NM 10 km gateløp: Sjå troppen til Velledalen IL!
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mai 2024
Velledalen IL har hatt NM-deltakarar tidlegare, men aldri så stor tropp.
Og faktum er at troppen kan bli endå større. Per no er Hytteplanmila ved Hønefoss – som til hausten er NM 10 km gateløp – fullteikna. Men det vil alltid vere nokon som av ymse grunnar ikkje stiller, og difor slepper andre til.
Kring fem månadar før NM-løpet står desse deltakarane frå Velledalen IL på lista.
M 23-34:
Anders Westrheim
Constantin Rust
Robert Vasset
Espen Utgård Sæther
K 23-34:
Ellen Marie Hole
M 35-39:
Jens Nikolai Handle Jensen
Anders Wigdahl
K 35-39:
Anette Heimli Jokstad
M 45-49:
Tom Audun Rossland Knutsen
K 45-49:
May Evy Nesheim
M 50-54:
Per Inge Bjørnestad
Frode Mauren
K 50-54:
Grethe Helen Tynes
M 55-59:
Alf Petter Bøe
M 60-64:
Bjørn Arve Brune
Vi trur friidrettsleiar Alf Petter Bøe ser fram til denne dagen. Og sikkert fleire enn han. Hytteplanmila plar ha eit øvre tak på kring 4000 deltakarar. Løypa er kjend som rask. Det er seint på året. Difor aldri FOR varmt.
PS. Vi tek atterhald om moglege feil. Men det var desse namna som kom opp då vi søkte «påmelde Velledalen IL»
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025