Konradnytt 10 dagar før start – sjå dei påmelde
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Apr 2024

Då er det knappe 10 døgn til start i det 21.Konradløpet. Som vanleg med start frå Brunstad i Velledalen – klokka 05.15 presis
Her er siste nytt:
- Vi veit mange har stor interesse av å sjå kven som har meldt seg på. Vi legg no ut ei lenke sli at dette kan bli mogleg. Sundag morgon (21.april) hadde vi 75 namn på lista. 16 prosent av dei førebels påmelde har opphav frå andre nasjonar enn Noreg. Denne prosenten har altså auka siste tida
- Ingen ordførar mellom dei påmelde. Og kjem det ingen og vil prøve seg på Jan Kåre Aurdal sin ordførar-rekord, betyr det at den står.
- Ti utøvarar kan få 20 års premie om dei stiller i år, no er seks av desse ti påmelde!
- Men det aller mest spesielle med årets løp er at eit fint knippe purunge utøvarar kan vere kvalifiserte til Konradmedaljen i sølv etter årets løp. Og med purunge meiner vi i aldersguppa 2-3 år. Faktum er at vi har minst fire born i Velledalen /Straumgjerde på denne lista – og tre av dei er alt påmelde. Sjølvsagt er dette berre mogleg ved hjelp av vogn, men likevel. Så i år er det eit knippe 2-3 åringar som skal klappe fram dei over 80 år under premieutdelinga.
- Arbeidslistene til MiniKonrad og Konradløpet vert delt ut ein av dei næraste dagane
- Om nokon vil, er det mogleg å gi gåvepremiar. Kontakt i så fall Alf Petter Bøe, Henning Tandstad eller Vegard Tandstad i friidrettsgruppa.
- Link for påmeldte:https://konrad.satli.net/konrad_deltakere_alfam.php
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
FØRJULSMESSA 2025: VIKTIGE TIDSPUNKT
07.11.2025
Påmeldingsnytt løp – Velledalen IL
06.11.2025
Brunstadsætra best av VIL sine trimpostar
06.11.2025
Ferskaste trimposten kneip 2.plassen
05.11.2025
Løp i nærområdet resten av 2025
04.11.2025