I dag får du stoda frå Fet sine to trimpostar
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Apr 2025
Kven går flittigast til trimpostane Høgsætra Fet og skogsvegen Fet..?
Dersom du kan tenkje deg å bli premiert som vinnar av ein trimpost – utan å leggje særkilt mykje tid i «jobben» - er Høgsætra Fet staden. Hittil, etter seks mnd av sesongen, kan posten skilte med fem (!) noteringar (3. april). Dette er heilt klart staden å frekventere fram mot oktober og sesongslutt.
Nils Terje Skylstad toppar posten med to turar.
SKOGSVEGEN FET
Då var det lystigare lesnad i skogsvegen Fet. Til og med ein ungdom på toppen av lista, noko som er sjeldan kost – til og med svært sjeldan!
Topp-5 skogsvegen Fet, fredag 4.april klokka 10.30:
24 turar: Lovise Bøe
10 turar: Inger Anne Brunstad
5 turar: Anne Britt Hammer og Atle Hole
4 turar: Alf Petter Bøe
Skogsvegen Fet er ein 4 poengs tur. Det vert meldt om særs gode forhold på heile strekninga!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Varmt motbakke-NM under Mefjellet Opp
20.07.2025

Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
19.07.2025

Smånytt frå Velledalen IL
15.07.2025

Oppsummering Oslo-Bergen Trail 2025
13.07.2025

Send gjerne ei sommarhelsing!
12.07.2025

NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli
12.07.2025