Skirenn: Fleire VIL-løparar skal i aksjon
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Feb 2026
Både på Sjusjøen og i Trondheim skal VIL-løparar i aksjon i morgon
Fyrst ute etter det vi veit, er Gyls-tvillingane. Sivert og Andreas legg i veg klokka 10.00 laurdag 7.februar under Markatrimmen, 36 km i klassisk stil, i Trondheim. Dette er lengste distansen under rennet, der ein elles kan gå 12 klassisk stil, eller ein kan stille i det som heiter Markatrimmen Trim. Både Sivert og Andreas stiller i klasse M 21-30, under rennet som vert arrangert av Trondhjems Skiklubb.
Timen etter Gyls-tvillingane sin start, klokka 11.00, startar tre lokale utøvarar i Sjusjøen Skimaraton 2026. Eit renn med knappe 900 påmelde dagen før renn-start. Her er Søre Ål IL arrangør. Renn-menyen er rikhaldig: 40 km klassisk, 40 km fri, 19 km klassisk, 19 km fri, 19 km Familie og 19 km Trim. Dei tre lokale utøvarane lyder desse namna:
Geir Verpeide, Stranda IL M 65-69
Svein Arne Nakken, Velledalen IL, M 60-64
Stian Mork, Velledalen IL, M 45-49
Nettsida fekk meldt på telefon frå Valle i føremiddag at Geir Verpeide skal stake, dei to VIL-løparane går med festesmurning. Rennet vil markere Svein Arne Nakken sin debut i klasse M 60-64. Alle tre går distansen 40 km. Vi garanterer ingen ting, men kanskje vil orda «Heia Hødd» runge over startsletta på Sjusjøen. Og det kan laget som i dag tapte treningskampen mot AaFK med to mål sikkert trenge!
PS. Vi set pris på at deltaking/resultat vert meldt inn til nettsida. Det er såpass mykje for tida at det er fort gjort at noko «glepp».
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Sverre og Malin sprang i Molde
25.04.2026
Fin 3.plass til Anette under OCR-debuten
25.04.2026
To VIL-veteranar sprang Valderløpet
25.04.2026
Bergen City Maraton: Stian nr 11 i M 50-54
25.04.2026
25.og 26.april: Stor idrettshelg
25.04.2026
Orientering: KM sprint i Molde i dag
25.04.2026