Midtnorsk: Mikkel på pallen i dag – mora vann

Postet av Atle Jomar Hole den 23. Aug 2025

Fantastiske løp både av Pernille og Mikkel på Tynset i dag – 1.og 3.plass.

 

I går vart dei to (Pernille) og fire (Mikkel) på sprinten. Pernille uttrykte ein viss skepsis med tanke på dagens løp. Sju kilometer i luftline tykte ho var langt, og medan klasse-inndelinga var 40+ på sprinten, måtte ho springe i D 35 på langdistanse. Einsbetydande med at ho måtte konkurrere mot løparar som var vesentleg yngre enn seg sjølv (8-9 år). Og det starta heller ikkje bra for Pernille. Bom på fyrste strekket, slik at ho låg sist av alle elleve i klassa på post 1. På denne bakgrunn var det imponerande – rett og slett – at ho gjekk sigrande ut av Midtnorsk meisterskap i klasse D 35.

Her er resultata:

D 35 (11 startande) – 6980meter:

  1. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 58.38
  2. Maja Berger Byåsen IL, 58.41
  3. Guro Torpe Vassenden, Stjørdals-Blink, 58.52
  4. Sunniva Morgan, Malvik IL,1.00.04
  5. Sara Dølvik Husbyn, Stjørdals-Blink, 1.05.04
  6. Melanie Rae Simpson, Wing OK, 1.16.23
  7. Ida Noddeland, Wing OK, 1.17.52
  8. Marit Irene Kvittem, Freidig, 1.20.40
  9. Jenny Persson, Byåsen IL, 1.22.12
  10. Ragnhild Utstumo, Vingelen IL, 1.23.09

 

H 13-14 (13startande) – 3400 meter:

  1. Eirik Sæther Fossum, Stjørdals-Blink, 21.59
  2. Linus Foss-Dahlberg, Emblem IL, 22.58
  3. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 23.10
  4. Aksel Sandstad Skjeset, Frol IL, 24.34
  5. Johannes Gudding, Verdal OK, 25.04
  6. Erik Hemming, Frol IL, 25.21
  7. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 25.31
  8. Linus Fossum Malmring, Freidig, 26.26
  9. Sivert Gording Hermo, OK Skøynar, 27.42
  10. Filip Leonard Nolte, Freidig, 30.17

 

Avstanden oppover var kort for Mikkel både på sprinten og på langdistanse. Det klart mest imponerande med orienteringa hans desse to dagane, er den sikre, og stødige orienteringa. Han er ikkje best på mange strekk, men den store styrken er at han feilar aldri. Skikkeleg imponerande av ungguten – dette er skogsnavigering i særklasse, Mikkel!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.