Andreas sprang Campus-løpet i Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025
Eit løp med støtte til Redd Barna si helsehjelp til born i Gaza.
Løpet var for studentar og lærarar ved NTNU i Ålesund, arrangert laurdag 5.april. Målet med løpet var mellom anna å støtte opp om Redd Barna si helsehjelp til born i Gaza. Ein kunne velje mellom to løyper, 5 eller 21 km, i eit løp som samla kring 85 deltakarar.
Ein kjend kar i Velledalen IL, Andreas Nakken, var mellom deltakarane på den lengste distansen. Etter lang tid med lite trening og få konkurransar, var Gyls-guten klar for ein real form-test. Den stod han med glans etter 1.26.27 i den lengste løypa (ca halvmaraton).
VIL-Nett får meldt at Andreas var godt nøgd med løpet, etter tre rundar i ei ganske tung løype, på ein solfylt dag. Godt jobba, Andreas!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025