Opningsrenn i Telenor/Fjellsætercup sundag 26.januar

    Postet av Atle Jomar Hole den 17. Jan 2025

     

    Rett skal vere rett; her må takast atterhald om at forholda tillet skirenn.

     

    Vêrgudane er ikkje  nådige mot skifolket. Snøen som lava ned i løpet av to-tre dagar for ei tid sidan, forsvann like fort som den kom. Difor er langrennsleiar i Velledalen IL klokkeklar; han kan ikkje garantere at det let seg gjere å avvikle renn 26.januar

     

    Planen for januar og februar er slik:

    26.januar: 1.renn Telenor/Fjellsætercup – fri teknikk – kl 12.45 – 14.00.

      2.februar: 2.renn Telenor/Fjellsætercup – klassisk – klokka 12.45 -14.00

    16.februar: Barnas Fjellsæterrunde – klassisk - fellesstart klokka 12.30

    22 februar: 3 renn Telenor/Fjellsætercup – fri teknikk – klokka 13.45 -15.00

     

    Spørsmål av ulikt slag kan rettast til herrane Svein Arne Nakken/ Kristian Moe

     

    Vidare vert det skitrening for born frå 4.klasse og oppover kvar torsdag det vert forhold til det.

     

    Vi kjem tilbake med meir stoff kring skitreningane og cuprenna med jamne mellomrom. Mellom alt om premiering, startkontingent med meir.

    Men det viktigaste no ei dryg veke før opningsrennet; Ha utstyret klart og forma på stigande – då kan det ikkje gå gale!

     

    LANGRENNSTRENING / SKILEIK


    Velledalen IL og Sykkylven IL ønskjer å invitere born og unge frå 4. klasse og

    oppover til langrennstrening/skileik, dvs. born fødde 2015 eller før kan delta.

    Det er gratis å delta i dette tilbodet.


    Dette er i utgangspunktet eit lavterskeltilbod for dei som ønskjer å gå meir på

    ski og utvikle skiferdigheitene sine (teknikktrening mm.)


    Treningsstad: Fjellsætra, med oppmøte ved skibua på Fjellsætra skistadion.


    Treningstid: Torsdagar kl. 18.00 med første trening torsdag 16. januar.


    Utstyr: Ski og stavar, og kledd for dagens forhold. NB! Skiene må ha bindingar

    der sko-hælen ikkje er låst til skiene.


    ALLE VEL MØTT


    Kontaktpersonar: Kristian Moe 41627959

    Stian Vikås 91739386

    Øystein Vikingsen Fauske 92461952

    Jens Peter Brunstad 90543474


    Kommentarer

    Logg inn for å skrive en kommentar.