Men sjå her, kva dei kunne gjort dei som ikkje var her:
Espen Utgård Sæther har 1.11.24 på halvmaraton frå Berlin i mars 26. Hadde halde til 5.plass i tøffaste klasse, M 24-34 i Oslo
Sverre Gunnar Brunstad sine 3.03.41 på heilmaraton i Tromsø i sommar hadde halde til 5.plass i M 55-59 i Oslo.
Eldar Sindre Valkvæ sprang heilmaraton på 3.32.34 i Ålesund i juni. Hadde halde til 2.plass i M 65-59 l Oslo.
Eldar Sindre har 1.33.28 (Revetal, mai) på halvmaraton i år. Tida hadde halde til 2.plass i Oslo i M 65-69.
Eldar Sindre har notert 42.10 på 10 km i 2026. I Oslo hadde det halde til 4.plass i klasse M 65-65.
Bjørn Arve Brune har i år 41.36 som bestetid på 10 km. Hadde gitt 3.plass i Oslo i M 60-64.
Bjørn Arve 1.32.51 på halvmaraton frå juni i sommar. Tida hadde halde til 6.plass i M 60-64 i Oslo.
Malin Berge sprang heilmaraton i Ålesund (juni) på 3.25.31. Tida hadde gitt 10.plass i K 35-39 i Oslo.
Og truleg finst der fleire . Dette var eit knippe på åtte topp-10 plasseringar plukka ut i full fart. Og merk dykk for ein utøvar Eldar Sindre Valkvæ er. Årsbeste-tidene til 67-åringen hadde halde til to 2.plassar og ein 4.plass i Oslo. Kvalitet!
Stunt-smitte i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. sep 2026
Nettsida har fått tips om at Malin Skage er påmeldt Ironman Tallin i august 2027.
Så langt i Velledalen IL sine 120 år har Christina Holmberg vore stunt-dronninga på kvinnesida. Ho vart fyrste kvinne som tok alle trimpostane under same tur, og har fullført med glans 24-timars løp innandørs på Bislett saman med systera Emma, og ho vart den fyrste som gjennomførte Oslo-trippelen (73,3 km).
No kan det sjå ut som ho får konkurranse. Nettsida har nemleg fått tips om at VIL-utøvar Malin Skage har meldt seg på Ironman Tallin. Sommaren 2027. Vi har ikkje sett oss inn i eksakt kva dette dreier seg om, men eit Ironman dreier seg normalt av ein konkurranse der ingrediensane er symjing, sykling og springing – alt i ganske så store dosar. Altså ein form for triatlon. VIL sine to fremste hittil i soga meiner vi er Radka Vosicka på kvinnesida og Roger Vanebo på herresida.
Men eit Ironman – det overgår det meste, og dette er sjølvsagt ei sak vi kjem tilbake til når det nærmar seg.
Bli med på Oktoberløpet til inntekt for Rosa sløyfe/kreftforeninga 10.oktober!
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. sep 2026
Laurdag den 10. oktober skjer det! Velledalen IL arrangerer Oktoberløpet i år òg. Start og mål utanfor Intersport i Sykkylven sentrum. Klarer vi Sykkylvsrekord i antall påmeldte i år? Ta med deg familie, vennar, naboar og kollegaar og bli med.
Før start blir det fengande oppvarming frå klokka 13: 45! Starttid for løpet er klokka 14.00. Løypa går som tidlegare frå startområdet og forbi det tidlegare legekontoret. Vidare turstien derifrå til Haugneset og gangvegen til Sandella og rundt fabrikken. På tur tilbake går løypa via Berlihaugen og ned igjen til det tidlegare legekontoret før ein går i mål att ved Intersport. Denne løypa er om lag 3 km. Om nokon vil ha ei lengre løype kan ein springe over brua og tilbake igjen i tillegg. Dette blir om lag 5 km. NB! Her blir det tidtaking for den som ynskjer. I år blir det felles løp for born og vaksne. Det er lov å snu før, om ein ynskjer ei kortare løype. I mål ventar uttrekkspremiar på startnummera frå Sykkylven handelsforening, fotograf Stefine Marie og diverse andre sponsorar.
Årets prisar: Born (til og med året dei fyller 17): kr. 100,- Vaksen : kr 300,-
Link til påmelding: https://rosa.satli.net/oktober_regm.html
Det vil bli mogleg å hente ut startnummer dagen før løpet mellom klokka 18 og 19. Du finn oss i dei gamle lokala til dyrebutikken, i Strandgata. Vi håpar at så mange som mogleg melder seg på i god tid før start, sånn at vi unngår lang ventetid og kø like før startskotet går. Laurdag er det mogleg å hente startnummeret sitt frå klokka 12 i dei gamle lokala til dyrebutikken, i Strandgata.
Alt av inntekter går direkte og uavkorta til Rosa Sløyfe/Kreftforeningen! Jo fleire som blir med, jo meir pengar kan vi støtte aksjonen med. Om ein ikkje kan delta på sjølve dagen, set vi pris på om du melder deg på for å vise di støtte. Hjelp oss å farge bygda rosa og skape stemning i sentrum! Kreative innslag i og langs løypa er absolutt lov. Dette er ein dag for å ha det kjekt i lag, skape liv og røre, gjere ein innsats som kan bety mykje for mange! Vi kjenner alle nokon som er ramma av kreft, både nære og fjerne.
Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med Anita Mosby Nakken, telefon 988 23 498
Saksaløpet: Endeleg har resultata kome
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. sep 2026

Fin VIL-innsats. Fire mellom dei 17 beste. Dobbelsiger i klasse M 15-19.
Vi har venta med lengsel på resultata frå Saksaløpet. Det tok si tid, men i dag, tysdag, kom dei. Og fortel at 81utøvarar deltok totalt, av desse 29 i konkurranseklassa.
RESULTAT SAKSALØPET, URKE, 2026:
1. Andreas Skylstad, Norangdal IL, 45.06
9. Sverre Kjerpeset, Velledalen IL, 55.20 – nr 4 i M 35-54
10. Sigurd Ringdal Linga, Velledalen IL, 56.27 – nr 1 M 15-19
11. Brynhild Synstnes, Åndalsnes IF – beste kvinne
15. Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL, 1.01.13 – nr 2 M 15-19
17. Alastair Brunton, Velledalen IL, 1.01.46 – nr 7 M 35-54
ANDRE:
21. Michal Sermet, 1.04.56
23. Lisa Schmidt, 1.06.37
26. Eldar Kurseth, 1.08.11
27. Kristin Dvergsdal Haugen, 1.09.54
Som ein ser godt levert av våre. Og ekstra gledeleg med dobbeltsiger i M 15-19 ved unggutane Sigurd og Jone.
Topp og breidde hand i hand
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. sep 2026

Kvar plasserte Velledalen IL sine raskaste menn seg i totalbilete..?
Dei fleste reportasjane hittil om Velledalen IL sine menn og kvinner frå Oslo Maraton har handla om breidde. Her kjem ei sak om toppane.
Om nokon plasserer seg mellom dei 100 beste totalt (altså uansett klasse), skal alle vere klar over at dette er ein formidabel prestasjon. Velledalen IL hadde to slike i Oslo sist helg. Njål Torillson Tyssing (halvmaraton) og Constantin Moses Rust (10 for Grete).
10 FOR GRETE (10 KM):
Her vart Constantin Rust nummer 36 totalt – av mange tusen deltakarar – og nummer 35 av alle menn. Han vart slegen av berre ei kvinne (Hanne Mjøen Maridal).
Constantin vart med tida 31.36 beste løpar som representerte nokon klubb i Møre og Romsdal.
Ser vi på området Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal greidde fire løparar ei topp-100 plassering:
32. Reidar Austrheim, Jølster IL, 31.21
36. Constantin Rust, Velledalen IL, 31.36
52. Arne Kalland-Olsen, Ålesund FIK, 32.40
53. Knut Olav Øygard, Jølster IL, 52.40
Stor honnør til Constantin, som kom rett frå hamstring-skade, og vart best frå Møre og Romsdal. 1,04 føre Arne Kalland-Olsen, ÅFIK.
HALVMARATON (21,1 KM):
Her hadde Velledalen IL Njål Torillson Tyssing inne mellom dei hundre beste totalt, også her mellom tusenvis av deltakarar. Her kom heile fem sunnmøringar inn mellom dei 100 beste, uansett kjønn og alder. Njål nummer 75 av desse.
Løparar frå Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal som greidde ei topp-100 plassering:
62. Bendik Vereide, Gloppen FIL, 1.17.52 (M 23-34)
63. Ola Valaas Jensen-Skare, Valder IL, 1.17.54 (M 35-39)
68. Erik Henriksen, Ålesund FIK, 1.18.07 (M 45-49)
75. Njål Torillson Tyssing, Velledalen IL, 1.18.46 (M 40-44)
79. Stian Nedrelid, Volda T & IL, 1.18.55 (M 45-49)
95. Karl Idar Vik, Syvde IL, 1.19.42 (M 45-49)
Dette var Njål sitt fyrste løp etter ein lang «Jumpers knee»-skade. Sett på den bakgrunn ein glitrande prestasjon! Legg elles merke til den fine spreiinga av klubbar!

HEILMARATON (42,2 KM):
Ei stor øving for Velledalen IL sidan både debutant Johanne Hjortdal (4.30.19) og Oslo-trippel-debutant Christina Holmberg (4.26.41) fullførte med glans. Ingen frå Møre og Romsdal er inne på topp-100 lista på distansen.
Løparar frå Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal inne mellom topp-100:
84. Matias Navelsaker, Eid IL, 2.53.51.
Her kunne Velledalen IL hatt Hilmar, Njål og Espen inne på lista, men ingen av dei starta på distansen.
VIL-Nettsida sender ei spesial-helsing til Espen som er i ferd med å byggje seg opp att, mellom anna gjennom sykling i utlandet
Her skulle du ha vore, Espen!
VERDT Å MERKE SEG I DENNE SAKA:
Ikkje alle har eit klubbnamn bak namnet sitt. Dei opererer som klubblause. Ein del på desse resultatlistene gjer det, fleire til lenger ned ein kjem.
Står der så i resultatlista: Lars Pedersen, 2.36.19 på maraton-distansen, forstår alle at kvar denne Lars Pedersen er heimehøyrande, ikkje let seg gjere å plassere.
Difor kan her vere nokre få feil i denne oversikta
Oslo-helg med Velledalen IL – vi spring saman
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Oslo Maraton-helga er over, og Velledalen IL-friidrett kan sjå tilbake på ei svært triveleg,
sosial og innhaldsrik helg i hovudstaden. Rundt 25 VIL-løparar frå Sunnmøre, Trondheim og
austlandsområdet var samla for å representere klubben på ulike distansar. Ei sprang
trippelen, mange sprang halvmaraton, medan ein del stilte på 10 for Grete.
Det vart ei helg med mykje løpeprat, forventningar, nervar, oppmuntring, pep-talk og ikkje
minst heiarop. For det er nettopp noko av det som kjenneteiknar VIL-løparane. Vi støttar
kvarandre, gir kvarandre ros og oppmuntrar kvarandre, både før, under og etter løpet. Og
ser vi ei VIL-trøye ute i løypa, ja, då skal det heiast. Gjerne høgt og tydeleg. Det skal også
helst takast bilete, for dette skal sjølvsagt forevigast. Ein veit aldri når ein kan få bruk for
dokumentasjon på at ein faktisk var der.
Nokre av deltakarane kom til Oslo allereie torsdag, medan dei fleste frå Sunnmøre kom
fredag. For oss som kom med fly, var det berre å få sjekka inn på hotellet og kome seg
vidare til Tøyen for å hente startnummer på årets Expo. Expoen var flytta til Tøyen på grunn
av gravferda til Kong Harald og stengde klokka 20.00, så her var det berre å halde tempoet
oppe. Startnummer skulle hentast, og i tillegg var det sjølvsagt mogleg å sikre seg både
snacks, drops, gels, klede og diverse anna løpeutstyr. Expoen er ein litt farleg stad dagen før
løp. Ein går inn for å hente startnummer og kjem gjerne ut med ting ein ikkje visste fanst –
og som ein plutseleg er heilt sikker på at ein ikkje kan gjennomføre løpet utan.
Laurdagen var den store løpsdagen. Først ut var Christina Holmberg, som skulle
gjennomføre trippelen. Maratonstarten gjekk klokka 09.00, og ein gjeng VIL-løparar var
sjølvsagt på plass for å få med seg starten og ønskje Christina lukke til på første etappe. Ho
hadde tross alt berre tre løp framfor seg. Vi andre kunne nøye oss med eitt.
For oss er det viktig å vere der det skjer. Vi ønskjer å støtte kvarandre og vere ein del av
løpsopplevinga, også når vi sjølve ikkje står på startstreken. Det er noko heilt spesielt med
dette miljøet. Vi møter folk vi kjenner godt, folk vi kjenner litt, og kanskje nokon vi møter for
første gong. Men når vi står saman i VIL-trøya, er det kort veg til både samtale, oppmuntring
og heiarop.
Etter maratonstarten var det ei stund til halvmaratonstarten klokka 13.00. Nokre rusla langs
løypa og Karl Johan, medan andre tok turen opp i Slottsparken. Der var den flotte
blomsterhagen til minne om Kong Harald absolutt verdt eit besøk.
Før halvmaratonstarten var det klart for det obligatoriske fellesbiletet utanfor Victoria Hotel i
Rosenkrantz' gate. Rundt 25 VIL-løparar stilte opp, og det var eit flott syn å sjå den store
gjengen samla midt i Oslo sentrum. Her var løparar med ulike mål, ulik form og ulike
ambisjonar, men alle med den same klubben i ryggen.
Etter kvart som halvmaratonløparane gjorde seg klare til start, var mange av VIL-løparane
som skulle springe 10 for Grete allereie ute i løypa. Dei heia, ropa, tok bilete og følgde med
på klubbkameratane som var i aksjon. Når ein først har fått på seg VIL-trøya, verkar det som
heiarop kjem ganske naturleg.
Det vart mange gode og motiverande heiarop langs løypa. Og når ein sjølv står ute på
asfalten og kjenner at beina byrjar å bli tunge, betyr det faktisk mykje å høyre eit kjent «Heia
VIL!» frå sida av løypa.
Når 10 for Grete-løparane skulle starte rundt klokka 16.30, vart rollene bytta. No var det
halvmaratonløparane som var ferdige med sitt løp, og dei som framleis følte seg spreke nok
til å stå på beina, gjekk ut i sentrum for å heie på 10 for Grete-gjengen.
Det vart på mange måtar ein stor VIL-stafett gjennom Oslo sentrum, der løparane heia
kvarandre fram gjennom dagen. Du heiar på meg, og eg heiar på deg. Slikt skaper
fellesskap, og det betyr mykje når kreftene byrjar å minke.
Og innsatsen stod det ikkje på. På halvmaraton vart det sett personlege rekordar, og mange
av VIL-løparane sette årsbeste på distansen. For ein av oss vart det også litt ekstra spesielt:
Same løype, same distanse og nøyaktig same sluttid som for to år sidan – 1.25.17. Berre éin
liten detalj var annleis: Det hadde gått to år sidan sist. Og sidan vedkomande heller ikkje ser
på klokka undervegs i løpet, må ein vel kunne seie at det var ganske godt timet – heilt utan å
vite tida undervegs. 😊
På 10 kilometer fekk vi også både nye personlege rekordar og løparar som gjennomførte sitt
første 10-kilometersløp i Oslo. Det viser at det vart gitt full innsats av alle – uansett nivå og
målsetjing. Her var det mykje å vere stolt av.
Og under ei slik helg blir det sjølvsagt også plass til nye titlar. Ei av dei meir uoffisielle, men
ikkje nødvendigvis mindre prestisjefylte utmerkingane, gjekk til «helga si store
negative-splitt-dronning». Slike titlar blir gjerne til heilt av seg sjølv når løpepraten går, og
kan fort bli ein del av VIL-historia. 😄
Vêret var stort sett på løparane si side under maraton og halvmaraton, medan 10 for
Grete-løparane fekk litt meir regn mot slutten. Men litt regn skremmer vel ikkje ein
sunnmøring. Vi er jo van med at vêrmeldinga meir er eit forslag enn ei garanti.
Etter løpa var det tid for middag og sosialt samvær. VIL-løparane fordelte seg på ulike
restaurantar rundt omkring i Oslo. Ein gjeng tok turen til Delicatessen på Aker Brygge,
medan andre hadde avtalt middag andre stader. Etter ein lang dag med løping, heiarop og
mykje aktivitet var det godt å setje seg ned, ete godt og senke skuldrane.
Seinare på kvelden samla mange av VIL-løparane seg til ein felles sosial prat i andre etasje
på Hotel Victoria. Her var det slutt på kilometertider, pulssoner og løpsstrategiar. No var det
viktigaste å prate, le og oppsummere dagen – og kanskje finne ut kvar alle hadde fått vondt.
For sjølv om vi reiste til Oslo for å springe, handlar slike helger om mykje meir enn sjølve
løpet. Det handlar om å møte gode klubbkameratar, bli kjend med nye folk, dele nervar før
start, få oppmuntring når ein treng det og heie andre fram. Det handlar om å glede seg over
andre sine prestasjonar, uansett om det er ein PB, ein årsbeste, ein første 10-kilometer eller
rett og slett ei god gjennomføring.
Det positive løpsmiljøet mellom VIL-løparane er noko heilt eige. Her er det rom for både den
som jagar sekund, den som prøver å gjennomføre sitt første løp, og den som kanskje ikkje
heilt veit kva målet er før startskotet går. Vi er ulike løparar, men vi klarer å glede oss over
kvarandre.
Søndagen kom, og etter kvart gjekk turen heimover for VIL-løparane på ulike tidspunkt.
Hotellrom vart rydda, bagasje pakka og kursen sett heimover – denne gongen utan
startnummer, men med medaljar, løpsminne og kanskje litt stive bein i bagasjen.
Vi VIL-løparar reiser heim stolte, godt nøgde, oppmuntra og veldig glade for å ha fått
oppleve ei Oslo-helg saman med ein flott, positiv og kjekk gjeng som representerer
Velledalen IL-friidrett.
Dette er absolutt ein flott gjeng å reise på tur saman med. Her er det plass til dei som spring
fort, dei som spring litt rolegare, dei som jagar tider og dei som først og fremst ønskjer gode
løpsopplevingar. Og ikkje minst er det plass til nye medlemmer, nye ansikt og nye
løpehistorier.
Kanskje blir vi endå fleire neste gong?
For i Velledalen IL-friidrett handlar det ikkje berre om sekund, kilometer og plasseringar. Det
handlar om løpeglede, fellesskap, oppmuntring, humor og gode opplevingar saman.
Vi spring kanskje kvar vårt løp, med våre eigne mål og våre eigne utfordringar – men vi
spring saman.
Takk for ei fantastisk Oslo-helg – og takk for fellesskapet!
Velledalen IL – saman er vi sterkare. ❤️💙
Per Inge Bjørnestad
Er kvinner betre enn menn på løpsdisponering…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Finst det i det heile noko sikkert svar på kvar som er god disponering….
Vi skal sjå på nokre Velledalen IL-døme frå Oslo:
NJÅL TORILLSON TYSSING:
Har vore ute lenge med skade, og var nok usikker både på distansen og form. Halvegs låg han på fjerdeplass i M 40-44. Han enda som nummer åtte. Ein sterk prestasjon i talrik klasse:
Njål sine nøkkeltal - sluttid 1.18.46:
0-5 km: 18.59 (3.48 per km) – Roleg til Njål å vere
5-10 km: 17.21 (3.29 per km)- Njål trykker til
10-15 km: 18.07 (3.38 per km) – Det går framleis bra
15-20 km: 19.44 (3.57 per km) – Njål har fått det
20-21,1 km: 4.37 (4.12 per km) – Skal vere glad det er slutt.
KOMMENTAR: Alle som kjenner Njål veit han ikkje er nøgd med dette. Han prøvde med roleg start, men fekk det likevel mot slutten. Neste sesong er det M 45-59 som gjeld, og det må vere gledelg for Njål at vinnaren der var på 1.17-talet. Der kan han sjølv vere – og kanskje lågare - når vi skriv 2027…. om han får vere skadefri, vel å merke.
MARITA BJØRKELID ANDREASSEN:
Har trena godt i 2026 etter eit år med mykje trøbbel store delar av 2025. Persa på halvmaraton under Nyttårsmaraton i Ålesund mot slutten av 2025 med tida 1.48.09. Målet i Oslo var å slå den,
Marita sine nøkkeltal – 1.47.04:
0-5 km: 26.48 (5.22 per km) – Ekstrem roleg start
5-10 km: 24.33 (4.55 per km) – Aukar farta kollosalt
10-15 km: 24.55 (4.59 per km) – Held trøkket oppe
15-20 km: 25.10 (5.02 per km) – Ny pers er berga
20 – 21,1 km: 5.40 (5.10 per km) – Skal vere glad det er over.
KOMMENTAR: Marita greidde målet sitt. Ny pers med 65 sekund. Alle ekspertar ville truleg sagt at opninga 0-5 km var MINST minuttet for svak. Spørsmålet er; hadde ho slokna tidlegare med minuttet raskare fyrste 5 km. Marita vart nummer 31 i K 50-54. Neste sesong spring ho i K 55-59. Same tid i den klassa hadde utgjort 15 plassar opp i Oslo….
PER INGE BJØRNESTAD:
Har trena solid og mykje gjennom fleire år, men har siste 1-2 åra vore gjennom sin del av skadar. Men kom sterkt tilbake i 2026. Løpet i Oslo var hans tredje på distansen for året. Med 1.25.24 frå Jølster som best.
Per Inge sine nøkkeltal – 1.25.17:
0-5 km: 20.06 (4.02 per km) – Kontrollert opning.
5-10 km: 19.36 (3.56 per km) – Dette kjennest bra, tenkjer han
10-15 km: 20.14 (4.03 per km) – Framleis innanfor planane
15-20 km: 20.44 (4.09 per km) – Per Inge byrjar kjenne det
20 21,1 km: 4.39 (4.14 per km) – Glad det er over
KOMMENTAR: Dette er OK disponering. Og med ei sluttid på 1.25.17 – sju sekund raskare enn i flate Jølster – då må han vere nøgd. Og pussig nok; nøyaktig same tid som i 2024. Når ein er i klasse M 55-59, og ikkje taper seg i tid over ein periode på to år, då gjer ein mykje rett. Og ein sjetteplass i M 55-59 – i dette selskapet – er ein framifrå god prestasjon!
ELISABETH HETLEVIK:
Sorterer under Kongsberg-avdelinga saman med ektemannen Roger, men har hytte i Velledalen. Vi veit lite om korleis ho trenar, men nemner at ho i september 2025 kom inn på 1.55.04 i Oslo.
Elisabeth sin nøkkeltal – 1.49.53:
0-5 km: 26.54 (5.23 per km) – Seks sekund bak Marita.
5-10 km: 25.34 (5.07 per km) – Solid fartsauke
10-15 km: 25.35 (5.07 per km) – Held koken på glitrande vis
15-20 km: 25.25 (5.12 per km) – Æra er berga, vert ei fin tid
20 – 21,1 km: 5.55 (5.24 per km) – Men no er godt det er slutt.
KOMMENTAR: Inn til finfin14.plass i klasse K 60-64, fem minutt og 11 sekund raskare enn for eitt år sidan. Svært bra i Elisabeth sin alder. Vi merkar oss ein ganske roleg start, og elles svært likt løpsopplegg med Marita. Alt tyder på at å køyre «safe» ut frå start ligg i kvinnene sin natur.
Dette var litt stoff for spesielt interesserte. Kanskje er vi menneske så ulike på området løpsdisponering, at det beste er å prøve seg fram på eiga hand, og så drage eigne konklusjonar. Men vi kan vere samde om dette: Svir ein av i meste laget i ei tidleg fase, er det ikkje sikkert ein får fyr på lunta igjen seinare i løpet.
Nina Larsen Brune dronninga av negativ splitt i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026

Stor helg for Nina Larsen Brune i Oslo
I Velledalen er Nina Larsen Brune best kjend som kona til Bjørn Arve Brune. Han er den einaste i Velledalen IL som har tre KM-titlar i halvmaraton på rappen (2024, 2025 og 2026), og stort sett topp-10 i eiga årsklasse i alle store løp når han er skadefri. Dessutan er Brune-Bjørn medlem i friidrettsgruppa til Velledalen IL.
Men det var kona, Nina, denne artikkelen skulle dreie seg om. Før denne helga var ho best kjend i Velledalen som ein racar på Stikk-Ut postar. Ho har vore innom det meste. Både i Stranda, Sykkylven, og andre stadar. Ho hadde – kanskje utan heilt å vite kva ho gjorde - meldt seg på «10 for Grete» i Oslo. Men det stod ikkje Velledalen IL bak namnet hennar. Stod det berre namnet Nina Larsen Brune, var det på ein måte ganske så anonymt mellom tusenvis av andre namn. Om det var tvang inne i biletet veit nettsida ikkje, men i god tid før start var rett representasjon ordna. Men det stogga ikkje der. Då det under samtalen i Oslo kom fram at ho heller ikkje var grasrotgjevar, var det ikkje lenge før det også var fiksa. Same morgon som løpet i Oslo gjekk, kunne ein nøgd nettside-skribent sjå at Velledalen IL hadde auka frå 100 til 101 gjevarar. Takka vere…. Jau, Nina Larsen Brune.
Så til løpet. Nett-skribenten hadde opplevd så mykje gildt på heil-og halvmaraton, at han skalv på hendene då han rasla med tastaturet for å få fram passeringstider for «10 for Grethe». Den nye teknologien fekk rask på bane at Nina Larsen Brune hadde passert 5 km på 38.28. Då slutt-tida kom fekk nett-skribenten syns-problem. 1.16.37 stod der som slutt-tid. Ho hadde altså pressa siste 5 km ned i 38.09. Negativ splitt med 19 sekund. Som vil seie at ein er raskare på andre halvdel enn fyrste…
Og sjå på karane våre på same distanse:
Constantin: 15.27 + 16.09 =31.36
Frode: 19.35 + 20.19 = 39.44
Svein Arne: 24.20 + 25.14 =49.34
Ingen av dei med negativ splitt, som heller ikkje er det mest normale.
Men heldigvis kom Christina Holmberg inn frå Oslo-trippelen med desse tidene på 10 for Grete:
39.38 + 39.35 = 1.19.13. Negativ splitt med tre sekund.
Kan det vere så viktig om «splitten» er slik eller slik. Nei, det er ikkje viktig. Men… negativ splitt vert teke som teikn på at utøvaren har meir inne. Nina har med andre ord meir inne på 10 km enn 1.16.37. Og neste gong tek ho det kanskje ut – inspirert av ei gild løpshelg i Oslo, som nettsida både trur og håper gav meirsmak.
Ho leverte altså ein 10 km på 1.16.37, ho vart Velledalen IL si «splitt-dronning» på distansen, ho fekk representere ein fin klubb som ho ikkje hadde meldt seg på for, og vart grasrotgjevar til ein klubb som set pris på henne.
Slik kan det gå når ein ikkje er på vakt!
Oslo halvmaraton: Ny personleg rekord på Andreas
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. sep 2026
Vi kom i går i skade for å skrive om ny årsbeste på Andreas. Det korrekte skal vere ny personleg rekord.
I går kveld kom det telefon frå Oslo. Frå ein alltid hyggjeleg Svein Arne Nakken. Han kunne fortelje at Andreas Nakken hadde 1.22.11 (frå Jølster 2025) som pers på halvmaraton før løpet i Oslo i går. Der segla han som tidlegare meldt inn under mållina på storfine 1.21.17. Altså NY PERSONLEG REKORD med 54 sekund.
Her er Andreas sine 5 km tider:
0-5 km: 19.06 (3,50 per km)
5-10 km: 18.27 (3,42 per km)
10-15 km: 19.10 (3,50 per km)
15-20 km: 20.06 (4,02 per km)
20-21,1 km: 4.31 (4,07 per km)
Andreas opna sju sekund seinare enn Njål (18.46 slutt-tid) på fyrste 5 km, og var seks sekund raskare enn Njål frå 20 km og inn.
Og heldigvis for Andreas opererte arrangøren med ei klasse M 22-23, mot den vanlege seniorklassa som går frå 23 til 34 år. Det gjorde at Andreas fekk ein fantastisk flott 2.plass i M 22-23. Sivert ein finfin 16.plass (1.32.49) i same klasse. Såleis fekk Andreas Nakken beste VIL-plasseringa i helga. Den må han nyte. Neste sesong er det nemleg inga bønn. Då ventar hardaste seniorklasse på Gyls-tvillingane – i alle løp.
Solid av Ole Martin i fjell-løpet Nordfjordryggen.
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Medrekna turklassa hadde 421 utøvarar meldt seg på.
Nordfjordryggen Fjelløp har potensiale til å bli stort. Til og med svært stort. I dag var Ole Martin Korsnes einaste VIL-løpar der, i ei helg der vi hadde 24 utøvarar i Oslo og fire sprang Saksaløpet frå Urke. Ole Martin gjorde det godt i Nordfjord. Som vanleg er han sterk på disponering, og fekk ein solid 11. plass i M 35-39 med 31 fullførande i klassa.
RESULTAT NORDFJORDRYGGEN FJELL-LØP KLASSE M 35-39:
- Erik Vadla, Sandnes IL, 2.34.54
- Vegard W Hansen, Gloppen FIL, 2.35.36
- Anders Vonheim, Markane IL, 2.41.24
- Sindre Selvig, Ålesund, 2.55.21
- Tarald Harstad, Oppstryn,2.57.27
- Erlend Aunevik, Fjellhug/Vereide, 2.59.34
- Ørjan Brunstad, Fjellhug/Vereide, 3.02.09
- Aleksander Krokeide, Ørsta, 3.06.07
- Asbjørn H Klakeg, Sogndal, 3.06.20
- Even Hope, Laksevåg, 3.07.59
- Ole Martin Korsnes, Velledalen IL, 3.17.25
- Lars Anders Hoel, Valldal IL, 3.25.59.
Erik Vadla som vann klasse M 35-39 vart totalvinnar i løpet.
Beste kvinne vart Elise Elvehøy, Sogndal IL, 3.07.59, føre Bendikte Aa frå Hyen med 3.10.29 og Hege Ringdal, Sunnylven IL med 3.15.44.
10 for Grete: Tider på Velledalen IL sine utøvarar
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Alle Velledalen IL sine utøvarar fullførte 10 kilometeren i Oslo med glans.
Velledalen IL-tider, «10 for Grete», Oslo laurdag 12.september
1.19.13: Christina Holmberg
1.16.37: Nina Larsen Brune
1.33.01: Anita Mosby Nakken
1.16.56: Birgitte Bonesmo
1.27.00: Susan Gjerde
56.49: Eline Lium Fougner
49.34: Svein Arne Nakken
39.44: Frode Mauren
31.36: Constantin Rust
Om nokon følgde NRK-sendinga frå løpet, såg dei at Constantin fekk ein del TV-tid. Særleg fordi han vart liggjande nær kvinnevinnaren mot slutten av løpet. Denne gongen måtte Constantin gje tapt for spreke Hanne Mjøen Maridal, men det vert siste gongen i samløp. Mesteparten av tida hadde Constantin grei kontroll på kvinne-vinnaren (kring 20 sekund føre etter fem km), men det butta litt mot på slutten. Tida vart likevel god, og tre sekund raskare enn han sprang under Fornebu-løpet i mai, men 36 sekund bak hans eigen klubbrekord for Velledalen IL som lyder på 31.00 (Drammen, april 2026).
Elles viser 10 km resultata at Velledalen IL er langt meir enn nokre få «elite-løparar», om nokon måtte tru det. Og det er svært viktig at laget viser fram meir «saktegåande transport», som tidlegare friidrettsleiar, AP Bøe, ville ha sagt. Breidda, og mangfaldet i troppen er vår fremste styrke.
Christina greidde Oslo-trippelen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Christina Holmberg gjennomførte i dag Oslo-trippelen som den fyrste frå Velledalen IL
Det starta med heilmaraton i dag tidleg klokka 09.00. Her kom Christina inn til tida 4.26.41, og så fort måtte ho nesten springe skulle ho få eit lite opphald før starten på halvmaraton. Den drog ho rutinert i land på 2.54.43, før ho avslutta med 10 for Grete på like i overkant av ein time og 19.minutt.
Når arrangøren hadde summert Christina sine tre tider, kom dei til at småbornsmora hadde brukt 8.40.36 på trippelen. Det gav henne ein 30 plass av alle kvinner og ein 15.plass i klasse K 23-34. Christina si km-tid på den 73,3 km lange runden vart 7 minutt og sju sekund per km.
Dei beste i kongeriket er utruleg gode på å pine seg gjennom lange distansar. Anna kan ikkje seiast når beste kvinne, Ida Vang, Tynset IF, brukte 5.24.45 på dei tre løpa. Beste herre Sebastian Conrad Håkansson frå Svorkmo greidde dei tre distansane på smått utrulege 4.27.50.
Men stor honnør til Christina. Eigentleg skulle systera, Emma, ha vore med – begge var påmelde – men det klaffa ikkje slik denne gongen. Men Christina greidde det, og kan føye eit nytt stunt inn i beltet sitt. Kvil deg no, Christina – det har du fortent!
Halvmaraton i Oslo: Marita sette personleg rekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026

Mange levert årsbeste på distansen og flotte klassevise plasseringar
Her kjem halvmaraton-tala frå Oslo:
DNS: Bjørn Arve Brune, Øystein Vikingsen Fauske og Mathias Haddal Hovet
I løypa i skrivande stund: Charlen Djupvik og Christina Holmberg
1.47.37: Hermann Furland – årsbeste. Persen trur vi er 1.47.18 frå Tr.heim 2025
1.59.46: Jan Helge Myhre – god timing
1.49.58: Elisabeth Hetlevik – stor framgang frå 25-sesongen
1.48.08: Roger Andre Vanebo – berga æra med omsyn til kona, meir enn fire min raskare enn i 2025
1.51.36: Trond Bonesmo – 28 sekund bak Jølster 2025
1.47.04: Marita Bjøkelid Andreassen – einaste som sette personleg rekord. 1.05 raskare enn tidl bestetid.
1.32.49: Sivert Mosby Nakken – årsbeste
1.21.17: Andreas Nakken – klar årsbeste med ca 1.30
1.37.48: Roger Malvin Hole – årsbeste
1.36.24: Fridtjof Fredriksen – årsbeste, nesten minuttet raskare enn i Jølster
1.25.17: Per Inge Bjørnestad – årsbeste, hadde 1.25.24 i Jølster
1.18.46: Njål Torillson Tyssing – årsbeste, kjekt å ha Njål tilbake.
Det vart mange sterke plasseringar klassevis. Faktisk fleire topp-10 plasseringar, noko vi kjem tilbake til.

Maratonjentene våre i mål i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
4.26.41 på Christina og fine 4.30.19 på debutant Johanne.
Johanne Hjortdal er ferdig for dagen, men Christina skal vidare. Etter 15-25 minutts pause legg ho i veg på halvmaraton. Og etter det skal ho ha ein 10 km før Oslotrippelen er fullført. Og vi tviler ikkje på at ho greier det. Christina er ein «slugger», som trass sin unge alder har vore gjennom mykje kroppsleg pinsle.
Johanne passerte halvmaraton på 2.07.10, og fekk der stipulert ei heilmaratontid på 4.14.19. Det gjekk fint til 35 km, der slutt-tida vart stipulert til 4.19.03. Frå 30-35 km brukte ho 31.55, men frå 35 – 40 km måtte ho opp i 39.26. Der har det altså hendt eit eller anna, slik det ofte gjer på denne distansen, og særleg mellom debutantar. Men Johanne tok seg greitt til mål til den fine debutant-tida 4.30.19 – ei tid å jobbe med ved neste korsveg.
BRAVO, JENTER!!
Har diverre ikkje bilete av Johanne
Anette vann Trolljegerprøven i Bergen
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Her kjem Anette si eiga skildring av løpet - og vi kan sjå dramatikken føre oss.
Anette skiv fylgjande etter løpet:
- Gøy å teste et nytt hinderløp, Trolljegerprøven i Bergen, på Fløyen. Løpet holdt hva det lovet med gjørme, bakker og vann. Ble to fall, ett skikkelig stup, og den andre på en glatt bro. Løp feil med en gjeng i starten rett etter fallet mitt. Så måtte jeg snu og jobbe inn teten igjen. Fikk en liten luke til neste dame utover i løpet, men så kom det et høyt rør man skulle hoppe over (som rullet rundt). Her ble det bråstopp, og når jeg verken har spenst eller høyde, ble det en umulig oppgave. Dame nr to kom og prøvde en del ganger, og fikk det til etter en liten stund. Så da tenkte jeg at løpet var kjørt. Hindervakten ringte til arrangør og fikk etter hvert beskjed om at vi kunne ta 10 Burbees der som straff, så da fikk jeg omsider fortsette løpet.
- Jobbet meg sakte tilbake i ryggen på teten og mot slutten av løpet kom de tekniske hindrene hvor jeg fikk satt inn en sluttspurt. Det ble en spennende duell mot slutten hvor jeg satte alle hindrene, mens nummer to fikk en bom på den tekniske riggen og måtte i strafferunde.
- Morsomt, slitsomt, rått og kaldt – gøy med familien på sidelinjenog feiring med niese på 1,5
Særs detaljert og god rapport, Anette – og store, tunge gratulasjonar frå VIL-miljøet!

Sjokk-overgang til Velledalen IL – meldt frå Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Stor VIL-aktivitet i hovudstaden i dag. Også på overgangsfronten.
Frå Oslo har nettopp denne meldinga tikka inn til Nettsida:
Akkurat no – sjokk-overgang til Velledalen IL:
Charlen Djupvik (kona til Jan Helge Myhre) har no like etter frukost på eit av Oslos betre hotell, meldt overgang til Velledalen IL. Ho vil om kort tid debutere for klubben under Oslo halvmaraton.
Nettsida reknar med Charlen vert moteken med opne armar. Så vidt nettsida veit har laget som i år fyller 120 år, ALDRI tidlegare hatt ei kvinne i medlemsmassa med namnet CHARLEN. Også priskomiteen til Idrettsgallaen bør merke seg dette!
Fornebu Parkrun: Der fresa Magnus gjennom løypa
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026

Magnus Njålson Taubøll har også vore i aksjon på den store løpsdagen i Oslo.
Det har kome melding frå hovudstaden om at unge, lovande Magnus Njålson Taubøll, også har vore i aksjon på morgonkvisten. 5 km løypa til Fornebu Parkrun vart gjort unna på den flotte tida 26.29. Dette er ny personleg rekord med eitt minutt og 25 sekund. Og ikkje nok med det; guten hadde krefter att mot slutten. Sisterunden var enorm, med ei snittfart på 4.32 på siste kilometeren. Dette lovar svært så bra for komande sesongar!
Begge maratonjentene våre har passert halvvegs
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026

Foto:. Susan Gjerde
Super innsats så langt av Johanne Hjortdal og Christina Holmberg
Christina starta i dag tidleg klokka 09.00. Ho har passert halvmaraton på 2.12.27, og bør seinast vere i mål på 4.35 for å rekke det naudsynte før neste start, som er halvmaraton. Christina spring som kjent alle distansar i dag. Fyrst heilmaraton, så rett på halvmaraton, før det truleg vert ei kort kvild før 10 km. I alt 73,3 km. Oslotrippelen vert det kalla.
Debutant Johanne Hjortdal starta klokka 09.10. Det pussige var – at sjølv om dei to jentene ikkje sprang saman – brukte begge nøyaktig same tid (30.43) på dei fyrste 5 kilometerane. Seinare har Johanne auka farta litt, slik at ho har passert halv distanse på 2.07.10. Johanne hadde som hovudmål å fullføre løpet, og så ein liten draum om å greie ei slutt-tid på 4,20. Etter halvsprungen distanse ser begge måla til å gå i oppfylling. Truleg vil Johanne passere Christina i løypa i løpet av siste halvdel.
Siste nytt frå Saksaløpet og frå Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. sep 2026
Fire VIL-utøvarar påmelde Saksa-løpet – truleg startar 24 i Oslo
God Løpsmorgon!
Siste nytt frå Oslo er fylgjande:
Constantin Moses Rust og Nina Larsen Brune er begge inne i Velledalen IL sin tropp på 10 km (10 for Grete)
Mathias Haddal Hovet stiller IKKJE på halvmaraton, men der stiller Hermann Furland, som av ein eller anna grunn ikkje har kome på lista.
Dermed vert vi truleg 24 startande i Oslo, der Christina Holmberg og Johanne Hjortdal alt er i aksjon i 09-tida.
Så gledelege meldingar frå Saksa-løpet:
Klokka 08.00 i dag hadde Velledalen IL fylgjande tropp i konkurranse-klassa:
Alastair Brunton, M 35-54
Sverre Kjerpeset, M 35-54
Sigurd Ringdal Linga, M 15-19
Jone Schmidt Breivik, M 15-19
SÆRDELES gledeleg med to utøvarar i klasse M 15-19
Nettsida ynskjer ALT GODT for alle – kring 30 stk - som skal i aksjon for Velledalen IL denne helga!
Stor-dag med Petter Northug jr på Stranda
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. sep 2026

Ynskjer nokon eit møte med Petter Northug jr. må datoen 3.oktober reserverast.
Det skjer mykje på Stranda den aktuelle dagen. Fyrst ei rulleskiøkt i samarbeid med Møre og Romsdal Skikrets. Så skal han vere deltakar og kaste glans over motbakkeløpet Roalden Opp, før det heile vert avslutta med ei føredrag innandørs i Kulturhuset.
Sjå elles informasjonen som Martin Espelund har sendt!
Vi får besøk av sjølvaste Petter Northug til årets Roalden Opp.
Han er påmeldt til løpet, og vil i tillegg delta på rulleski økt med barn og ungdom i fra bygdelaga rundt. Dette vil skje utafor Strandahallen ei stund etter Roalden Opp, i samarbeid med Møre og Romsdal skikrets. Her er det mulig å melde seg på.
Han vil avslutte med foredrag på Storfjord Kulturhus etter rulleskiøkta.
Håper å sjå barn og unge fra Velledalen denne lørdagen.
Legger ved linker til påmelding på rulleski økt og til Roalden Opp.
Påmelding Rulleskiøkt (gratis arrangement)
Påmelding Roalden Opp( Konkurranse eller mosjonsklasse)
Mvh.
Martin Espelund
Stranda Langrenn
Oslo Maraton: Melding frå Constantin
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. sep 2026

Det blir avgjort i dag om han stiller i «10 for Grete».
Siste tida har det vore stillare enn vanleg frå Constantin Moses Rust. Her er grunnen:
- Fekk ein grad 1 hamstringsskade på intervalløkt tysdag 1.september. Berre jogga i roleg fart sidan då. No ser det ut til å ha grodd saman ganske fort. Mest sannsynleg spring eg «10 for Grete» på laurdag. Skal på ein siste sjekk med fysioterapeut i dag før endeleg avgjersle. 10 km- forma har nok aldri vore betre. 30.46 er forventninga, 30.29 er draumen.
Vi minner om at Constantin sin klubbrekord for Velledalen IL på distansen lyder på 31.00 frå Drammen, 11.april 2026.
Elles har det kome inn eit tips om at Nina Larsen Brune – identisk med kona til Bjørn Arve Brune – står oppført på startlista for «10 for Grete»
Dermed kan Velledalen IL fort gjort vere oppe i 25 deltakarar totalt, i hovudstads-gatene i morgon. Stort sett alt av resultat for våre utøvarar vil kome på nettsida i løpet av laurdagen.
VIL-utøvarar i konkurranse komande helg
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. sep 2026
arkivfoto
Ny stor idrettshelg med Oslo Maraton som høgdepunktet laurdag 12.september.
Her er det vi veit om, torsdag 10.september klokka 13.00:
NORDFJORDRYGGEN FJELLØP 2026:
Ole Martin Korsnes
URKE CHALLENGE SAKSALØPET 2026:
Sigurd Linga
Irene Mork – eks Velledalen IL (turklasse)
OSLOTRIPPELEN (73,3 KM):
Christina Linnea Holmberg
OSLO HEILMARATON (42,2 KM):
Johanne Hjortdal
OSLO HALVMARATON (21,1 KM):
Marita Bjørkelid Andreassen
Elisabeth Hetlevik
Andreas Nakken
Sivert Mosby Nakken
Hermann Furland
Njål Torillson Tyssing
Øystein Vikingsen Fauske
Per Inge Bjørnestad
Trond Bonesmo
Fridtjof Fredriksen
Jan Helge Myhre
Roger Andre Vanebo
Bjørn Arve Brune
Roger Malvin Hole
10 FOR GRETE (10 KM):
Eline Lium Fougner
Susan Gjerde
Birgitte Bonesmo
Anita Mosby Nakken
Frode Mauren
Svein Arne Nakken
KOMMENTAR:
Her kan bli rokkeringar. Men verdt å merke seg: Greier Christina Linnea Oslotrippelen (fyrst heilmaraton, så halvmaraton og avslutning med 10 km) er ho så vidt nettsida veit fyrste VIL-utøvar som nokon gong har gjort eit slikt «stunt», som vel må seiast å vere i Hilmar Kråkenes si ånd. Vidare er det knytt spenning til Johanne sin debut på heilmaraton. Ho har budd seg godt. Målet er å fullføre og greier ho ei tid på 4.20 vil ho vere storleg fornøgd, har ho uttala. Så er det come back – må det vel vere lov å kalle det – for Njål etter langt skadeavbrot. Truleg spring han fort lell. Og så vidt vi veit er det snakk om VIL-debut, for Birgitte Bonesmo (10 km).
Ikkje alle er i hovudstaden for å springe fort, men somme er her for å setje personleg bestetid. Nokre vil nå måla sine, andre ikkje. Somme vil ikkje eingong snakke om dei, men har draumar. Nokre er i Oslo som ei einsleg sjel, andre samlar heile familien (familien Nakken). Med 23 påmelde utøvarar vert Velledalen IL største sunnmørstroppen i Oslo. Større enn Ålesund FIK, Ørsta IL og Volda T&IL. Og her er kvar og ein av dykk like viktige. Fell tre av dykk frå, er vi nede i 20. Tenk litt på det, her er du ÉIN av fellesskapet – ein av laget. Og slik er det om du spring som du skulle vore piska, eller om du kosar deg rundt løypa i sakte tempo. For somme av dykk vil laurdagen i Oslo vert det største du nokon gong hittil i livet har opplevd med joggesko på beina.
Nyt dagen, ver ikkje ottesam, og vent med lengsel på startskotet. For dette, det greier du fint!
Og til sist; takk for at du representerer Velledalen IL !
Løpet «Blodslitet» arrangert med VIL-deltaking
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. sep 2026

Velledalen IL hadde med ein fin kvartett (sjå Anita Nakken sitt foto) under Blodslitet i Ålesund.
Frå Velledalen IL deltok Andreas Nakken i klasse M 23-34, itillegg til superveteranane Fridtjof Fredriksen (M 60-64), Svein Arne Nakken (M 60-64) og Eldar Sindre Valkvæ (M 65 -69).
Det gjekk slik:
RESULTAT BLODSLITET, ARRANGERT ONSDAG 9.SEPTEMBER
49 PÅMELDE – 46 FULLFØRANDE:
1. Arne Kalland-Olsen, Ålesund FIK, 22.33
2. Sondre Grobakken, Ålesund, 24.39
3. Hans Jakob Hunnes, Ålesund, 25.51
4. Janne Elin Vatnaland, Spirit FIK,25.59 – beste kvinne
5. Erik Sondre Paulsen, Ålesund, 26.12
6. Andreas Nakken, Velledalen IL, 26.30 – nr. 2 M 23-34
7. Jan Fredrik Nordstrand, Løvenvold Tannlegesenter, 26.45
8. Kim Alexander G. Aasen, Ålesund, 27.14
9. Louis Reid, Ålesund, 28.51
10. Stig Are Jørgensen, Sporty Ålesund, 29.02
15. Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 30.15 – nr.1 M 65-69
23. Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL, 32.02 – nr.2 i M 60-64
38. Svein Arne Nakken, Velledalen IL, 35.54 – nr.3 i M 60-64
Vi gjer merksam på at Andreas, Fridtjof og Svein spring i Oslo komande laurdag, så det er ikkje sikkert dei la all verda i årets Blodslit. Andreas og Fridtjof spring halvmaraton, Svein spring 10 km. Så gratulerer vi Eldar Sindre med ny personleg rekord i Blodslitet 2026, med tida 30.15. Rett og slett strålande av ein kar langt oppe i 60-åra – 67-åring for å vere nøyaktig!
O-trio frå VIL på treningsløp på Emblem
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. sep 2026

Fine og lovande takter av Sofie, Ola og Mikkel
I går, tysdag 8.september vart det arrangert treningsløp i orientering av o-gruppa i Emblem IL. Ein kunne delta i fylgjande distansar:
KORT LØYPE: 1800 meter – seks startande – ingen frå Velledalen IL
MELLOMLANG LØYPE: 3100 meter – ni startande – Sofie Fløttum Fauske frå Velledalen IL
LANG LØYPE: 4300 meter -12 startande – Ola Drotninghaug og Mikkel Ibsen Lervåg frå Velledalen IL
RESULTAT MELLOMLANG LØYPE – NI STARTANDE:
- Harald Godø Gjerdahl, Emblem IL, 46.27
- Torgeir Strand, IL Gular, 50.36
- Frank Drønnesund, Emblem IL, 55.09
- Sofie Fløttum Fauske, Velledalen IL, 1.01.25
- Barbro Holene, Emblem IL, 1.26.35
- Geir Nilsen, Emblem IL, 1.32.15
- Jon Thomas Schjølberg, Emblem IL, 1.37.58
- Jonas Schjølberg, Emblem IL, 1.38.29
Sterkt løp av unge Sofie. Vart beste jente/kvinne i denne klassa, og mykje bra å ta med vidare til neste sesong!
RESULTAT LANG LØYPE – TOLV STARTANDE:
- Olav Lundanes, Emblem IL, 35.32
- Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 42.13
- Henning Osnes Teigene, Møre og Romsdal, 42.22
- Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 46.29
- Hallvard Ellingsen Tyldum Emblem IL, 49.04
- Andreas Bro Kolstø, Emblem IL, 51.21
- Lars Roger Lundanes, Emblem IL, 52.45
- Christer Jensen, Emblem IL, 53.39
- Ola Drotninghaug, Velledalen IL, 1.07.56
Fint av våre unge gutar i kamp mot mange vaksne menn, der vinnaren er verdsmeister i orientering for seniorar mange gonger. Mikkel som vanleg generelt stødig på orienteringa, men eit par småbom gjorde at han kom fire minutt bak jamgamle Iver Foss-Dahlberg denne gongen. Ola opna diverre med bom på post 1, og gjekk ikkje heilt feilfri resten av løpet heller. Men han viste igjen at det bur mykje i guten, ved å vere topp-3, i dette selskapet, på eit par av strekka.
Alt i alt gir vi svært gode karakterar til Velledalen IL sin unge trio som var i aksjon på Emblem i går.