Malin sette klubbrekord på heilmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jul 2025
Malin Berge sprang i dag Jølster maraton på 3.36.33. Ny klubbrekord for Velledalen IL
Dette var årets fjerde klubbrekord i Velledalen IL. Med dette løpet kom Malin inn i det gode selskap saman med Constantin Moses Rust og Espen Utgård Sæther. Her er klubb-rekordane hittil i sesongen:
23.mars; Espen Utgård Sæther halvmaraton på 1.09.16 i Malaga, Spania
5. april: Constantin Moses Rust 10 km landeveg på 31.35 I Drammen
28.juni: Constantin Moses Rust 3000 m baneløp på 8.42 I Oslo (Bislett)
5.juli: Malin Berge heilmaraton på 3.36.33 i Jølster.
Malin opna kontrollert og roleg i maraton-debuten i Jølster. Faktisk hadde ho krefter att mot slutten til å auke farta. Tida 3.36.33 burde vere lett å hugse, og kanskje også lett å slå for Malin. Rapportane frå Jølster seier nemleg at utøvaren har meir inne
Uansett gratulerer til Malin Berge, fyrste kvinne under fire timar på heilmaraton i Velledalen IL!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Finfint av Emma Olin i Lofoten
06.07.2025
Trimgruppa er klar – er du…?
05.07.2025

Resultat og tider frå Jølster
05.07.2025

Constantin råsterk i fjelløp i Hornindal
05.07.2025

Uttrekkspremie til Marianne Fløttum
03.07.2025