Allsidig idrettshelg – mange VIL-utøvarar i aksjon
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Apr 2025
Drammen 10 km, Atlanterhavsløpet, NM terrengløp og skirenn i nord, og kanskje meir.
VI STARTAR I NORD:
Njål Torillson Tyssing har meldt at han skal på gutetur til Fauske denne helga. Lite snø på Fauske i Sykkylven, så vi tek det for gitt at det er snakk om Fauske i Nord-Noreg. Og der skal han gå skirenn, utan ambisjonar, har han meldt. Men Njål var ein dyktig langrennsløpar i yngre dagar, så det treng ikkje gå ille i det heile. «Motoren» er i alle fall trimma betre enn hos dei fleste. Kanskje er det fleire sykkylvingar som skal i aksjon for alt det vi veit….?
ATLANTERHAVSLØPET:
Sundag 6.april vert det 10,5 kilometer lange Atlanterhavsløpet avvikla på Nordmøre. Torsdag 3.april fann vi desse VIL-namna mellom over 300 påmelde:
M 45-49: Stian Hole
M 60-64: Bjørn Arve Brune
M 65-69: Eldar Sindre valkvæ
Stranda IL sender Hanna Gjærde i klasse K 23-34.
Vi reknar med at våre vil gjere det godt i sine respektive klasser
NM TERRENGLØP:
Vert arrangert i Oslo denne helga. Ingen representerer Velledalen IL, men vi er litt stolte over å ha sett namnet til dotterdotter av Inger Anna og Einar Magne Fet mellom deltakarane. Ho heiter Maria Fet Støtvig og spring for Sem IF. Ho er 15 år gamal, og spring i Ungdomsmeisterskapet, klasse 15-17 år kvinner. Ho må altså konkurrere mot dei som er to år eldre enn seg sjølv, denne gongen. I klasse M 45-49 finn vi Ebrahim Abdulaziz, Strindheim IL, på deltakaralista. Ibrahim har vunne Konradløpet to gonger, og er innehavar av løyperekorden på fine 13.30. «Sluggeren» frå Eritrea er nok mellom favorittane i klasse M 45-49, sjølv om vi trur Ebrahim hadde sett pris på lenger distanse.
DRAMMEN 10 KM:
Her skulle vi hatt Constantin Rust, Anders Westrheim og Anders Wigdahl i aksjon. Tre karar som alle sette personlege rekordar på 10 km i 2024-sesongen. Vi har fått stadfesta at Anders Wigdahl ikkje stiller, grunna sjukdom.
Sidan det er tidleg i sesongen reknar vi ikkje med Constantin kjem ned mot Velledalen IL sin klubbrekord på distansen, som han sjølv har frå Oslo 2024 på tida 31.36. Men i eit sterkt felt som i Drammen, vil han få ei sterk tid om han disponerer rett. Det same vil Anders Westrheim kunne klare, ein kar vi tippar er nøgd om han leverer på 35-talet. Han skriv til VIL-Nett:
- Eg har trent godt i vinter og føler meg rask. Men ligger nok ikke an til noe pers. Uansett gøy å få kommet i gang med sesongen.
Dette er det vi veit om fredag ettermiddag. Det kan fort gjort vere fleire som skal i aksjon. Send gjerne nokre ord til nettsida i så fall (atlehole@online.no). Og vi ynskjer masse lukke til, anten ein skal konkurrere eller trene i helga.
Til slutt minner vi om Vårdilten i Ålesund onsdag 9.april. Nesten nøyaktig like langt som Konradløpet og glimrande trening til dette
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

KonradNytt: Kvinne-påmeldinga aukar
10.04.2025

Vert det ny ordførar-rekord i Konradløpet…?
10.04.2025

Vellukka feiring av Brunstadbakken 27.mars
10.04.2025

Lervåg over heile fjøla i skogsvegen Drabløs
07.04.2025

Klubbrekord på 10 km av Constantin
07.04.2025