Vandring på ein skogsveg med tankar kring ei tid som var......
Postet av Atle Jomar Hole den 22. Aug 2025
Arkivfoto
Det er stille over Fet-bøane. Det kjennest som om berre fjella stirrar på meg. Ingen andre. Men kan hende det er nokon der. Bak gardinene f.eks. Menneska synest få på Fet i dag. Svært få mot det dei eingong var.
Bilen vert parkert ved Fet bru. I det eg passerer elva registrerer eg fin vassføring. Eit
vassdrag det er forbode å fiske i. Mandatet for turen er klart. Velledalen IL har 15 trimpostar.
Éin av desse ligg i enden av skogsvegen Fet. Der skal eg ta stoda 50 døgn før sesongslutt.
Lage ei lita nettside-sak.
Eg spaserer forbi ikkje mindre enn tre fabrikk-bygningar. Ein gong gode arbeidsplassar
for truleg 15-20 personar, minst. I dag er det vel einast Leif Ole Fet (66) att, som hentar ut litt
kronasje på om-trekking av møblar.
Medan eg går bortover bøane prøver eg telje kor mange personar eg trur bur i Fet-grenda i
dag. Tala er ikkje sikre, men eg kjem til om lag 16-17 fastbuande. Så reflekterer eg over
grenda sine glansdagar, på 60- og 70-talet, og kjem til at på det meste budde her nok meir
enn det doble. Truleg 40-50 menneske.
Tankane går tilbake til min eigen skulestart – i 1963. Ny skule på Dalemyra, 16
fyrsteklassingar – alle velledalingar. Fire av dei kom frå Fet. Gunhild, Jan Petter, Karsten og
Ole Jostein. Minst kjend av desse er truleg Jan Petter, sidan han har budd borte frå
Velledalen stort sett heile tida etter at grunn-skulen var avslutta. Det var Jan Petter som ein
kald vinterdag med mykje klede, kom i skade for å skvette litt i buksa under skihopp-aktivitet.
Vel heimkomen fekk han litt kjeft for dette, men guten visste å svare for seg: - Ka du pappa
ha gjort viss du vart pissar-trengde midt i sveva…?
Men som konklusjon: Fire 1.klassingar frå Fet i 1963 er meir enn snittet for heile Velledalen
om vi tenkjer dagens fødsels-tal!
Eg går forbi tunet der Hallstein Drabløs budde. Alltid positiv kar, klar med ei hjelpande hand i
Velledalen IL. Særleg i langrennsgruppa, og det renn meg i hug kor fortvila han vart den
gongen kjøkken-klokka han hadde med, stansa midt i eit skirenn. Heldigvis var der andre
klokker i sving, så det vart inga katastrofe.
På andre sida av vegen bur Ragnhild og Kjell, og ikkje langt unna Grethe. Alle tre
pensjonistar. Det pussige er at begge desse to nemnde kvinnene fleire gonger har vunne
(hatt flest turar per sesong) trimposten i skogsvegen Fet. Og nettopp Grethe og Ragnhild er
dei to kvinnene i Velledalen med flest positive idrettsmerkeprøver – i området 50 stk. Begge
inngifte til Fet frå meir sentrale strok av bygda.
Så slår det meg å tenkje; For ei idrettsgrend Fet var i velmaktsdagane. Nokre eksempel:
- Margit Fet vart Velledalen IL sin fyrste bygdameister i alpint i 1951
- Eli Fet og Mona Fet var det fyrste jentene i Velledalen som deltok i alpint på meir
permanent basis.
- På 70-talet hadde Fet-grenda sju dyktige A-lags-spelarar på VRF. Fem av dei til og
med samstundes. I 1973 møtte VRF ingen ringare enn Molde FK i 1.NM-runde i
cupen på gamle Molde stadion. I mål stod ein kar med namn Alnes, men så las
speakeren opp Odd Kåre Fet, Sigbjørn Fet, Einar Fet, Nils Fet og Ole Jostein Fet –
fem blad Fet på rekkje og rad – og då byrja publikum flire. Seinare på 70-talet kom
Øyvind Fet og Pål Rune Fet til.
- Steinar Fet, far til Sondre Brunstad Fet, vart KM-vinnar på 60 meter for Velledalen IL
som 12-åring, også det på 70-talet medan han enno budde på Fet. Steinar vart også
A-spelar på VRF, men det var fyrst på 80-talet.
- Både Magnar Fet og Kaspar Fet vart Æresmedlemar i Velledalen IL, etter eit utal år i
styre og stell for laget.
- Magnar Fet har lengste ståande skihoppet (53 meter) av hopparane til Velledalen IL,
hoppa i ein bakke i Hornindal i 1949.
- Då Velledalen IL sette bestetida (54.42) i Holmenkollstafetten i 1981 kom to av
løparane frå Fet. Einar Fet sprang 1.etappe, Pål Rune Fet etappe nummer tolv. Einar
sprang dessutan sin einaste heilmaraton på 2.50 i Drammen, og han har gjort
halvmaraton på 1.17.07 og 1.17.09 i 40 års alderen.
- Odd Gjersrud var VIL-leiar i to år og tillitsvald i kring 15 år. Brann mest av alt for
alpinsporten og pådrivar for bingo-arrangement i VIL-regi
- Pål Rune Fet vart KM-vinnar i fotball på sjølvaste 17 års dagen i 1978- i den vidgjetne
1-0 sigeren (mål Per Henning Hole) på Langevåg stadion. Som 16-åring var Pål Rune
(fast på VRF sitt A-lag som høgre back) minst like stort talent som Sondre Brunstad
Fet var, men let vere ta rette stega. Pål tok elles KM-tittel i langrenn individuelt som
tenåring og som seniorløpar i 1985 saman med Terje Aurdal og Atle Hole (3X10 km
stafett). Pål har lagt ned ein mangårig og stor innsats i VIL si langrennsgruppe, på
same måten som kona Turid har gjort i trimgruppa gjennom åra.
- På slutten av 1960-talet vart Jan Petter Fet, Karsten Fet og Ole Jostein Fet pionerar
annan alpin-sporten på gutesida, men alt generasjonen før dei på Fet var
føregangsmenn i denne idrettsgreina. Den tida det IKKJE fanst skitrekk som drog dei
opp motbakkane, til og med. Fet-namnet heldt desse tradisjonane ved like også
seinare gjennom sterke prestasjonar frå Øyvind Fet og borna til Einar og Inger Fet
spesielt. Fleire andre frå Fet har markert seg innan alpint, mellom andre borneborn
av Grethe og Odd Kåre, busette i Ålesund.
- Og for å avslutte med eit usportsleg punkt. Grenda heldt seg med eigen
jagarflygar(Kåre) og arkitekt (Kjell P), som både kunne lage høg dur i dalen og fiffe
opp fasadar. Fet-grenda hadde det meste, inkludert flate, fine gardar med nøkternt
dyrehald, og velstelte gardstun.
Personleg kan eg ikkje gå forbi huset der Odd Kåre budde utan å tenkje på han. Mange gode
minne frå fotball og mykje anna. I 1973 var året eg var på min fyrste – av det dei i VRF –
kalla treningsleir. Jau, det vart trena, men i kombinasjon med det som må omtalast som
«utagerande festkultur», kan utbytet diskuterast. Min fyrste leir var sommaren 1973 ved
Haugen (Nordfjordeid). Under opphaldet skulle vi spele treningskamp mot Tornado (nær
Måløy), som var ganske gode denne tida. Planen til VRF, på litt sikt, var truleg at eg skulle
avløyse Odd Kåre på høgrebacken. Så i kampen mot Tornado spela eg h.b, medan ikkje
ukjende Isak Arne Refvik (seinare Viking og proff i Skotland) var min direkte motspelar som
venstre ving for Tornado.
I pausa kom Odd Kåre bort til meg og sa ordrett:
- Viss du har problem med han, skal du ikkje vere redd for å sakse han ned!
Reine ord for pengane, og ei blanko-fullmakt, der altså. Vi tapte kampen 5-3, etter at Isak
Arne Refvik og ein kar ved namn Ole Klaus Bugjerde tidvis herja med oss.
Så fell tankane på Helge Fedt, Fet-grenda sin bygnings-entreprenør. Det var han som sette
opp ny låvebru i Olagarden på Hole då eg var gutahyn. Eg minnest han hadde med seg
Arnold Bolstad som hjelpar. Låvebrua står den dag i dag. Han var kjend for godt arbeid.
Helge Fedt er elles ein av ganske så få som har vore tilskodar under Konradløpet, noko
starttidspunktet heller ikkje direkte innbyr til. Helge sysla sjølv med idrett i yngre år, mellom
anna friidrett og greina tresteg.
Sonen, Håkon, bur ikkje på Fet lenger, men i Straumgjerde. Han har gjort/gjer ein god
jobb for Velledalen IL både i hovudstyret og som dugnadsmann. Siste åra har han vore
særdeles stødig på «rigging» av grendahussalen i samband med større arrangement som
Konradløp og Førjulsmesse. Og han har lagt sjela i rydding av si eiga skiløype på fjellet.
Eg er i enden av skogsvegen. Store deler av vegen har fått eit nytt gruslag. Berre siste
bakken opp er mykje attgrodd med gras. Mest som beitemark. Jobben med boka vert gjort.
117 registreringar med kring 50 dagar att av sesongen. Mindre enn 15 prosent av det som
var normalen i dei gode åra. Nedgangstider så det held, med andre ord. Eg legg merke til at
nesten ingen frå det ein kan kalle nærliggande område har vore her. Det gledelege er at ei
ung jente på kring 20 år har flest turar. Sjeldan kost i det som vert omtala som
«pensjonistane sin heilårs-idrett».
Turen tilbake startar med at tankane fell på Johan Neset, skulestyrar (rektor heiter det vel i
dag) på Velledalen skule då eg byrja der i 1963. Streng og rettferdig. Eit av hans viktigaste
«mantra» var at ingen skulle byrje på skule før dei var skulemodne. Difor var det denne tida
heilt vanleg at born som var fødde seint på året, venta til året etter med skulestarten – altså
byrja fyrst det året dei vart åtte år. Og i dag er vel skuleverket i ferd med å gå tilbake til at det
skal verte lov å «knipse» øyre. Det kunne ein gjere på 60-talet, men det skal presiserast at
det vart ikkje knipsa øyra utan at «offeret» hadde fortent det. Og det var det mange som
gjorde denne tida. I fjerde klasse vart 1956-kullet plassert saman med 1954-og 1955-kullet
(gutar) i kroppsøving. Altså fjerde, femte og sjette klasse i lag. Her var det ikkje mykje «god
folkeskikk» å spore. Vi kan vel seie det slik at hadde ein del foreldre sett sine håpefulle i
aksjon hadde dei vorte skjemde. Den det gjekk utover var lærar Ivar Bjørke. Langt over
streken - for å seie det forsiktig.
I same slengen nemner eg Borghild Neset, kona til Johan. Samfunnsengasjert kvinne
som var på toppen av fjellet Trollkyrkja i langt framskriden alder, men det skal seiast at ho
gav Øyvind Fet æra for at ho kom dit.
Nesten alle var med i korpset. Ei Fet-kvinne som markerte seg der var Kanny Fet. Vart enkje
ganske tidleg. Trur vi gjekk i 3.klasse dagen Jan Petter vart henta heim frå skulen fordi faren
brått døydde. Slikt gjorde inntrykk. Kanny elska nok korpset, og vi kjende oss trygge kvar vi
var i verda med slike kvinner til og dulle og stelle med oss. At bilkøyring ute i verda kunne
vere krevjande for ein velledaling, fekk vi også eksempel på. Minnast at under korpsturen til
Danmark hadde Kaspar Fet «køyrt seg vill», med det resultat at pengestraumen til sonen
Karsten vart vanskeleggjort. Men det ordna seg. Det pla gjere det. Alltid.
Turen tilbake frå enden av skogsvegen Fet er lettare enn oppturen. Nesten så det er
freistande å jogge litt, sjølv for ein gamal mann. Brått kjem eg på ein køyretur med Magnar
Fet – til Ørsta. Trur det var ein laurdag. Magnar hadde fått i oppdrag å køyre Ole Jostein Fet
og meg på juniorkretslagssamling (fotball) i Ørsta. Kan hende Magne Nygård var der også…
I alle fall. Vi var seint ute til ferja i Hundeidvika, men Magnar stod på. Langt over fartsgrensa.
Vi nådde ferja, og vi nådde samlinga. Radar-kontrollar var sjeldnare då enn no.
Så ei historie om Kaspar Fet. Han var god med ord. Då eg vart leiar i Velledalen IL som 21-
åring i 1977, var Kaspar nestleiar, med ei fortid som kombinertløpar. Sterkast i bakken vart
det fortalt. Men på sine eldre dagar vart han «servicemann» for born og borneborn som gjekk
langrenn. Innan smurning av ski var han ein meister, ein einar. Men ein skulle passe seg, av
og til kunne han slå ei skrøne til folk frå andre klubbar om kva som var «dagens smurning».
Under eit skirenn på Emblem kom det ein kar bort til Kaspar og spurde etter Leiv
Drotninghaug. Då sa Kaspar:
- Nei, ej heite ikkje det, men viss du ser ei skinnhue so røykje pipe, då he du
funne rette vedkomande (Ein av Svein Nakken sine favorittar).
På kalde dagar brukte Leiv Drotninghaug skinnhue, og pipe røykte han anten det var kaldt
eller varmt.
Eg passerer Nils-garden på heimveg. Kom i hug eg må fortelje om ei raus gåve frå ein eldre
mann som kom derifrå, nemleg Petter Sevrin Fet. Han hadde slekt på Hole, både i Nygaren
og i Olagarden. Minst ein gong – somme tider to – gonger i året tok han ein «turne» til Hole.
Han tok anten buss eller vart køyrd med bil fram i Nygaren. Så vart det god mat og prat der –
inkludert overnatting – før han spaserte fram i Olagarden. Med same opplegg der – altså ein
tre dagars turne eller «happening» om ein vil.
Petter Sevrin var slik at han likte å snakke med alle – unge som eldre. Eg minnest han
spurde meg ut om kva eg likte å halde på med. Då fortalde eg han at fotball og skigåing
(langrenn) var det eg likte best. Han lurte på om eg gjekk skirenn. Og han fekk vite at det
gjorde eg, men at eg hadde problem med å hevde meg i toppen, fordi dei beste hadde fått
seg langrennski, medan eg brukte vanlege turski med kandahar-binding.
Til jul det året (1966), kom det eit par langrennski til Olagarden. Til Atle, frå Petter Sevrin
Fet, stod det. Lagnaden ville at i januar 1967 arrangerte Velledalen IL KM i langrenn inne i
Holemarka, med base kring stovehuset til Hjørdis og Harald Lødøen. Den aktuelle
januardagen vart skia sende ned i Knutgarden der Torleiv Hole smurde dei, før eg tok min
einaste individuelle KM-tittel (tre sekund føre Jan Bjørdal frå Stranda) på skia Petter Sevrin
gav meg. Ein god mann!
Mitt einaste bilkrasj(hittil) fann stad nær Nordfjordeid på slutten av 1970-talet. VRF køyrde
med privatbilar til ein kamp i NM-cupen mot Eid på Nordfjordeid. Eg var ganske fersk som
sjåfør. Siste biten før vi kom fram skulle vi ta ein snarveg. Ein grusveg. Minnest eg køyrde
bak Lars Kornberg. Ein stad der vegen gjekk over ein bakketopp og rett over i ein litt skarp
sving, vart eg litt hard på bremsa, uerfaren som eg var. Hjula låste seg og det vart ein
kollisjon med ein kar som heitte Håkon Aabrekk. Vi steig ut av bilane – samstundes og
uskadde - der eg vart møtt med orda:
- Hilveta kor du kjæire mann – eg brukar bilen på arbeide kver dag!
Samanstøyten var ikkje hardare enn at bilane var køyrbare, men eine framljoset lyste ikkje
på vegen, men rett ut i skogen, merka vi på heimturen. Medan lagkameratane varma opp,
fylde eg ut skademelding saman med offeret for tabben min. Eg rakk kampen, som enda i
heimesiger, 2-0.
Den som fiksa bilen var Odd Gjersrud. Busett på Fet og med verkstad i Straumgjerde.
Gift med Petter Sevrin sitt borneborn, Olaug – ein flink rosemålar som har støtta mange lag i
dalen med produkta sine til jubileum og arrangement.
Eg er tilbake på Fet bru. Eg snur meg, løfter augo mot grenda og fjella og spør meg sjølv:
- Kjem Fet-grenda nokon gong att….?
Svaret får du ikkje av meg, men varskuet må vere at «fenomenet» er ikkje eit særsyn for Fet.
Det er langt på veg slik stoda er for heile Velledalen – i større eller mindre grad.
GOD HELG!
KJELDER:
Idrettsminne frå Margit Fet (pissar-trend i sveva)
Idrettsminne Svein Nakken (skinnhue som røykje pipe)
Atle Jomar
PS: Trimbingo på Myrdalen sundag 24 august – bingolappar ved tidl. Lade Møbelfabrikk kl 13.00-14.00
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Mann av helga 23.-24 august: Frank Andersen
24.08.2025

Litt om Stavekollen Sky Run
23.08.2025

Njål og Anders sterke i Sankthanshaugen 5000
23.08.2025

Resultat frå Nordvestmaraton på Hareid
23.08.2025