Klubbrekord på 10 km av Constantin
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Apr 2025
Jan Ketil Vinnes klassevinnar i M 55-59 i Drammen på tida 36.04.
I går melde vi at Constantin Rust hadde sprunge 10 km i Drammen på tida 31.38, to sekund bak hans eigen klubbrekord på 10 km, sett hausten 2024 i Oslo.
I dag opplever vi at arrangøren i Drammen har endra resultatlista. Frå 31.38 og to sekund bak i går til 31.35 og eitt sekund føre i dag. Dermed kan vi gratulere Constantin Rust med ny klubbrekord for Velledalen IL med eitt sekund. Tid: 31.35
I går søkte vi på resultatlista for løparar frå Velledalen IL. Då kom ikkje Jan Ketil Vinnes opp, sidan han stod registrert som løpar for Ålesund Løpevenner. Men etter den tid har Jan Ketil meldt seg inn i Velledalen IL, og vi er stolte over å ha vinnaren i Drammen i klasse M 55-59 med den sterke tida 36.04
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025