Espen 2.33.39 under maraton-trening i Bergen
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025
I Bergen har løparane eit tilbod som heiter Maratonkarusellen 2025
Og her spring dei langt. Distansane i helga var halvmaraton (ca 21 km), heilmaraton (ca 42 km), 63 km og 100 km. Berre fem løparar fullførte lengste distansen, medan 19 fullførte løpet over 63 km. Espen sprang heilmaraton (37 fullførande), mot heile 216 fullførande på halvmaraton, som synest vere klart den nasjonale einaren for tida.
Resultat heilmaraton (37 fullførande):
- Jonas Lillejord, Osterøy IL, 2.32.39 (M 23-34)
- Espen Utgård Sæther, Velledalen IL, 2.33.39 (M 23-34)
- Abel Deresu Dufera, Bergen, 2.46.44 (M 40-44)
- Mathias Østbø, BTSI Løpegruppe, 2.50.53 (M 23-34)
- Fredrik Meyer-Lampe, Rådal, 2.51.11 (M 45-49)
- Carl Eilert Macody Lund, Varegg, 2.51.43 (M 35-39)
Som alle skjønar; Espen er i form!
På Strava skriv Espen fylgjande:
- Maratonkarusellen 2.33.39. Progressiv langtur. Auka farta ved kvar vending – 39.52 – 39.19 – 37.45 – 37.07. Tredje raskaste maraton til no. Eitt minutt bak Jonas. Litt vind, elles veldig gode forhold!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025