Hilmar gjorde det igjen – best i Nordvest Maraton

Postet av Atle Jomar Hole den 24. Aug 2024

Vart KM-vinnar for Møre og Romsdal med tida 2.56.15 på Hareid i dag

 

Hilmar Kråkenes kjem frå Deknepollen (nær Måløy) i det vi før kalla Sogn og Fjordane, no Vestland. Ein kar vi er svært glade for å ha i Velledalen IL. Ein kar som kjenner sin eigen kropp og form, og ein kar som i 2024 leverer kvar einaste gong. Han gjorde det over 42 195 meter i Ålesund i juni, han gjorde det i Hornindal i juli og han gjorde det på Hareid i august.

 

På Hareid fekk han konkurranse av Karl Idar Vik og Joakim Olsvik i fyrste del av løpet. Men etter 17 km var Hilmar i tet, 18 sekund føre duoen bak. Ved passering halvvegs hadde denne avstanden auka til 1.02 til Vik som låg nærast. Resten av løpet var Hilmar i ei eiga klasse, slik at sigersmarginen til gode Karl Idar Vik, Syvde IL, vart på heile 7 minutt og ni sekund. Nok ein gong leverte Hilmar negativ splitt, som vil seie at han spring raskare andre del av løpet enn fyrste. Denne gongen 1.29.13 på fyrste halvdel,1.27.02 på andre. Slikt osar det kvalitet av!

 

Nordvest Maraton på Hareid talde som KM heilmaraton for Møre og Romsdal. Her vart altså Hilmar totalvinnar med tida 2.56.15, og klassevinnar i M 45-49. Det var svalt på Hareid laurdag, med regn og noko vind i periodar. Altså ikkje optimale forhold. Men det er ikkje godt når det vert 25 plussgrader heller.

 

Dei seks beste uansett klasse, KM heilmaraton Møre og Romsdal 2024:

  1. Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 2.56.15
  2. Karl Idar Vik, Syvde IL, 3.03.24
  3. George Domaille, Wakefield Harriers, 3.06.19
  4. Joakim Olsvik, Ålesund FIK, 3.10.54
  5. Stian Skretting, Hareid,IL, 3.24.08
  6. Emil Olai Hasund, Hareid IL, 3.31.02

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.