Finfint av Emma Olin i Lofoten
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Jul 2025
Foto frå nyss,no
Tok seg gjennom Hoka Lofoten Skyrace med glans
Og i Lofoten har arrangøren gått i ei felle. Over to tusen deltakarar i år, men les Emma Olin sin Strava-kommentar så skjønar ein problemstillinga. For Emma var løpet ei fin gjennomkøyring til Stranda Fjord Trail Race i august, der ho også er påmeld.
Emma sin Strava-kommentar etter løpet:
Hoka Lofoten Skyrace, 32 km:
- Hatt nokre daga med feber og bronkitt. Ikkje heilt frisk enda, så då blei målet å berre kose seg og gjennomføre. Aldri hatt så lite konkurranse-instinkt i mitt liv, eigentleg litt digg å berre nyte! Solid arrangørtabbe, så dei første to timane gjekk i kø. Stod bom stille i 30 minutt!!
Vi tek med nokre resultat, i hovudsak av lokale utøvarar:
Hoka Lofoten Skyrace, 32 km, klasse kvinner over 20 år, laurdag 5.juli 2025:
1.Johanna Gelfgren, Hoka/Ørgryte IS, 3.50.35
11.Therese Johaug, Hoka, 4.19.50
23. Åse Øyehaug, Ørsta, 4.42.18
105. Trine Randen, Stranda, 5.43.19
115. Astrid Bjørdal, Ørsta, 5.47.11
127. Elise Grevsnes Bjørdal, Ørsta, 5.57.35
234. Louisa Stuedahl, Ålesund, 6.44.39
293. Emma Olin Holmberg, Velledalen IL, 7.06.42
351. Yngvild Røv, Ørsta, 7.28.03
467. Elin Sætre Løvmo, Ålesund, 9.09.24
483 fullførande i denne klassa
Så må vi ikkje gløyme at dette var eit nytt eksempel på at diskrimineringa av dei eldre rår så det susar. Trine Randen vart nummer 105, ein knall-prestasjon av ei kvinne på over 60 år. Vi tippar, det var få på hennar alder føre henne på resultatlista! Er ikkje arrangørar av slike løp hendte til å ha ei akseptabel klasseinndeling, bør dei også sleppe å arrangere.
Vi nemner også at Stranda IL sin «fotball-slugger», Ronny Ødegård, gjorde ein fin figur i herreklassa. Han vart her nummer 234 av 538 fullførande på tida 5.31.30.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Strava-kommentarar frå VIL-løparar
06.07.2025
Trimgruppa er klar – er du…?
05.07.2025

Resultat og tider frå Jølster
05.07.2025

Constantin råsterk i fjelløp i Hornindal
05.07.2025

Malin sette klubbrekord på heilmaraton
05.07.2025