OCR-EM: Anette nr. 20 i elite damer
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Jun 2025
Konkurransen er beinhard i Oeiras, Portugal, der OCR-EM vert arrangert.
20.plass i elite damer i eit EM er ein solid prestasjon. Når Anette Heimli Jokstad truleg berre er passeleg nøgd med resultatet, må vi ta eit langt skadeavbrot i betraktning. Ho fekk den fatale skaden under eit løp på Bislett i april. Som gjorde at ho ikkje kunne konkurrere i resten av april og mai. Fyrst langt ut i juni var ho tilbake i konkurranse. Sett i det lyset bør ho vere rimeleg nøgd med ein 20.plass. Nivået mellom dei beste er som kjent skyhøgt!
I ein Strava-kommentar skriv Anette på løpsdagen:
- «Short course», 20.plass i elite damer på 42.05
- Jeg visste at løpsformen ikke var på topp, så dette ble et sliteløp. Hadde en kjedelig bom på slutten av «lowrig», samt to «penalty on site»(hvor du ikke mistet bånd), så det kunne gått bedre, men også verre…..Så alt i alt helt OK.
I morgon skal Nikolai i aksjon. Ein Nikolai som også har vore skadeplaga etter ein «opptreden» i Malmø, men han er altså tilbake no. Men truleg utan optimale førebuingar. Sundag skal både Nikolai og Anette i aksjon i lagkonkurransar.
Velledalen IL ynskjer Anette og Nikolai alt godt i resten av EM, i truleg varme Portugal!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Jølster Maraton vert stort
26.06.2025

Støtt Hilmar gjennom kraftprøva Oslo-Bergen
23.06.2025

Nokre Strava-kommentarar frå utøvarane våre
22.06.2025

Stormønstring frå Fyr til fyr
21.06.2025