Vinterkarusell Hareid: Bjørn Arve og Eldar Sindre var der
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Des 2025

Arkivfoto
Andre løpet i vinterkarusellen til Hareid IL – Rundt Grimstadvatnet – vart arrangert laurdag 6.desember
57 deltakarar fullførte andre løpet i vinterkarusellen på Hareid, mot 87 i november-løpet. Løypa er 7650 meter lang med 43 høgdemeter stigning, som vil seie ei relativ flat løype. Frå Velledalen IL deltok dei to superveteranane, Bjørn Arve Brune og Eldar Sindre Valkvæ. Det gjekk slik:
M 60-64:
- Bjørn Arve Brune, Velledalen IL, 34.09
M 65-69:
- Sverre Skeide, Noteam, 33.28
- Eldar Sindre Valkvæ, Velledalen IL, 34.01
- Odd Elvanes, Hareid IL, 34.56
- Arnt Jarle Johansen, Dimna IL, 37.39
Beste kvinne i løpet: Birgitte Kvalsvik, Bergsøy IL, 31.03
Beste herre: Peter Vattøy Nygjerde, Hareidlandet Triatlon, 27.32.
STRAVA-KOMMENTAR, ELDAR SINDRE VALKVÆ: Grimstadvatnet Rundt, løp 2.
- Terskeløkt. Kjøleg, rim og litt glatte parti.
STRAVA-KOMMENTAR, BJØRN ARVE BRUNE: Grimstadvatnet Rundt
- Sosial løpsøkt på planlagt fart. Stort sett med Asle og Eldar. Sverre såg vi berre blårøyken etter. Tungt etter lite løping siste tida, og valgte køyre 4.30 rundar utan å auke farta siste halvdel slik planen var.
NB! Sundag 14.desember vert andre løpet i Ålesund vinterkarusell arrangert med start i Fremmerholen klokka 13.00. Valfri distanse, 5 eller 10 km. Påmelding EQ-timing
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025