Litt om aktivitet komande helg
Postet av Atle Jomar Hole den 29. Aug 2024
VIL-utøvarar i aksjon både i Tromsø og på Oppdal – og truleg andre stadar….?
I Tromsø vert Tromsø Mountain Challenge arrangert. Det høyrest ut som ei kraftprøve. Og er det truleg også sidan Constantin Rust er på startstreken. Det same er Håkon Melseth med far og bestefar og mykje slekt elles i Sykkylven. Håkon er tidlegare Konradløp-vinnar, men kan neppe tøyle den langt yngre Constantin under løpet i Tromsø.
På Oppdal skal tre VIL-utøvarar i aksjon laurdag 31.august. Det er Kjell Magnar Berli, samt tvillingparet May Evy og Ola Aage Nesheim som stiller der. Kjell Magnar skal ut på lengste distansen (42 km), medan May Evy og Ola Aage spring løpet over 22 km. Kjell Magnar stiller i klasse M 30-39, medan tvillingparet er i 40-49. Alle tre har start laurdag morgon mellom klokka 09.00-09.35.
Det er også snakk om at Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen skal i aksjon i eit større hinderløp i Sverige. Vi prøver få med det meste, men det er fort gjort at noko glepp så mange aktive vi no er.
Vi nemner til slutt at Velledalen IL har 17 påmelde under Oslo Maraton. To på heilmaraton, tolv på halvmaraton og tre på 10 km. Men det er ikkje før 21.september. Før den tid vert det ei gedigen stor løpshelg 7. og 8. september. Der vert truleg nær 30 VIL-utøvarar i aksjon.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025