Constantin to sek bak eigen klubbrekord i Drammen

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Apr 2025

 

Fin prestasjon også av Anders Westrheim – nummer 208 av 1186 i klasse M 23-34.

 

Drammen 10km er rekna som ei rask løype. Det slo ikkje feil denne gongen heller. Totalvinnar vart Soufiyan Bouganter frå Marokko på sterke 28.02. Han kunne Constantin Rust ikkje gjere noko med. Det kunne han heller ikkje med Mathisa Flak, Steinkjer FIK. Han vart beste nordmann på tida 29.42 på 6.plass totalt. Ørstingen Sjur Evebø Haug imponerte med 13.beste tid – 30.39. Men på 43.plass totalt (av fleire tusen) finn vi Constantin Rust, Velledalen IL/SPK Torbjørnkameratane på tida 31.38. To sekund seinare enn han gjorde i Oslo mot slutten av 2024-sesongen. Constantin vart nummer 28 av 1186 deltakarar i klasse M 23-34, og kanskje aller mest gledeleg…- han var raskare på siste 5 km enn på fyrste, og klatra heile tida på resultatlista. Prov på at guten har meir inne!

 

Anders Westrheim, Velledalen IL/Upshit Creek, levert også godt i den fyrste alvorlege testen for sesongen. Han noterte tida 35.53, som heldt til glimrande 208.plass av 1186 deltakarar i klasse M 23-34. Anders gjorde fyrste 5 km på 17.46, den andre på 18.08 – ei svært normal utvikling på ein 10 km.

     Vi nemner også at Tobias Nymo Melseth, Team Esagerato, med bestefar, oldefar og slekt elles i Sykkylven, leverte den fine tida  33.00 – akkurat nummer 100 i M 23-34. Og at Stranda sitt løparunikum, Per Kåre Langlo, leverte 36.28 til 3.plass i klasse M 55-59, ei tid det osar kvaliet av. Frode Fuglehaug frå Ørsta 35.34 kan ein lese på Strava.

 

Strava-kommentar frå Constantin:

  • 31.38 brutto! Hadde ikkje trodd at man var 3 sek unna pers i dag! Låg i 32.00-toget til Buraas til 7 km heilt uanfekta, og fikk tatt meg ut siste 3. Tenkte ikkje tanken på pers før siste kilometeren. Gøy! Adios unreal sko. Påskekonrad next.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.