Løpssko frå Løpslabbet Bergen til Erling
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Des 2024
Erling Johannes Tandstad vart vinnar av den gjevaste uttrekks-premien under Velledalen IL sin Idrettsgalla.
Siste veka kom to nye utøvarar seg inn på lista. Det var Ingeborg Skogen som vann o-løp i Notodden og den var Sindre Granberg, som var VIL-debutant på halvmaraton med start frå Moa 29.desember. Dermed kom vi opp i 75 utøvarar som har representert Velledalen IL utanom Sykkylven.
Det var høgtid i selskapslokalet til Odd Fellow i Straumgjerde då bingokinna vart trekt fram. Ein av dei yngste frammøtte fekk æra av å sveive ut den vinnande kula. Han sveiva ut nummer to, og der stod det Erling Johannes Tandstad. For mange truleg ein relativt lite kjend kar. Men han har siste året representert Velledalen IL under det populære hinderløpet på Sula.
Vegen vidare vert som fylgjer: VIL-kasserar Klokk sjekkar om medlemskontingent er betalt. Det må den vere skal premien kunne godskrivast. Så må pappa Jo Andre melde inn storleiken og kva type sko familien kan tenkje seg (til:atlehole@online.no). Dette vert vidareformidla til Espen Utgård Sæther, som vert med på det vidare løpet
Like ved:
Elisabeth Hetlevik (nr 3) og Jo Andre Tandstad (nr 1) var nære på denne gongen.
Av dei som fysisk hadde møtt fram på Idrettsgalla, var Grethe Helen Tynes (nr 5) nærast.
Fridrettsleiar Bøe håper ei liknande trekking kan bli årviss, der betalt medlemskontingent er inngangsbillet, deltaking i sportsleg aktivitet utanom Sykkylven er einaste krav elles.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025