Jan Ketil Vinnes innmeld i Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mar 2025
Dette vart klart 8.mars under siste løpet i Ålesund Vinterkarusell
Altså på sjølvaste kvinnedagen, melde Jan Ketil Vinnes seg til teneste for Velledalen IL. Jan Ketil spring i klasse M 55-59, og gjorde unna 10 km på 35.40 i Fremmerholen. Best i klasse M 55-59. Jan Ketil har to gonger vorte totalvinnar av Konradløpet, og han er primus motor bak Nyttårsmaratonet i Ålesund, der all inntekt går til «gode formål» eller «trengande» om ein vil kalle det slik.
Sjølv om Jan Ketil ikkje stod oppført som utøvar for Velledalen IL, korkje på påmeldingslister eller resultatlister, har friidrettsleiar Bøe stadfesta innmeldinga.
Dermed vart VIL-tala for siste løpet i Vinterkarusellen 2024/2025 slik:
Totalt 17 deltakarar frå Velledalen IL (alle gutar/menn):
Under 15 år: 1,
15-20 år: 1,
20 -30 år: 2,
30-60 år: 13
Deltakarar 5.løp: 13
Bestetider i 5.løp:
5 km kvinner: Janne Elin Vatnaland, Spirit, 18.42
5 km menn: Kristian Nedregård, Ålesund, 17.00
10 km kvinner: Kari Slutaas Malme, Molde, 40.44
10 km menn: Axel Strålin, Gøteborg, 32.12
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025