Full pott for Gyls-bonden – imponerande klubbinnsats
Postet av Atle Jomar Hole den 10. Mar 2024
Her kjem ei oppsummering av Ålesund Vinterkarusell 2023/2024.
Image Caption
- løp: Arrangert 11.november med 88 fullførande deltakarar – 10 frå Velledalen IL
- løp: Arrangert 9 desember med 45 fullførande – 8 frå VIL
- løp: Arrangert 13.januar med 41 fullførande – 6 frå VIL
- løp: Arrangert 10.februar med 25 fullførande – 4 frå VIL
- løp: Arrangert 9.mars med 74 fullførande – 11 frå VIL
I alt 273 fullførande – 39 av desse representerte Velledalen IL – kring 14,3 prosent
Arrangøren hadde lova premie til alle som deltok på minst tre av løpa. Åtte utøvarar frå Velledalen IL gjorde det, og vart premierte med flott kopp i like etter siste løpet
Her er namna på Velledalen IL sine åtte premierte:
5 løp: Svein Arne Nakken.
4 løp: Frode Mauren, Fridtjof Fredriksen og Alf Petter Bøe.
3 løp: Irene Mork, Jone Schmidt Breivik, Stig Marius Vestnes og Andreas Mosby Nakken.
Vidare gir vi honnør for flott innsats under Vinterkarusellen 2023/2024 til:
2 løp: Tom Audun Rossland Knutsen
1 løp: Erika Oginte, May Evy Nesheim, Olga Decyk, Lovise Bøe, Vegard Tandstad, Alastair Brunton, Bjørn Arve Brune og Per Inge Bjørnestad
Av dette vil ein kunne lese at Velledalen IL har hatt med 17 ulike utøvarar under Vinterkarusell 2023/2024.
Under siste løpet fekk Velledalen IL gåve frå arrangøren som beste klubb – ei sak vi kjem tilbake til.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025