Trimbingo: Suksess på Myrdalen

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Jul 2024

 

Vêret vart langt betre enn meldt tidlegare i veka. Og frammøtet svært så bra.

 

Nok ein gong vart eit av Velledalen IL sine lågterskel-mosjonstilbod suksess. Trimbingo er truskuldige saker som fengjer alle aldersgrupper; ja frå born godt under skulealder til pensjonistar.

Som vanleg venta det premiar til alle med 10 rette eller meir oppe på Stølen. Langt dei fleste starta frå Lade, ein tur på drygt fire kilometer, tur/retur. Nokre gjekk frå Hole, i så fall ein tur på over seks kilometer.

    På Myrdalsstølen venta trimgruppa med forfriskingar. På grunn av meteorologane sine feilvarsel vart det litt knapt av ymse slag denne gongen, men vi trur alle fekk litt. I alle fall var det god stemning mellom dei frammøtte, og vi registrerte at mange vann på bingolappane sine.

 

Vi trur det er brei semje mellom folket, både mellom VIL-medlem og andre, at slike arrangement kan gjerne trimgruppa arrangere fleire av i løpet av eit kalenderår. Og denne gongen genererte tilskipinga mange noteringar på trimposten i Holemarka. Vi minner om at det no er knappe tre mnd att av trimpost-sesongen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.