Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Apr 2025
Sjeldan, truleg ALDRI, har ein trimpost vorte så total-dominert av ein familie.
- Det er både bra og gale dette her, kommenterte meldaren. Men la vi slå fast at den trottigaste på posten etter halvgått sesong – som ikkje heiter Lervåg til etternamn – er Liv Skogvold. Ein skikkeleg trimpost-veteran som har vorte samanlagtvinnar fleire gonger.
Stoda topp-5, skogsvegen Dravlaus, laurdag 5.april klokka 14.30:
118 turar: Annlaug Lervåg
68 turar: Pernille Ibsen Lervåg
46 turar: Jens Birger Lervåg
13 turar: Tobias Lervåg
10 turar: Mikkel og Bernt Are Lervåg
Ein slik «makt-demonstrasjon» av ein familie, har aldri Velledalen IL opplevd før, etter dei starta med trimpostar!
Men vi er berre halvvegs, så mykje kan endre seg til oktotber.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025

Sterke VIL-veteranar i Atlanterhavsløpet
06.04.2025

Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
06.04.2025

Andreas sprang Campus-løpet i Ålesund
06.04.2025