TOPP-10 TRIMPOSTAR – SAMANLAGT
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Nov 2024
Sjå kven som vart nummer 10, og kven som nesten kom på lista.
10.plassen gjekk til ein kar med eit laaaangt sportsleg rulleblad, nemleg Bård Per Erstad. Truleg best kjend som fotballspelar i VRF, men også som langrennsløpar, stafettløpar og hesteskokastar i Velledalen IL. Han er premiert i alle dei nemnde idrettane, i tillegg til kombinert (hopp og langrenn). Elles er han kjend som mangårig løypesjef for Fjellsæterrunden, han har vore fotball-trenar i VRF og hatt suksessfulle år som lagleiar(oppmann) i VRF sin siste gode periode. Bård har gjennom livet halde seg til kvinneleg manager, ho er framleis aktiv og ber namnet Grete.
Bård vart siste året trimpostvinnar i Riksheimdalen. Dit hadde han 185 turar. Statistikkføraren vår har ikkje funne namnet hans på andre trimpostar gjennom sesongen. Med sju poeng på kvar tur, stogga Bård på fine 1295 poeng siste sesong – godt levert av ein 81-åring!
Topp-10 samanlagt Velledalen IL sine 15 postar siste år:
10. Bård Per Erstad 1295 poeng
Like ved: Ruth Kalvatn 1288 poeng
Så er det å vente med lengsel på namnet til personen som vart nummer ni på lista.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025