Hugs treningsavtalen med FunkFit!
Postet av Atle Jomar Hole den 21. Jan 2025

Dei dagane vêrgudane slår seg heilt vrange, kan det vere greitt med ei innetrening.
Så langt i 2025 har det vore godt med nedbør. Fyrst lava snøen ned, så kom regnet. Eigentleg altfor mykje av begge deler, slik at vi no igjen står på «bar bakke» i låglandet. I skrivande stund greie forfold mange stadar.
Men av erfaring veit vi dette kan endre seg raskt. På vanskelege dagar med fare for beinbrot og andre utglidingar, kan det vere greitt å vite at du som medlem av Velledalen IL har eit godt tilbod på FunkFit Sykkylven. Både på trening og fysioterapi. Og ikkje minst eit trygt tilbod, uansett kva alder du er i. Nytt deg av tilbodet!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole
Konrad Extrem: Såg dagens lys i 2009
07.12.2025
KONRADLØPET: Meir enn springing
05.12.2025
ÅRET 1979: Hesteskokasting og Romjulsmarsj
04.12.2025
Ei tid som var: I dag alpint frå 1981
03.12.2025