Trimgruppa er klar – er du…?
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jul 2025
I morgon, sundag 6.juli, arrangerer trimgruppa i VIL TRIMBINGO gjennom Holemarka til Myrdalsstølen.
Dette er ein overkomeleg tur dei fleste greier ganske så lett. Fyrste kilometeren er relativ flat (om ein går frå Lade), medan det er ein del stigning etter ein har kryssa sætreelva.
Trimgruppa opplyser om at det vert bingolappar å få kjøpt ved «La-fabrikken» frå klokka 14.00, eller ein kan kjøpe slike på Myrdalsstølen. Der vert det også sal av pølse, grillmør, kake og brus. Og der vert servert gratis kokekaffi, som normalt er ved trimgruppa sine utandørs-samkomer. Ein kan handle med Vipps eller kontantar.
Vel møtt til små og store, unge og eldre!
Arr: Velledalen IL
trimgruppa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Atle Jomar Hole

Finfint av Emma Olin i Lofoten
06.07.2025

Resultat og tider frå Jølster
05.07.2025

Constantin råsterk i fjelløp i Hornindal
05.07.2025

Malin sette klubbrekord på heilmaraton
05.07.2025

Uttrekkspremie til Marianne Fløttum
03.07.2025