Ålesund vinterkarusell: Rapportert om strøkne forhold
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Feb 2026
Ved start 8.februar klokka 13.00 er det meldt opphaldsvêr med gløtt av sol, to plussgrader, og vind av styrke 1 m/s frå nordaust.
Med andre ord; strøkne forhold under fjerde løpet av Ålesund vinterkarusell denne sesongen. Frode Mauren har nyleg vore i løps-traséen – også han melder at:
- Her vert forholda gode, og ein slepp tenkje på piggar under skoa.
Løpet har start i Fremmerholen sundag 8.februar klokka 13.00. Som vanleg med valfri distanse 5 eller 10 km. Fredag 6.februar klokka 11.00 hadde 26 utøvarar meldt seg på. Som vanleg er mange seint ute, slik at deltakinga vil stige vesentleg fram mot løpsstart. Einaste usikre er om kollisjon med morsdag vil spele inn, men neppe i stor grad sidan starten er så vidt tidleg som 13.00.
Einaste påmelde frå Velledalen IL fredag klokka 11.00 var Sverre Kjerpeseth. Han spring 5 km. Men det vil kome fleire. For å bli premiert i karusellen må ein ha tre - eller fleire – av i alt fem arrangerte løp. Hittil har sju VIL-utøvarar premien i boks. Det er:
Fridtjof Fredriksen
Eldar Sindre Valkvæ
Svein Arne Nakken
Bjørn Arve Brune
Frode Mauren
Alf Petter Bøe
Frank Andersen
Desse har to løp og kan sikre seg premien komande sundag:
Jone Schmidt Breivik
Malin Berge
Ludvig With
Pernille Linga
Stig Marius Vestnes
Jan Ketil Vinnes
Desse har eitt løp, og må delta i begge dei to siste løpa for å bli premierte:
Anita Holmberg
Andreas Nakken
Trond Bonesmo
Marita Bjørkelid Andreassen
Sverre Kjerpeseth
Maksimalt kan Velledalen IL få 18 utøvarar premierte under Ålesund Vinterkarusell 2025/2026.
Friidrettsleiar Alf Petter Bøe har tidlegare uttala at målet er over 50 startar og minst 10 premierte utøvarar.
Med to løp att ser begge måla ut til å gå i boks med grei margin.

PS. Vidare seier rykte at Anders Westrheim vil sesong-debutere denne helga. Det skjer ikkje i Ålesund, men i meir senytrale strok av kongeriket. Ein kar som etter Strava – uttale frå Njål Torillson Tyssing allereie skal vere glitrandegod form
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026