Vellesætra ser ut til å vere mannfolka sin post
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Aug 2025
Kjell Skogvold held teten per 14.august. Sjå kven som ligg nærast.
Ein tur til Vellesætra trimpost vert betalt med sju trimpost-poeng. Posten har i alle år vore mellom dei beste av Velledalen IL sine 15 postar. Men det litt pussige er, at «Stikk-Ut» sitt nærver på Vellesætra har ikkje auka besøket på Velledalen IL sin post. Snarare tvert i mot.
Då meldaren vår var på posten torsdag 14.august om lag i 12-tida var stoda slik:
84 turar: Kjell Skogvold
67 turar: Alf Petter Bøe
46 turar: Elling Ivar Hole
35 turar: Åge Magne Vanebo og Inger Anne Brunstad
Like ved topp-5: Svein Helge Hjorthol med 34 turar.
Kjell Skogvold har vore vinnar av posten dei siste åra, og bør ha bra kontroll også i år.
Legg merke til 84-åringen Elling Hole med 46 turar. Han jaktar truleg – og er på god veg – mot ei topp-10 plassering samanlagt.
Det vert feil å seie at ungdomen har markert seg på posten, men vi merkar oss at to personar i fullt arbeid er inne på topp-5. Sterkt!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Lukke til Anette & Nikolai under NM!
14.08.2025

Siste sommarkarusellen i Ålesund
13.08.2025

Kring 570 noteringar i skogsvegen Drabløs
13.08.2025

Oppsummering Stranda Fjord Trail Race 2025
12.08.2025