Espen Utgård Sæther: Årets fyrste klubbrekord!
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Apr 2024

I dag, onsdag 17.april, kom sesongens fyrste klubbrekord på løpsfronten. Under Bykarusellen i Bergen, noterte Espen Utgård Sæther sterke 16,01,1 på 5 kilometer. Med den tida vart han nummer to av 92 fullførande på distansen. Her er namna på dei åtte kvassaste:
- Jonas Lillejord, Osterøy IL, 15,50
- Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 16.01 (fire sekund raskare enn Njål sin rekord)
- Arne Kalland -Olsen, EY BIL, 16,07
- Olav Meling Spikkeland, Gular IL, 16,13
- Ken Tony Johansen, Gular IL, 16,19
- Torstein Bolstad Blikra, Gular IL, 16,43
- Andreas Onarheim, Bergen Triathlon, 16,53
- Ulrik Wie-Soltvedt, Lovstafetten Bergen, 17,00
Og vi gratulerer Runa Langdal Grimstad, Laksevåg, med fin ny personleg rekord på 28,40. Her går det unna!
Espen sin Strava-kommentar:
- Pers med 30 sekund! Kjipe 2 sekund bak sub 16, men blei for tungt i motvinden tilbake. Sentrumsløpet nest. Takk til Jonas Lillejord for god pacing.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025