Tippefrist snødjupna Dalemyra – sett til 17.des kl 12.00
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Des 2024
Velledalen IL har invitert til julekonkurranse – siste tippefrist 17.desember klokka 12.00
I saka om det vert KVIT JUL i 2024, inviterte vi lesarane våre til å tippe snødjupna i midtsirkelen på Dalemyra stadion 23.desember klokka 12.00. Men vi hadde gløymt å oppgi siste tippefrist, noko som er vesentleg i ei slik sak. Vi har alt fått inn nokre tidleg-tips, som varierer frå null centimeter til 49 cm. Tippar fleire same tal – og nærast rett tal – vert det loddtrekning. Vi lovar fin premie til vinnaren.
Men altså:
SISTE TIPPEFRIST: 17. desember klokka 12.00
SPØRSMÅLET ER: Kor mange cm snø er det i midtsirkelen på Dalemyra stadion 23.desember klokka 12.00..??
SEND SVARET DITT TIL:
E-post: atlehole@online.no
Melding: 917 43 761
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Ledig 28.desember…? Jan Ketil treng hjelp
12.12.2025
Julekupp: 11 VIL-bukser til halv pris
11.12.2025
Velledalen IL har høgaktuelle julegåver
09.12.2025