Berth David klassevinnar i Birken
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Mar 2024
Berth Wilhelmsen vann i dag klasse M 80-84 under Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer.
Birkebeinerrennet frå Rena til Lillehammer er 54 km langt. Rennet går over tre fjell, med høgste punkt godt over 900 meter over havflata. Berth Wilhelmsen er identisk med mannen som har gått flest Birkebeinerrenn på Sunnmøre. Kring 40 gonger har han teke turen. Det har vorte mange fine plasseringar, men aldri før klassesiger. Merket, som mange siklar etter, har han derimot teke jamt. Berre i debutåret og i 2023 feila han. Men Berth kom sterkt tilbake i 2024, altså med klassesiger i 80-84 år. Berth fyller 80 år komande sommar, og er såleis yngst i klassa som talde tolv påmelde løparar.
Her er dei fem beste i mål:
Birkebeinrrennet 2024, resultat klasse M 80-84:
- Berth Dacid Wilhelmsen, Sykkylven IL, 4.45.44
- Steinar Brekke, Lillehammer, 4.54.48
- Oscar Heyerdal, Heming, 5.17.27
- Viggo Kampli, Røa IL, 5.25.36
- Bjørn Pleym Myhr, Vang Skiløperf, 5.50.30
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025