Espen 2.28.06 på maraton i København!
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Mai 2025
Passerte halvmaraton på 1.12.10 – Ein tøff kamp siste halvdel
Kanonløp av Espen Utgård Sæther i København. Han kom inn på svært sterke 2.28.06, som vil gi han ei framskoten plassering i klasse M 30-34 (noko vi kjem tilbake til). Espen opna tøft med 16.58 på fyrste 5 km, vart fylgd opp av 16.56 på den neste. Han passerte halvmaraton på 1.12.10 – ei kvalitetstid i seg sjølv. Siste halvdel vart tyngre og ein tøff kamp. Men sluttida 2.28.06 er vesentleg betre enn sist han prøvde seg på distansen i København. Då stoppa klokka på 2.30.22.
Men klubbrekord på maraton for Velledalen IL vart det ikkje. Den sit Espen på sjølv – 2.27.03 frå Berlin i 2024.
Nettsida kjem tilbake med meir seinare

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025