Fine 2862 grasrotkroner i mars
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Apr 2024
Då er tida koma til å takke Velledalen IL sine grasrotgivarar for mars-pengane. 97 givarar sytte for 2862 kroner i klubbkassa. Og kva går så desse pengane til, vil sikkert nokon spørje. Då kan vi bruke påskeaftan 2024 som eksempel. Då arrangerte Velledalen IL PåskeKonrad for 25 deltakarar + funksjonærar. Gratis deltaking, gratis «frukost» i Nærbutikken etter løpet, premie til borna og nokre uttrekkspremiar. Med andre ord trim og trivsel hand i hand, og fleire kundar innom Nærbutikken før klokka 11.00 enn det nokon gong før har vore.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025