Ei tid som var: Henta frå Kakeetar-festivalen 2002

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Des 2025

 

Dei kom tett høgdepunkta i Velledalen i 2002

 

Anna kan ein ikkje seie med Kakeetarfestival den 7.april og Konradløp 1.mai. Mest så ein ikkje kom seg til hektene mellom slaga. Vi reknar med dei fleste kjenner dei tre kvinnene på flygebladet. Tre kvinner i sin beste alder (Torhild Horsevik Skogvold, Kristin Grebstad og Sølvi Sæther) som fekk vere med på mykje galskap, sidan dei sat i VIL-styret både då den fyrste Kakeetar-festivalen vart avvikla, og det fyrste Konradløpet arrangert.

 

Kakeetarfestivalen vart så populær at den sprengde kapasiteten i  Velledalen grendahus. Der var rett å slett ikkje sitjeplass til alle. Som de ser kom heidersgjesten frå Stranda, kvalifisert gjennom ei topp-6 plassering i OL 8utfor) ikkje så lang tid tidlegare. Prisane var heller ikkje avskrekkande, og det fanst nok dei som ikkje stogga før navelen stod som ei spreng sikring – og då er det nok referert til anna type sikringar enn dei som vert nytta i dag. Kakeetarfestivalen heldt det gåande kring fem år, stogga av Mattilsynet. Dei meinte vi opererte  med lettbederveleg mat, som berre kunne lagast på godkjende kjøkken. Slike tilsyn skal ein ikkje slåst mot, sjølv om alle ser at datoen er 7.april, altså ikkje varmare  enn vi toler, korkje ute eller inne.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.