Konradløpet 2024: Mosjonistar i framgang
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Mai 2024
Vi skriv sjeldan om dei, men her kjem ei sak om mosjonistar i framgang
Resultatlister fortel meir enn berre dei turre tal og fakta. Ser ein på Konradløpet sine resultatlister for 2023 og 2024 vil ein mellom anna finne:
- At somme har hatt ein eventyrleg framgang siste året, men dei færraste kjenner til det.
Vi skal kome med nokre få døme. Vi kan starte med Trond Bonesmo. Han greidde 24.06 i 2023. Ei tid han pressa ned til 22.24 i 2024. Framgang på 1.42.
Kris Levi Hansen hadde 24.48 i 2023, som vart til 21.55 i 2024. Nedgang på 2.53.
Eller vi kan nemne Grethe Helen Tynes. 24.54 i 2023, vart pressa ned til 21.51 i 2024. Framgang på 3.03
Når det er snakk om framgang på to til tre minutt på 4,5 kilometer, ja då er det nesten slik at det er snakk om å bli eit nytt menneske.
Er ein komen i 70-åra, er det naturlege tilbakegang i større eller mindre grad kvart år. Det spørst sjølvsagt kva nivå ein ligg på.
Men alt tyder på at eksempelvis «Kvammen-gutane» satsar på same opplegg som slektningen Konrad Brunstad.
Kjetil Kvammen brukte 27.55 i 2023, men var nesten minuttet raskare i år med 27.03
Odd Kvammen brukte 28.20 i fjor. I år var han meir enn minuttet raskare, nemleg 27.15.
Somme er ikkje oppteken av eiga tid under Konradløpa. Men kvart år er det nokon som ikkje har kome på lista - gjerne midt i feltet - som vil vite om vi ikkje kan vere så greie å «trylle fram» tida deira.
Og berre for å slå det fast: Har du framgang på to minutt under Konradløpet frå eit år til eit anna, er det ein mykje sikrare indikator på helsemessig vinst, enn kva Sykkylven Legesenter kan gi deg.
Det treng langt frå vere to minutt heller, men kanskje 1.16 slik Merethe Utgård gjekk fram frå 23 til 24. Velledalen IL veit ikkje kva «Kvammen-gutane» syslar med, men vi kan med STOR tryggleik slå fast at forma deira er betre i 2024 enn i 2023, og at Konradløpet vert brukt som ein sikker og påliteleg fartsmålar. Ein rimeleg helsesjekk, med frukost og Konradfilm inkludert!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

May Evy vann Bergen Fjellmaraton K 50-54
05.06.2025

Fin VIL-tropp også på Beitostølen laurdag
05.06.2025

Løp for psykisk helse 2025
04.06.2025

Dreg seg mot Ålesund Maraton
02.06.2025